Høyanger krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Høyanger barneskule og Høyanger ungdomsskule ligg i Høyanger sentrum.
Foto: Foto: Gaute Ljotebø

Høyanger krins er ein skulekrins i Høyanger kommune i Sogn.

Skulehus

Høyanger barneskule

Høyanger barneskule er ein rektangulær arkitektteikna murbygning i to etasjar med kjellar og loft. Vindauga er plassert symetrisk tre og tre i dei to hovudetasjane. Bygget har valmetak med tårn på toppen. Hovudinngangen vender mot nordaust, og har dekor rund innganspartiet. Hjørna på bygget er dekorert med søyler. Skulen er ein del av det opphavlege byregulerte området i Høyanger. Bygget er teikna av arkitekt Klomann, byggmeister var Nordland frå Stavanger og det kosta i si tid 250 000 kr. Høyanger folkeskule vart bygd i 1923 av Kyrkjebø kommune med økonomisk bidrag og arkitektteikningar frå Naco. Bygget har frå 1980-talet og framover vore rehabilitert i fleire omgangar med ulike tiltak. Utvendig er utsjånaden på den opphavlege fasaden oppretthalden. Loftet var opphavleg nytta som leilegheiter.

Høyanger ungdomsskule

Dagens ungdomsskulebygg vart bygd av Kyrkjebø kommune etter arkitektteikningar frå Naco. Det første byggesteg som inkluderte gymnastikksal kom opp i 1932. Bygget vart påbygd etter opphavlege planar i 1947-48, med halvdelen som vender nedover mot idrettsplassen. Bygget har frå 1980-talet og framover vore rehabilitert i fleire omgangar med ulike tiltak. Utvendig er utsjånaden på den opphavlege fasaden oppretthalden.

Skuledagen

Skulevegen

Lærarar

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder


Koordinater: 61.22403° N 6.08418° Ø