Hafslo gamle skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hafslo gamle skule.
Foto: Svein Solheim.
Nedrivinga av Hafslo skule i 2016.
Foto: Svein Solheim.

Hafslo gamle skule var ein skule i bygda Hafslo i Luster kommune. Skulen vart teke i bruk i 1909 og riven sumaren 2016.

Skulehuset

Det var i 1908 at bygginga av eit nytt skulehus i Hafslo starta. Bygget var ferdig fyrst i 1910, men vart teke i bruk allereie i 1909. Materiala til grunnmuren vart frakta frå Langholmen.

Ei større utbygging starta i 1961. Skulen fekk då nye lærarrom, kontor og eigen gymnastikksal med innbygde dusjanlegg og garderobar.

I 1986 fekk Hafslo godkjend etablering og bygging av ein kombinert barne- og ungdomsskule. Det førte med seg stor modernisering og nybygging ved skulen. Skulen skulle ha plass til fleire klasserom, spesialrom for forming og skulekjøken. Talet på lærarar skulle også aukast, som følgje av den vedtekne 1-7-ordninga og seinare også 1-9-ordninga.

Eit nytt skulehus vart ferdig bygd i 2014, og sumaren 2016 vart det gamle skulehuset rive.

Andre bruksområde

Skuletomta til Gamle Hafslo skule har vorte ein del av leikeplassen til det nye skulehuset i Hafslo, som sto ferdig i 2014.

Bildegalleri

Kjelder og litteratur

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder


Koordinater: 61.3145586° N 7.2008159° Ø