Hallingdalselve

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Hallingdalselva)
Hopp til: navigasjon, søk
På dette kartet kan ein følgje Hallingdalselve frå lengst vest i Hol og ned til Krøderen lengst sør i Flå.
Hallingdalselve ved Gol.
Foto: Marthinius Skøien (1880–1910).

Hallingdalselve renn gjennom Hallingdal, og er hovudelva i Hallingdalsvassdraget. Ho er 220 km lang, og har eit nedslagsfelt på 4587 km². Namnet er enkelt nok, det kjem frå dalføret elva renn gjennom. Skrivemåte -elve heng saman med målføret i øvre delen av Hallingdal. Lenger ned langs elva seier dei fleste no -elva. Historisk har ho også blitt kalla Hallingdalsåni og Storåne.

Elva oppstår i Hol kommune der Usteåne frå Ustavatnet møter Holselva frå Holsfjorden. Rett etter utvidar elva seg til Strandafjorden i Ål kommune. Ho renn så vidare mot nordaust til Gol, og svinger så mot søraust gjennom Hallingdal. Sør for Nesbyen utvidar elva seg til Brommafjorden. Elva renn så ut i Krøderen. Nedafor Krøderen kallast elva Snarumselva, som ved Geithus renn saman med Drammenselva. Blant elver som renn inn i Hallingdalselve kan nemnast Votna, Lya, Hemsil, Todøla og Rukkedøla.

Særlig nord for Gol er det sterkt fall, og her finn ein fleire kraftverk.

Litteratur