Halvor J. Sandsdalen
Halvor J. Sandsdalen (fødd 12. januar 1911, død 9. juli 1998) var journalist, forfattar, lyrikar og folkeminnesamlar. Han kom frå Seljord i Telemark.
Historikk
Halvor J. Sandsdalen var gift med Ingebjørg Kasin Sandsdalen og var far til Odd Jan Sandsdalen. Han var utdanna agronom frå Søve Landbruksskule. Frå 1958 til 1969 og i 1988 var han redaktør for bladet Jol i Telemark. Frå 1959 til 1980 var han redaktør i Telemark Tidend, som var Mållaget Dag sine sider i avisa Varden.
Sandsdalen gav ut samlinga "Det syng i skog og li" på eige forlag i 1945, men den egentlige debuten kom i 1946 med diktsamlinga "Mannen og moldi". Det var som lyrikar han var mest kjend, men han gav også ut romaner, skodespel og høyrespel og barnebøker.
Geirr Lystrup spelte inn ein CD med songar av Halvor J. Sandsdalen og Sigmund Groven, kalla "Kom sol på alle mine berg". Fleire av skodespela Sandsdalen skreiv vart framført på Seljordspelet under Dyrsku'n.
Bibliografi
- Sandsdalen, Halvor J.: Det syng i skog og li, 1945.
- Sandsdalen, Halvor J.: Mannen og moldi, 1946.
- Sandsdalen, Halvor J.: Ved Vallarå, 1951.
- Sandsdalen, Halvor J.: Gygra i Skorvefjell, 1952.
- Sandsdalen, Halvor J.: Svarte strender, 1952.
- Sandsdalen, Halvor J.: Du greier deg nok, 1953.
- Sandsdalen, Halvor J.: Silketørkledet, 1955.
- Sandsdalen, Halvor J.: Vesle Kjersti, 1955.
- Sandsdalen, Halvor J.: Lyset frå andre sida, 1956.
- Sandsdalen, Halvor J.: Anne Gonge, 1957.
- Sandsdalen, Halvor J.: Kantate ved Skien by's 600-års jubileum, 1958.
- Sandsdalen, Halvor J.: Kari Sulto, 1958.
- Sandsdalen, Halvor J.: Etter eit menneske, 1960.
- Sandsdalen, Halvor J.: Bogen og fløyta, 1964.
- Sandsdalen, Halvor J.: Under eventyrhatt, 1964.
- Sandsdalen, Halvor J.: Bygdestir bak kvite gardiner, 1965.
- Sandsdalen, Halvor J.: Det store fesjået, 1965.
- Sandsdalen, Halvor J.: Drakevind, 1966.
- Sandsdalen, Halvor J.: Relieff, 1968.
- Sandsdalen, Halvor J.: Ein grøn stein, 1969.
- Sandsdalen, Halvor J.: Ormen i Seljordsvatnet, 1976.
- Sandsdalen, Halvor J.: Strofer frå lirekassa, 1976.
- Sandsdalen, Halvor J.: Lagnaden og lendet, 1977.
- Sandsdalen, Halvor J.: Kom sol på alle mine berg, 1978.
- Sandsdalen, Halvor J.: Det grøne huset, 1979.
- Sandsdalen, Halvor J.: Trolldomar, 1979.
- Sandsdalen, Halvor J.: Ein trekkspelbelg med stjønnur på, 1981.
- Sandsdalen, Halvor J.: Hundre folkeminne frå Seljord. Utg. Seljord kunstforening. 1982. 149 s. ISBN 8299095409. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Sandsdalen, Halvor J.: Trollebotn : ein tur over Seljordshei og gjennom Trollebotn i lag med Seljord målarklubb. Utg. Seljord kunstforening. 1983. 62 s. ISBN: 82-990719-1-7
- Sandsdalen, Halvor J.: Drivarbekkdalen : med Seljord målarklubb på gamle stigar og nye vegar i grenseskilje mellom Øyfjell og Langlim. Utg. Seljord kunstforening. 1984. 46 s.
- Sandsdalen, Halvor J.: Det sprang eit rådyr forbi, 1985.
- Sandsdalen, Halvor J.: Langs Svorteåi : frå Svartdal til Hjartdal. Utg. Seljord kunstforening. 1986. 54 s.
- Sandsdalen, Halvor J.: Eg fann eit vers på vegen, 1987.
- Sandsdalen, Halvor J.: Seljord - frå Kivlemøyane til Brurebergi. Utg. Seljord kunstforening. 1989. 76 s.
- Sandsdalen, Halvor J.: Seljordsormen, 1990.
- Sandsdalen, Halvor J.: Ei skål med måneskin, 1992.
- Sandsdalen, Halvor J.: Seljordshei, 1993.
- Sandsdalen, Halvor J.: Det røter har skrive i mold, 1998.
Kjelder
- Halvor J. Sandsdalen i Historisk befolkningsregister
- Lenke til biografi på Telemarksportalen.