Hans T. Gimnæs
Skipper Hans T. Gimnæs (f. Tingvoll, 4. juli 1877; d. Tustna 2. oktober 1938) var ein jakteskipper og småbrukar på Nordmøre. Han var skipper på jakt «Johanna» av Indresæter i mange år.
Barndom og oppvekst
Hans Thoresen Gimnæs vart fødd onsdag den 4. juli 1877 på Vågbø i Tingvoll prestegjeld av Anne Hansdt. Vaagbø og Tore Olaus Olsen Gimnæs. Til å begynna med vaks han opp hos mor si på Vågbøen, men utover oppveksten budde han mykje hos farsøstra Margrethe Gimnes på Bergsøya.
Nyårsdagen 1890 forliste ein båt på veg til Øre kyrkje. Fem personar bleiv på sjøen — inkludert storebroren Petter Anton Thoresen Gimnes (f. 7. august 1874).[1]
Skipper og los
Hans arbeidde som skipper hos Sivertsen på Vevang ei tid, og han var òg los bl.a. for tyske trålarar. Av skuter han var skipper eller mannskap på veit vi om:
- jagt «Karine»
- 1903 - postkort sendt til Kjelvik i Finmarken
- jagt «Mathilde»
- 1906 - postkort sendt til Gryllefjord
- jagt «Johanna»
- udatert postkort til sonen Ole, truleg før Torvald vart fødd i 1909
- 1910 - 1. desember: skipsliste i folketeljinga 1910 [2]
- jagt «Pilen» (postkort sendt til Honningsvaag, 1912)
Frå kring 1915 arbeidde Hans fast for Gjermund T. Øvrevik, og seinare for sonen Edvard G. Øvrevik, som skipper på jakt Johanna, fram til kring 1937.
Referansar
Sjå òg
|