Hansing
Hansing (jf. å hanse, å gje hans) er den trakteringa førstereisgutar gjev resten av båtlaget når dei er tekne opp i laget. Ordet er avleia av det lågtyske ordet hensen som tyder betale avgift for å bli oppteken i eit laug, og har samanheng med det høgtyske ordet hanse, som kan tyda gruppe, fylgje, eller (handels)selskap.
I eldre dansk språk brukte dei ordet å hønse når den nyopptekne gav pengar eller traktering til dei andre medlemmene i eit laug. Ordet hans eller hansing er bruka om trakteringa ein sjømann gav kameratane fyrste gongen han passerte ekvator. Blant fiskarane, på Lofoten spesielt i tilknyting til feiringa av den store brennevinsdagen, innebar hansinga at skårungen skulle spandere brennevin på dei andre i båtlaget. Tilsvarande skulle første års høvedsmann spandere høvedsmanns hans, og ein som hadde ny båt skulle spandere båthans. Dei som rodde fiske for siste gongen skulle spandere stavhans.
Johan Bojer brukar i Den siste viking omgrepet hamse, hamsing.
Hansing er og forbunden med andre opptaksseremoniar, ofte slik at han som vert oppteken vert audmjuka eller latterleggjort for resten av gruppa.
Kjelder:
- Peder A. Hansteen: «Den store brennevinsdagen 25. mars», Årbok for Helgeland 1984.
- Falk og Torp 1903: Etymologisk ordbog over det norske og det danske sprog Faksimileutg. Bjørn Ringstrøms antikvariat 1992 ISBN 82-90520-16-6
- Hans i nynorskordboka
- Handsing i Norsk historisk leksikon.
Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «hansing» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida. Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon. |