Haugianarbrev

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Avskrift av brev frå Mikkel Nielsen Hauge (bror til Hans Nielsen Hauge) til Guttorm Hoftun o.fl., skrive i Hokksund arresthus 10. juli 1802. Faksimile frå Haugianarbrev på Digitalarkivet.

Haugianarbrev er nemninga på ei samling avskrifter av brev til og frå haugianarar, skrivne i tidsrommet 1760–1842. Avskrivinga og tilrettelegginga vart gjort ved Norsk historisk kjeldeskriftinstitutt (NHKI, nå integrert i Arkivverket), i hovudsak på 1970-talet. Det omfattar 754 enkeltbrev på til saman 1300 maskinskrevne A4-sider. Breva ligg i kronologisk orden. Avsendarar og mottakarar er enkeltpersonar og haugianske «vennesamfunn» frå alle kantar av landet. Samlinga er nå nettilgjengeleg på Digitalarkivet.

Prosjektet

Samlinga utgjer eit manuskript som var planlagt utgjeve i fire band av NHKI. Arbeidet med innsamling, avskriving og tilrettelegging vart overlate til cand. theol. Ingolf Kvamen, som var knytta til NHKI som vitskapleg medarbeidar frå 1943. Han rakk ikkje å utarbeide innleiing, register og opplysningar om proveniens (kvar originalbreva kom frå). Da det ikkje let seg gjere å finne midlar til å fullføre og gje ut verket, vart materialet frå fyrst av tilgjengeleg berre på NHKI/Riksarkivet sin lesesal. I 1989 vedtok Kjeldeskriftfondet å kopiere 20 eksemplar av samlinga til fordeling på universitet og bibliotek. I september 2020 vart samlinga skanna og lagt ut på Digitalarkivet.

Brevsamlinga kan sjåast som ein del av eit samla prosjekt for utgjeving av haugiansk kjeldemateriale, i samarbeid mellom vitskaplege institusjonar og kristelege forlag. Dei andre delane av prosjektet gjeld Hans Nielsen Hauges skrifter (1947–1954) og Brev frå Hans Nielsen Hauge (1971–1976). Opptakten til brevutgjevingsdelen av prosjektet vart gjort i 1924 av professor Oluf Kolsrud. [1]

Innhald og framfinning

Dei 754 breva ligg i kronologisk orden fordelt på fire arkivesker som tilsvarar dei fire banda som bokutgjevinga var planlagt til:

I 1760–1804
II 1805–1821
III 1822–1826
IV 1827–1842.

I eske nummer V ligg eit maskinskrive namneregister ordna alfabetisk etter avsendar av brevet og med tilvising til band, dato og sidetal i bandet. Registeret er utarbeidd på eige initiativ av Per Øverland ved religionsvitskapleg institutt ved Universitetet i Trondheim, datert 2. mai 2001. Øverland har også laga innhaldslister med sidetilvisingar for kvart av dei fire banda. Innhaldslistene er handskrivne, og følgjer rett etter avsendarregisteret i eske V. Dei opplyser om avsendar, mottakar og brevdato. Utferdingsstad er derimot ikkje teke med, men ein heil del stadnamn finst likevel som «adresse» (f. eks. «Til Venner i Øier» o.l.).

Breva er ikkje digitalt søkbare, men namneregisteret og innhaldslistene gjer det etter måten enkelt å finne fram til dei personane ein er interessert i, bestemte tidsrom og til dels også lokalitet som ein måtte vere på leit etter.

Referansar

  1. Brev frå Hans Nielsen Hauge, bd. I s. V. Digital versjonNettbiblioteket

Lenke til brevsamlinga

Kjelder og litteratur for øvrig