Ingolf Kvamen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingolf Kornelius Kvamen.
Foto: Hentet fra Studentene fra 1929 (1954)

Ingolf Kornelius Kvamen (fødd 22. januar 1908, død 3. mai 2000) var teolog, vitskapleg kjeldeutgjevar og nynorskforkjempar. Han var fødd og oppvaksen i Gaular i det som frå 2020 er Sunnfjord kommune. Kvamen er særleg kjend for utgjevingar av større kjeldeutgåver knytta til Hans Nielsen Hauge.

Familie

Ingolf Kvamer var son av bonde Oliver Ingebrigtsson Kvamen (1870-1929) og Elina Mikalsdotter Viken (f. 1879), og vart gift i 1940 med Katrina Håland (1907-2006).

Liv

Ingolf Kvamen tok examen artium i 1929 og teologisk embetseksamen (cand. theol.) i 1936. Han kompletterte universitetsutdanninga med å ta norsk sidefag i 1939 og pedagogikk sidefag i 1941.

Han arbeidde som sekretær i Oslo kristelege landsungdomslag 1937–1938, og var tilsett ved Menighetsfakultetet 1937–1940. Han var timelærar i pedagogikk ved Oslo lærerskole 1940–1942. Frå 1943 vart han så knytta til Norsk Historisk Kjeldeskriftinstitutt som vitskapleg medarbeidar. Der arbeidde han mest med kjeldemateriale knytta til haugianismen. Han fekk ansvar for bd. 6 av Hans Nielsen Hauges skrifter (1953). Den største oppgåva hans vart å gje ut fire band med brev frå Hans Nielsen Hauge si hand. Verket kom ut i åra 1971–1976. Parallelt med og i etterkant av dette arbeidet, heldt Kvamen fram arbeid med å samle inn brev til og frå haugianarar, transkribere tekstene og leggje til rette for utgjeving (sjå artikkel om Haugianarbrev). Samlinga kom ikkje ut som bokverk, men er nå tilgjengeleg på Digitalarkivet.

I 1961 stod Kvamen for den nynorske versjonen av den såkalla ungdomsutgåva av Det nye testamentet. Han stod også for ei rad andre bokomsetjingar til nynorsk. Han gav i 1936 ut skriftet Høgnorsk.

Kvamen var sterkt oppteken av målsaka, og var aktiv organisasjonsmann for det føremålet. Han vart innvald i Norsk Måldyrkingslag i 1952, og har mellom anna vore styremedlem i Aker og Oslo Mållag 1952–1954.

Han er gravlagd på Haslum kirkegård i Bærum.[1]

Referansar

Kjelder og litteratur