Haugvegen (Bø i Telemark)
Haugvegen på Langkåshaugen i Bø i Midt-Telemark kommune går sørover frå Oterholtvegen til Høibøvegen. Han er omlag 280 meter lang og utan fast dekke.
Vegen har namn etter eigedomen Haugen/den tidlegare garden Kamperhaug (gnr. 53/9) og blei namnsett i 1967.
Eigedomar
Nr. | Bilde | Om eigedomen |
---|---|---|
1 | Gnr. 53/115, «Solvoll» Utskilt frå bnr. 41, «Hanto», i 1969. Kjøpt av snikkar Håkon Åsheim som sette opp huset i 1970. | |
3 | Gnr. 53/117, «Landheim» Utskilt frå bnr. 41, «Hanto», i 1968. Kjøpt av Bjarne Olai Grelland som bygde huset same året. Han var forstandar for Pinsemenigheta i Bø. Selde huset i 1977 til Arne Halkinsrud. | |
5 | Gnr. 53/120, «Hagebø» Utskilt frå bnr. 41, «Hanto», i 1968. Kjøpt av Arne Haukås som bygde huset same året. Haukås var organist i Bø frå 1968. Selde huset i 1981 til Per Oddvar Marheim Isaksen, tilsett ved TDH. | |
7 | Gnr. 53/118, «Seltun» Utskilt frå bnr. 41, «Hanto», i 1968. Kjøpt av Per Selseng som bygde same året. Selde huset i 1973 til heradskasserar Ketil Erikstein. | |
8 | Gnr. 53/65, «Vestbø» Utskilt frå Kamperhaug i 1951 og kjøpt av Halvor Skobba. Han sette opp hus her i 1975–76. Skobba dreiv kjøttforretning og slakteri i Bøgata 70 frå 1938 til 1970. | |
9 | Gnr. 53/126, «Bjørnehiet» Utskilt frå bnr. 41, «Hanto», i 1970 og kjøpt av Sven Ove Sebjørnsen som bygde huset i 1971. Sebjørnsen dreiv kafé Frøyatun for Williams A/S. Da han reiste frå Bø, tok dette firmaet over huset, som dei så i 1976 selde til Mari og Gunhild Lie. | |
11 | Gnr. 53/41, «Hanto» Eigedomen er utskild frå bnr. 8, Krosshaugen. | |
– | Gnr. 53/9, Kamperhaug Blei skilt ut ved delinga av prestegarden i 1889. Låvebygning og eldhus på eigedomen. Stugubygningen, nr. 13, på hi sida av vegen med eige bruksnr. 14. Sjå der for meir info. | |
13 | Gnr. 53/14, «Haugen» Salmakar Olav Skjelbreihaugen kjøpte den vesle eigedomen frå Høibø bnr. 4 og sette opp stugubygningen. Etter han, overtok Gunnar Kamperhaug som hadde eigedomen over vegen, Kamperhaug, bnr. 9, og såleis blei Haugen husestad for denne. Gunnar sette opp uthus. | |
15 | Gnr. 53/110, «Vestbø» Utskilt frå bnr. 21, Høibø nordre, i 1965. Heimel, Guro Høibø. | |
16 | Gnr. 53/142, «Venhaug» Utskilt frå bnr. 9 Kamperhaug, i 1979 og gjeven til Liv og Arvid Thors. Dei bygde huset i 1980. | |
17 | Gnr. 53/119, «Solheim» Utskilt frå bnr. 41, «Hanto», i 1967 og kjøpt av Harald Grave. Torleif Grave kjøpte tomta i 1974 og sette opp hus der. | |
18 | Gnr. 53/77, «Løkka» Utskilt frå bnr. 9, Kamperhaug, i 1954 og kjøpt av snikkar Halvor O. Kasin som sette opp hus same året. | |
19 | Gnr. 53/21, Høibø nordre Utskild frå bnr. 4 i 1910. Stugubygningen blei sett opp i 1911. Eivind Eivindsson Høibo budde og hadde verkstaden sin her til han i 1918 tok over Høibø. Nordre Høibø blei så i 1920 overdrege til Guro Høibe. I 1920-åra budde elles Olav E. Høibø her, og heradskasserarkontoret var då på dette Høibø til han flytte til Krosshaugen. |
Kjelder
- Kartverket: norgeskart.no
- Endring av veinavn i Bø og Sauherad. Møte i Fellesnemnda 31. januar 2018 (PDF)
- Henneseid, Stian: Bøsoga II, Gards- og ættesoga band I. Bø kommune 1982
- Arkivverket: Grunnboksblader