Hegge stavkyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Hegge stavkirke»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Hegge stavkyrkje
Hegge kyrkje 2012 d.jpg
Hegge kyrkje.
Foto: Hans P. Hosar (2012).
Stad: Hegge i Øystre Slidre
Byggeår: omkr. 1216
Endringar: Ombygd 1800-talet, restaurert 1924
Kyrkjegard: Ja
Kyrkjesamfunn: Til 1537: Den katolske kyrkja
Frå 1537: Den norske kyrkja
Bispedøme: Hamar
Prestegjeld: Øystre Slidre
Fellesråd: Øystre Slidre
Sokn: Hegge
Teknikk: stavbygg
Materiale: Tømmer

Hegge stavkyrkje er soknekyrkje i Hegge sokn i Østre Slidre kommune i Valdres. Årringsdatering viser at tømmer i kyrkja er felt i 1216, medan første gongen kyrkja er nemnd i skriftlege kjelder er i 1322. Det er i stavkyrkja av borgundtypen. Ho vart kraftig ombygd på 1800-talet, og sjølv etter restaurering i 1924 er det stor skilnad på dagens kyrkje og den opphavelege mellomalderkyrkja.

Datering

Første gongen kyrkje er nemnd i skrift, som nemnd i 1322, var da presten Håvard Bergtorsson ættleia sønane Eirik og Tarald som han hadde med Ragnhild Håkonsdotter. På den tida vart ikkje sølibatet handheva særleg strengt i Noreg, så han kunne trygt gjere det i kyrkja, med to andre prestar som vitne.[1]

Årringsdatering peiker mot 1216, men ein kan aldri vite kor lenge tømmeret låg før det vart bygd med det, eller om det har vore nytta til noko anna først. Stilistisk er det meste av treskurden darert til mellom 1200 og 1250, medan portalen i våpenhuset kan vere noko eldre, frå ei tid før 1200. Truleg er den då frå ei eldre kyrkje, her eller på ein annan stad. Om ein samanheld årringsdatering og stilistisk datering er det rimelig å tru at kyrkja vart reist i åra etter 1216, og ikkje seinare enn 1250.

Ifølgje ein tradisjon sto ho opphaveleg på ein annan stad, og det skal ha vore nytta delar frå to kyrkjer. Det er ikkje klare teikn til at sjølve bygninga er samansett av to eldre kyrkjer, så det nærliggande er å tenke seg at portalen i våpenhuset er flytta dit frå ei anna kyrkja, og at det er dette segnet syner til.

I 1920-åra fann ein ei kristen grav under ein av stavane, som altså må ha vore der før kyrkja vart reist. Det er uklart om dette har samanhang med ei eldre kyrkje eller eit kapell på staden, eller om det berre var ein gravplass.

Arkitektur

Berre delar av stavkonstruksjonen i det heva midtrommet er intakt, og minner om det i Gol stavkyrkje. Deler av den østre omgangen er óg intakt. Koret vart utvida i 1807, og skipet i 1844. Langveggane vart flytta ut til svalgangane, slik at det ikkje lenger er svalgang kring kyrkja. Ved restaureringa i 1924/1925, utarbeidd av Arnstein Arneberg, fekk kyrkja ny grunnmur, og ei rekkje skader vart utbedra. Stavane i midtrommet vart støypt fast i fjell. Våpenhuset og galleriet vart utvida. Vindauga vart forminska, og interiøret vart malt om, slik at kyrkja innvendig minner meir om slik ho må ha sett ut i mellomalderen.

Det er åtte stavar i midtrommet. Dei har sylindriske kapitél med planteornamentikk. Mellomstavane har maskehovud, som fleire tidlegare har tolka som minne frå heidensk tid. Den eine av dei, som har eitt auge lukka, har vorte tolka som Odin. Men dette er det ikkje hald i, maska er heilt innafor den vanlege typen groteske figurar ein finn i kyrkjekunst i mellomalderen. Det er ingen grunn til å tru at heidensk kunst fann vegen inn i kyrkja så seint som på 1200-talet, og enda mindre grunn til å tru at biskopen ville ha akseptert noko slikt under kyrkjevigslinga. På ein av stavane er det ei innskrift i runeskrift.

Interiør

Døypefonten i kleberstein er frå mellomalderen, truleg laga i Gudbrandsdalen på 1100-talet. Det er óg eit støypt røkelseskar i messing. Etter reformasjonen nytta man det til å bere glør til omnen, og det gjorde dei heilt til 1950-åra. Preikestolen er frå 1600-talet. Altertavla er laga av Eistein Guttormssøn Kjørn frå Gudbrandsdalen kring 1780. Eit maleri av ofringa av Isak er datert 1643. Det vart funne under golvet i 1920-åra, og heng no på nordsida av koret. Korhimlinga er måla av Ole Hermundsson Berge frå Reinli kring 1800. Smijernslysekrona i skipet er av nyare dato, og er teikna av Arneberg.

Galleri

Referansar

Kjelder og litteratur