Heggebø/Leirvik krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Leirvik, Hyllestad kommune
Foto: Foto: Sigrun Espe/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Heggebø/Leirvik krins i Hyllestad kommune var i 1861 ein del av krins nr 14 med Handal, Ås, Foss, Stigestrand, Leirvik, Indre-Ytre Bø, Løvås, Haukås, Hatleli, Lonebotn, Heggebø, Djupevik, Bråstad, Tveit og Brendesdal. Året etter, i 1862, vart Tveit og Brendsdal delvis lausrive med seks veker heimeundervisning og fire veker i Heggebø. I 1864 vart krinsen delt og det som var igjen i Heggebø krins var Ruskedal, Ytre Bø, Indre Bø, Leirvik, Heggebø og Bråstad.

Handal var eigen krins frå 1864 til 1884 og dekka Handal, Aas, Foss, Løvås, Lien og Loneboten.

I 1884 vart det bygd felles skulehus for Heggebø og Handal og krinsane vart slått saman. Skulehuset vart flytta til Leirvik i 1909, og krinsen vart etter kvart heitande Leirvik krins.

I 1990 dekka Leirvik krins Brendsdal, Handal, Foss, Indrefjord og Sågnes og hadde skulehus i Leirvik.

Skulehus

Heggebø skule

  • Byggeår: 1884/85
  • Fungerte som skule: 1885-
  • Anna bruksområde: Flytta skulehuset til Leirvik i 1907.

Leirvik skule

  • Byggeår: 1958-60
  • Fungerte som skule: 1960-2002
  • Anna bruksområde: Asylmottak (frå 2015)

Skuledagen

Einar Wolff og Asbjørn Wolff hadde i 1947/48 som arbeid å fyre opp i klasserommet om morgonen ein time før skulen begynte. Vi gjekk kvar vår morgon for å fyre. Når skulen var slutt sette vi vatn på koking i kjellaren, gjekk heim og åt middag for å komme att å vaska. I byrjinga hadde ikkje dei vaksne trua på at vi gutane skulle klare dette, men på slutten av året fekk vi skryt for godt gjennomført arbeid av krinsformannen.

Skulevegen

Einar Wolff fortel om skulevegen sin under krigen. Tyskarane hadde tatt skulen så vi måtte gå på skule på Heggebøen i bustadhuset til lærar Olav Førsund. Vi måtte gå opp Handalsveien, opp til majorgjerdet og over til Heggebø. Vi fekk ikkje lov til å gå vegen sidan tyskarane hadde bunkers på Øykjeneset. Siste året av krigen fekk vi lov til å gå langs med fjorden under Arefjellet (rundt Øykjeneset) til Heggebø, der vegen gjekk.

Lærarar

Etternamn Fornamn Føydd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Bruknapp Gerd Leirvik skule 1962
Ringstad Anders Andersen Heggebø skule 1885 Stord lærerskole Rektor
Aas Sverre Leirvik skule 1952
Aas Bergljot Leirvik skule 1963
Bernhoft-Osa Th Leirvik skule 1964
Hagevik/Handal Sigrun Leirvik skule 1972 1985
Furre Harald Leirvik skule 1964
Handal Lillian Leirvik skule 1971 1972
Hansen Bjarne Leirvik skule 1966 1972
Kolgrov Solveig Leirvik skule
Moe Jan Kåre Leirvik skule 1985 1987
Sognnes Ingeborg Leirvik skule
Wolff Kari Leirvik skule 1965 1969
Førsund Olav Leirvik skule 1926 1952

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Heim og skule Nr. 3 Oktober 1960
  • Møtebok Heggebø krins 1890-1945, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

Einar Wolff


Koordinater: 61.130320° N 5.353475° Ø