Heistad fabrikker

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Heistad fabrikker, med Brevikbana og sidesporet frå Heistad stasjon.
Bygningane ved Eidangerfjorden.

Heistad fabrikker blei starta i 1936. Fabrikken låg på Heistad ved Eidangerfjorden, Eidanger i noverande Porsgrunn kommune, og dreiv frå byrjinga kandisering og glassering av frukt. Fabrikken var særleg kjend for å produsere «sukat», og selskapet si telegramadresse vart difor «Sukaten».[1]

Historikk

Det var disponent Thorstein Kleive som tok initiativ til å starte verksemda. Ein fekk ta over lokala etter Heistad Trådtrekkeri som hadde gått konkurs allereie før den blei starta. Den nye fabrikken fekk henta frukt og bær frå m.a. Sauherad, og forvella dette til syltetøy og marmelade.

Det fyrste partiet med marmelade vart sendt ut våren 1938. I 1938 vart både fabrikken og eigendomen kjøpt opp av skipsreiar Mathiesen. Etter dette auka produksjonen, og fabrikken vart utvida fleire gonger. i april 1940 hadde fabrikken sin fyrste eksport. Då vart det selt ei heil jernbanevogn med marmelade til Finland. Vogna passerte Kornsjø om morgonen 9. april, og kom vel fram.[2]

I 1941 vart ein ny fem etasjar høg fabrikkbygning reist, med ei grunnflate på 641 m² og eit 350 meter langt sidespor frå Heistad stasjon inn i fabrikklokala.[3] Dette hadde stor trafikk og frakta både råvarer til fabrikken, og ferdige produkt ut til marknadene.

Sal og rekneskap blei skjøtta frå hovudkontoret i Skippergata 17 i Oslo.[4]

I 1950-åra blei Heistad Fabrikker rekna som den tredje største fabrikken på Eidanger. I 1958 var det 120 tilsette ved fabrikken.[5] I 1985 overtok Telemark Industriutvikling A/S aksjemajoriteten i fabrikken. Det blei investert i produktutvikling, og ein tok til å produsere nye varer som tomatpuré, surkål, raudkål, sure agurkar og raudbetar. I tillegg hadde ein fleire typar syltetøy, kompottar, storhushaldningsprodukt og diabetikarprodukt.[6]

1. mars 1988 blei fabrikken nedlagt, og bygningsmassa blei snart jamna med jorda.[7] I dag er det reist bustader på det gamle fabrikkområdet.

Arkiv

Delar av arkivet etter Heistad Fabrikker er ordna ved Telemark Museum. Sjå oppføringarkivportalen.

Kjelder

Referansar

  1. Wiersdalen, 1997, s. 169
  2. Wiersdalen, 1997, s. 170.
  3. Wiersdalen, 1997, s. 171.
  4. Wiersdalen, 1997, s. 172.
  5. Wiersdalen, 1997, s. 173.
  6. Wiersdalen, 1997, s. 174
  7. Wiersdalen, 1997, s. 174


Koordinater: 59.07717° N 9.69602° Ø