Lifjorden krins

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Hellem krins»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kartutsnitt frå Fylkesatlas
Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune/Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Lifjorden krins i Hyllestad kommune vart namnet på den nye krinsen når Hellem krins og Risnes krins vart slått saman i 1888. I 1861 dekka krinsen Risnes, Hovland, Lundeland, Lekva, Hovlandsvåg, Hellem, Rinde og Lireid. I 1974 vart Lifjorden slått saman med Hyllestad og Sørefjord.

Skulehus

Lifjorden skule

Skulehuset i Lifjorden ligg på Lundeland.

Skuledagen

Skulevegen

På Lundeland låg Lifjorden skule omtrent midt i krinsen. Alle elevane gjekk eller sykla til skulen, der var ingen som budde så langt unna at det var naudsynt med skyss. Samanlikna med andre stadar i fylket var nok skulevegen for elevane i Lifjorden rimeleg grei. Alle kunne stort sett gå eller sykle langs fylkesvegen gjennom bygda, unntaket måtte vere elevane frå Hellemsvika. Dei laut først ta seg fram eit godt stykke gjennom ulendt utmark før dei kom til grusa og vedlikehalden veg. For elevane i Lifjorden var det ikkje snakk om å ta over vêrharde høgdedrag eller utsette seg for rasfare, og eg kan ikkje minnast at elevar var borte frå skulen på grunn av at skulevegen var uframkommeleg. Men lat no òg dette vere sagt- å ta seg fram til skulen frå ytterpunkta i krinsen (Risneshaugane og Lireid) kunne vere strevsamt nok for ein sjuåring.

Lærarar

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Risnes Bernt Lifjorden Var lærar i 40 år
Kolgrov Magnus Lifjorden
Hovland Maren Indrebø Lifjorden
Lundeland Bergljot Lifjorden
Heistad Bjørg Inger Lifjorden
Risnes Sverre Lifjorden
Hansen Bjarne Lifjorden
Aas Knut Geir Lifjorden
Holt Andreas Lifjorden
Osa Theodor Bernhoft Lifjorden

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder


Koordinater: 61.16387° N 5.21104° Ø