Henrik Boberg

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Henrik Boberg (fødd 1855 i Berg kommune (no Halden), død 1907 same stad) var lege. Han var son til gardbrukar Ole Lauritz Boberg og Elise Pedersen Bøe og voks opp på Torpum i Berg. Henrik vart i 1897 gift med Andrea Alison Arentz, fødd 1870.

Han vart cand.med. i 1884 og hadde fleire stillingar (og vikarstillingar) kringom i landet, m.a.:

Fiskerilege i Lofoten vinteren 1885,
kommunelege i Seljord 1885–1890,
assistentlege hos dr. Alexander Malthe i Kristiania i 1890,
distriktslege i Gildeskål nokre månader i 1893,
beordra til distriktslege i Rollag i 1901,
assistentlege ved Gaustad asyl nokre månader i 1905

Han var formann i Seljord skiklubb 1885–88. I 1891 hadde han eit studieopphald i utlandet.

Kjelder og litteratur