Henry Harwick

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Henry Harwick.

Henry Harwick (født 1802 i Tysvær, død 1884 i Holley, New York) eller Henrik Hervig var utvandrar. Han var ein av pionerane med sluppen Restauration i 1825.

Liv

Henrik Kristofferson Hervig vart født på garden Hervik i Tysvær, og var son av gardkone Sissel Henriksdotter Dueland (1768-1858) og gardbrukar Kristoffer Kristoffersen Hervik (1752-1828). Han var femtemann i ein syskenflokk på åtte, der to utvandra til USA svært tidleg: Både han og systera Brita Kristoffersdotter, seinare Bertha Nelson (1804-1882) drog med sluppen Restauration i 1825.[1]

Ein gong før dei drog over, vart Henrik kjent med sambygdingen Martha (d. 1868). Det er ikkje klart om dei gifta seg før dei reiste over med Restauration, eller om dei gifta seg når dei vel hadde komi fram.[2] Iallfall kom dei fram til New York i oktober 1825, og busette seg saman med det meste av sluppefolket i Kendall, New York, der Cleng Peerson hadde funni land åt dei. I USA kalte dei seg Henry og Martha Harwick.

Henry og Martha Harwick busette seg på ein gard som låg eit stykke nordaust for sjølve Kendall, og her fekk dei fem born. Dei var mellom dei få blant sluppefolket som ikkje reiste vidare til Fox River-kolonien i LaSalle County, Illinois i 1830-åra, men som vart buande i Kendall resten av livet. Henry Harwick skreiv eitt brev om dette til Wisconsin-avisa Fædrelandet og Emigranten i 1871, der han gjorde lesarane merksame på at sjølv om det berre var få nordmenn att i Kendall, burde denne busettinga ikkje gå i gløymeboka, «for ho er den fyrste busettinga av nordmenn her i Amerika».[3]

Henry Harwick vart buande på garden fram til 1876. Da var både kona og fire av borna døde, og dette året flytta flytta han og dottera Christiana til landsbyen Holley, Orleans County, der dei vart buande resten av livet. Her døydde Henry sommaren 1884. Eit brev frå Anna Danielson frå 1895 fortel at han døydde som ein velståande mann.[4]

Fotnoter

  1. Sjå Dybdal-Holthe, side 106; Anderson, side 101-102.
  2. Anderson omtalar dei som mann og kone i lista på side 92, mens han skriv på side 103 at dei ikkje var gift før dei kom til Kendall, New York.
  3. Sjå Anderson, side 79.
  4. Anderson, side 87.

Litteratur

  • Anderson, Rasmus B.: The first chapter of Norwegian immigration (1821-1840) : with an introduction on the services rendered by the Scandinavians to the world and to America. Utg. R.B. Anderson, Madison, Wisconsin, 1896. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Dybdal-Holthe, Nils: Gard og ætt. Tysvær sokn, band 2 av Tysvær. Utg. Tysvær kommune. 1990. Digital versjonNettbiblioteket.