LaSalle County

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LaSalle County er eit fylke (county) i delstaten Illinois i USA med om lag 108 000 innbyggjarar. LaSalle vart oppretta som fylke i 1836, og fleire område vart frådelt gjennom dei neste sju åra. I 1843 fekk fylket dei grensene det enno har. Fylkessetet (county seat) er Ottawa, som ligg vel 13 mil sørvest for Chicago.

LaSalle County er viktig for soga om norsk utvandring til Nord-Amerika, fordi det var det fyrste området i det amerikanske Midtvesten der norske busetjarar slo seg ned. Cleng Peerson fekk dei fleste av sluppefolket frå Restauration til å slå seg ned her alt i 1833, og seinare kom fleire innvandrarar hit direkte frå Norge. Den norske busetnaden her frå 1830-åra av er ofte omtala som Fox River-settlementet, etter Fox-elva, som renn ut i Illinois-elva ved Ottawa. Mellom dei bygdelaga som fekk norsk busetnad var Miller, Mission og Rutland. Seinare vart LaSalle óg eit mellomstopp for innvandring til nye busetninger i Wisconsin.

LaSalle County hadde i underkant av 18 000 innbyggjarar i 1850, og i 1860 hadde dette vaksi til over 48 000. I byrjinga dominerte amerikanske innflyttarar frå New England, seinare vart tyske og irske innvandrarar viktige. Den norske innvandrargruppa vart aldri like talrik som desse, men er framleis til stades i fylket: i 2010 hadde fem og ein halv prosent av innbyggjarane norsk opphav.

Kjelder