Herdla kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Herdla kirke»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Herdla kyrkje
Herdla kyrkje juli 2015 2.JPG
Foto:
Foto: Helge Asperheim (2015)
Stad: Herdla, Askøy kommune
Byggeår: 1863
Endringar: Restaurert 1910, 1935 og 1950
Arkitekt: Halvorsen, Ole (1950)
Teknikk: Mur
Materiale: Stein

Herdla kyrkje er ei kyrkje som ligg på øya Herdla i Askøy kommune. Eit brev frå pave Eugenius III i 1146 nemner St. Nikolaus- kyrkja på Herdla. Kyrkja var vigd til helgena St. Nikolaus av Myra, han som verna sjømennene. Det latinske namnet på kyrkja var "Ecclesiam sancti Nicholai de Hardla". Kyrkja hadde likskapar med kyrkjene på Moster og øya Kinn, steinkyrkjer utan tårn.

Kyrkja høyrde inn under Munkeliv kloster i Bergen. Klosteret vart grunnlagt av kong Øystein I Magnusson kring 1110. Kyrkja kan skriva seg frå denne tida. Kring 1190 var kyrkja under Kristkyrkja i Bergen, og i 1308 var Herdla kyrkje eitt av dei 14 kongelege kapella under Apostelkyrkja i Bergen.

Herdla kyrkje var frå starten av ei steinkyrkje i enkel romansk stil, men ho vart seinare bygd om i gotisk stil med spissbogar.

Etter stormskade vart kyrkja riven i 1861, og ei større kyrkje vart reist i 1863. Denne kyrkja brann i 1934. Etter atterreisinga vart kyrkja kalla "Øygardskatedralen". Kyrkja var kyrkje for det meste av gamle Herdla herad. Heradet omfatta mellom anna delar av noverande Øygarden, Askøy og Meland kommunar. I desse kommunane kjenner mange folk nær tilknytting til Herdla kyrkje.

Under den andre verdskrigen fekk kyrkja store skadar. Tyskarane sprengde tårnet og nytta kyrkja til ammunisjonslager og hestestall. Under golvet vart det grave nedgang til eit tunnelanlegg som gjekk tvers over øya. Mellom anna under store delar av gravplassen. I okkupasjonstida var det flyplass på Herdla. Tyskarane var redde for at kyrkjetårnet kunne fungera som landemerke for bombefly som kom frå Storbritannia.

Ei ny kyrkje stod ferdig i 1951. Kyrkja fekk eit lågare tårn enn før, på grunn av planar om å gjera Herdla til hovudflyplass for Bergen. I staden vart Bergen lufthamn, Flesland hovudflyplass frå 1955. Kyrkja fekk attreist sitt opphavlege tårn i mai 2008.

Kyrkja har eit votivskip frå 2015, sjå Kirkeskip (Votivskip) Herdla kirke.

Segn om Herdla kyrkje

Segn, etter Anton Kaarbø, 1912

Det var ein gong at ein mann skulde ro fraa Herdla yver Hjeltefjorden og ut til Herdlevær. Daa han kom midt i fjorden, saag han tri kvinnfolk som kom rekande på ein stor planke. Dei ropa til mannen i baaten og sa at dersom han vilde berga dei, so skulde dei setja upp kvar si kyrkja. So tok mannen dei upp i baaten og fekk dei til folk. Desse tri kvendi var systre, og dei sette upp kvar si kyrkja. Og dette var Herdla Moster og Kinn. Alle desse kyrkjone var utan tårn.

Gravlagde på Herdla kyrkjegard

  • Hans Aaberg (1863-1947), lærar, kyrkjesongar og heradskasserar

Litteratur

  • Brekke, Nils Georg (red): Kulturhistorisk vegbok Hordaland, Bergen 1993. ISBN 82-7326-026-7
  • Jensen, Gunnar S.: Herdla kyrkje. Kort historikk, Herdla om lag 1995.

Nettlenker


Creative Commons License Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Herdla kyrkje» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon.

Koordinater: 60.56824° N 4.95053° Ø