Hesteskoen (Bø i Telemark)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Hesteskoen i Breisås bustadområde i Bø i Midt-Telemark kommune går nordover frå Venåsvegen og deler seg i to greiner. Ei går til gangvegen mot Åsenjordet, den andre til Bjørkebakken. Han er om lag 470 meter lang.
Vegen har namn etter forma og blei namnsett i 1975. Busetnaden består av 22 einebustader.
På eigedomen nr. 9 ligg tunet til den tidlegare husmannsplassen Åsen, der nokon av dei gamle husa framleis står. Eigarene har sett opp nytt bustadhus på sida av desse. I 2020 gav kommunen løyve til å rive den gamle bevaringsverdige stugubygningen, og det blei sett opp eit nytt hus som har fått adressa Bjørkebakken 24.
Kjelder
- Kartverket, norgeskart.no