Hjartåbergtunnelen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Som ein kontrast til vegarbeid i 2014 tek me med dette bildet frå vegbygging i Hjartåberget i 1904.

Hjartåbergtunnelen er ein del av rassikringsprosjektet på strekninga mellom Homberset og Geitvika i Volda kommune, Møre og Romsdal. Frå sørenden av Rotset-tunnelen ved Løvikneset køyrer ein om lag 1000 m veg i dagen ved Homberset til nordvestre enden av Hjartåbergtunnelen. Tunnelen er 3495 m lang målt i senterlinja på portalene, profil er T9,5, og den søraustre enden kjem ut like ved Kvennelva / Hjartåelva.

Tunnelen vart driven av Leonard Nilsen & Sønner. Utkøyring av tunnelmasse var det T. Engene og Volda Maskin som utførte. Sjå spesifikasjonar i tabellar lenger ned på sida. Planlagt opning var september 2013. Uforutsette hendingar gjorde at dette vart endra. Det vart ca. 2 mnd. forseinking grunna ras i Selvikberget, og ca. 5 mnd. forseinking på elektroarbeidet i tunnelen, årsak konkurs i elektrofirmaet. Etter raset i Selvikberget vart vegen stengd i ca. 6 veker. Det vart litt endring på veglinje, men vegen måtte likevel skytast hardare inn i fjellet og det vart ei stor steinfylling på utsida. Dette var eit spesielt arbeid, vegen vart midlertidig bygd opp ca. 8 m for å nå opp på fjellhammaren med boreriggen. På ei strekning på ca. 180 m vart ytre vegkant bygt i betong fota på fjell.

Årsettunnelen vart utvida til same standard som Hjartåbergtunnelen og fekk litt endra retning for betre kurvatur. Eksisterande veg mellom Kvennelva / Hjartåelva og Geitvika er opprusta til same standard som resten av Kvivsvegen. Den gamle brua over Aurstadelva vart riva og ny bru med justert retning vart bygd. Geitvikbrua fekk utvida breidd på begge sidar . Det er no ei samanhengande strekning på ca. 36 km frå Volda i Møre og Romsdal til Grodås i Sogn og Fjordane med god stamvegstandard.

Ved Kvennelva er bygt ein romsleg rasteplass med servisebygg for tunneltekniske instalasjonar, og med rom for toalett. På rasteplassen er det fleire bord og utsiktspunkt. Den gamle Hjartå bru var i ei periode utvida for trafikale forhold men er no ført attende til gamal utføring. På gamlevegen nord om elva er det bygt opp eit utsiktspunkt. Den gamle drifteråsa for dyr frå Hjorthaug er og teke vare på. Det er løyst ved veg over tunnelportalen og ei bru over elva rett oppom riksvegen, og med eit sjåverdig rekkverk.

Spesifikasjonar for tunnelen:

Lengd
3 495 m
Profil
T9,5
Tverrsnitt
71,9 m2
Fast volum fjell
267 500 m3
Laus masse - opplest
481 500 m3
Plassert masse på veg, underbygging tunnel
14 680 m3
Lengd borhol på salve
5 m
Lengd (brytning) salve
4,8 m
Ca tal borhol pr salve
150 stk.
Bormeter pr salve
750 m
Ca tal salver
725 stk
Bormeter totalt
550 000 bm
Ca sprengstoff pr salve
850 kg
Ca sprengstoff totalt
620 000 kg
Start tunneldriving
14.7.2011
Gjennomslag
13.9.2012

Andre opplysningar i tabellform.

Masseflytting veg i dagen Homberset-Årset
260 000 m3
Masseflytting veg i dagen Årset-Geitvika
25 800 m3
Forbruk bolt veg i dagen Homberset- Årset
5120 stk
Sprøytebetong Hjartåbergtunnelen
9 570 m3
Areal vannsikring Hjartåbergtunnelen
71 400 m2
Total lengde trekkerør Homberset-Geitvika
96 000 m
Betongrekkverk Homberset-Årset
8 100 m
Stålrekkverk Homberset-Årset
12 200 m
Isnett Selvikberget
12 500 m2


•Planlagt opning september 2013.

•Forseinking skyldt ras i Selvikberget ca. 2 månader.

•Forseinking pga. konkurs elektro mm. ca. 5 månader.

•Hjartåberget opent for trafikk 17. februar 2014.

•Offisiell opning 14.6.2014.

Bilder

Kjelder

Statens vegvesens prosjektkontor på Fyrde ved Svein Skeide, tabeller og punktliste.