Hotel Ravnejuv

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Turistar vitjar Ravnejuvet ei gong på 1880-talet.

Hotel Ravnejuv stod på støylen Hedda i utmarka til Omdal (Midtgarden) i Tokke kommune. Hotellet var i drift frå 1900-1910.

Historikk

Hotellet blei bygd av Olav L. Omdal i 1900.[1] Ravnejuvet hadde vore eit ynda turistmål heilt sidan den gongen turismen for alvor tok til i Øvre Telemark på siste helvta av 1800-talet. Det bratte juvet med den særegne oppdrifta som kunne bringe pengesetlar attende til klippekanten når dei blei kasta utfor stupet fekk omtale i fleire av samtidas reiseskildringar. Når Yngvar Nielsen skreiv si "Rejsehaandbog over Norge" i 1879, bemerka han at sjølv om endestoppet for kanalbåtane ikkje låg attmed nokon landeveg, så anbefala han turistane å ta turen til Dalen, "for derfra at foretage den lønnende Udflugt til Ravnjuvet".[2] Blandt "turistane" som har vitja Ravnejuvet finn me m.a. Oscar II (1873 og 1879), kronprins Carl (1879)[3], prins Eugene (1881)[4], den svenske kronprins Gustav og den franske keisarprinsen Napoleon IV (i 1878)[5] I fylgje Olav Bakken skal prins Oscar visstnok ha vore innom på Hedda då han besøkte plassen, men dette kan ikkje bekreftast frå andre kjelder.[6]

Det populære reisemålet var nok årsaka til at Olav L. Omdal valde å bygge eit hotell på Hedda i 1900. Hedda høyrde til Omdal Midtgarden som Olav eigde, og hotellet blei sett opp berre femten minuttars gange frå Ravnejuvet. Den vanlegaste vegen til hotellet gjekk frå Eidsborg stavkyrkje som låg ein times gange unna.[7] Derifrå kunne ein reise vidare til hotellet på Sandok i Nesland, Vinje, som låg omlag ein times gange lengre ned i dalen.[8]

Dise Turtedalen (fødd 1868) heldt til på Hedda ei stund.[9] Ho var kokkedame, og truleg den som hadde servering på hotellet. Storleiken på tuftene som framleis er synlege på tomta der hotellbygningen stod, vitnar om at hotelldrifta ikkje kan ha vore særleg stor. Forutan rom for servering i fyrste etasje, har det truleg berre vore plass til eit par soverom i andre etasje. I Yngvar Nielsen si «Reisehaandbog over Norge» frå 1907 vert hotellet omtala som ei "Turisthytte" på "Ravnegjuvsæteren" med fem senger.[10]

Hotel Ravnejuv må ha vore lite lønsamt. I 1910 kjøpte Tarjei og Ingebjørg Tjønn bygningen. Den blei plukka den ned stokk for stokk og flytta til Åmot i Vinje. Der blei den bygd på, og fungerte ei stund som bustadhus, hotell og posthus fram til den brann ned i jula 1923.[11]

I fylgje Olav Bakken budde det folk på Hedda fram til 1909. Dette skal ha vore dei tre ugifte syskjena Kari, Tomas og Olav Halvorson Storlid.[12] Det har ikkje vore mogleg å få dette bekrefta frå andre kjelder. Tufta der Hotel Ravnjuv stod, er framleis synlege attmed vegen.

Referansar

  1. Bakken, 1978, s. 358.
  2. Nielsen, 1879, s. 206-207.
  3. Morgenbladet, 23. september 1879, s. 1.
  4. Aftenposten, 9. juli 1881.
  5. Brattekås, 2013, s. 113
  6. Bakken skriv at Oscar II var på besøk i regionen i 1870 og at det i samband med besøket blei oppført ein paviljong nær Ravnejuv. Årstallet for dennne hendinga er mest truleg feil, då andre kjelder peiker mot at Oscar II besøkte staden i 1873 og 1879, og at det mest truleg var ved det siste besøket at paviljongen blei oppført. (Bakken, 1978, s. 358.)
  7. Coll, 1910, s. 325.
  8. Coll, 1910, s. 325.
  9. Bakken, 1978, s. 528.
  10. Nielsen, 1907, s. 39.
  11. Nationen, 24. desember 1923, s. 5.
  12. Bakken, 1978, s. 358.

Kjelder

  • Bakken, Olav, Lårdalsoga, Dalen, 1978. Lenke til digital utgåve hjå Nasjonalbiblioteket.
  • Brattekås, Sigrun Lie, "Napoleon sin hæl", i Telemark Historie 2013: Festkultur og drikkeskikkar i Telemark, Bø, 2013.
  • Coll, A.L., Skien-Telemarkens turistforenings reisehaandbog: Telemarken,Porsgrund: Skien-Telemarkens turistforening, 1910. Lenke til digital utgåve hjå Nasjonalbiblioteket.
  • Morgenbladet, 23. september 1879. Lenke til digital utgåve hjå Nasjonalbiblioteket.
  • Nielsen, Yngvar, Rejsehaandbog over Norge : med 6 Karter, Kristiania, 1879.
  • Nielsen, Yngvar, Reisehaandbog over Norge, Mindre Udg., Christiania, Cammermeyer, 1907. Lenke til digital utgåve hjå Nasjonalbiblioteket.
  • Nationen 24. desember 1923. Lenke til digital utgåve hjå Nasjonalbiblioteket.

Koordinater: 59.4964389° N 7.996125° Ø