Hotell Bondeheimen (Hamar)
Hotell Bondeheimen på Hamar blei skipa då Hamar Mållag i 1919 starta arbeidet opp med å få til ei kaffistove og bondeheim i byen. For å få driftsmedel vart det skipa til eit lottlag. Austmannalaget og fylkeslaget Breidablikk vart raskt med i arbeidet, og da kapitalen på kr. 50 000 var innbetalt i 1921 og L/L Bondeheimen, Hamar, stifta, var desse tre laga dei største lotteigarane.
Husspørsmålet hadde vore den største vansken, men da laga fekk kjøpt bygarden Vangsvegen 33 på Hamar, løyste saka seg. Kaffistova vart opna 17. mai 1922. Bondeheimen vart styrt av eit råd og eit driftsstyre. Føremålet med Bondeheimen var å skaffe eit økonomisk grunnlag for norskdomsarbeid som innbydarlaga sto i brodden for. I åra 1962-1965 gjekk drifta med stort underskot, og i 1966 vart forretningsverksemda innstilt og eigedomen selt i 1967. I 1973 vart lottlaget L/L Bondeheimen, Hamar, oppløyst.
Kjelder og litteratur
- Bondeheimen L/L, Hamar på nettstedet lagsbruk.no, besøkt 10. februar 2019.