Hylland munkelyd

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Hylland munkelyd er eit munkefellesskap på Hylland i Tinn som vart skipa i 1977. Historia går noko lenger attende, til 1967 då broder Robert K. Anderson (1932–2020) slo seg ned som einebuar i ei Moelvenbrakke i Austbygde i Tinn.

Broder Robert, også kjend som «Robert munk», tilhøyrde den strengare greina av cistercienserordenen (OCSO), også kjend som trappistar. Han var i kloster i Massachusetts i USA, men kom til at han hadde eit kall til å leve som einebuar. Oslo katolske bispedømme hadde då John Willem Gran som biskop, og han tilhøyrde også denne greina av cistercienserordenen. Biskopen og ordenen gav dei naudsynte løyva, og einebuaren kunne starte på sitt nye liv. Etter ein tid flytta han nedover mot Tinnsjø - han har budd på Digernes og Kåsi - før han så i 1977 slo seg ned på Hylland.

Han hadde i byrjinga berre si eiga einebuarhytte, men etter kvart kom det fleire til. Ordet «munkelyd» lagde dei sjølv, for å skilje fellesskapet frå eit vanleg kloster. Broder Robert hadde lært seg nynorsk etter at han kom til Noreg, og det var naturleg for han å hente inspirasjon for ordet kyrkjelyd. Pr. 2015 er det tre munkar på Hylland. Dei er fortsatt ein slags einebuarar; etter gammalt mønster lever dei i kvar si enkle hytte med ei felles kyrkje som dei sjølv har bygt. Dei har sine måltid i fellesskap. I kyrkja held dei tidebønane og feirar den heilage messe etter austleg ritus - dei to andre munkane, Serafim og Miikael, er frå Estland. I de første atten åra leigde dei tomta, men i 1995 kjøpte stiftinga Munkelyd Ocisto jorda. Munkane lev eit enkelt liv, der det i tråd med ordenen sine reglar er arbeid og bøn som er det sentrale. Dei snakkar med kvarandre når det trengst, men skal elles helst leve i tystnad. Dei har ikkje innlagd strøm eller vann, og arbeider gjerne mot betaling i matvarene dei treng. Dei kjøper gjerne gårsdagen brød - og tørkar dei så dei held lenger.

Hylland munkelyd er ope for besøkande som vil søkje ro og råd; dei har også ei gjestehytte. Ved porten møter ein helsinga «Fred med deim som tred inn», ei gammal helsing som broder Robert har omsett til nynorsk.

Litteratur