Idar Handagard
Idar Antonius Handagard (fødd 9. august 1874 i Kristiansund, død 11. desember 1959) var dokter og forfattar, ivrig målmann og ein av skiparane av Studentmållaget i Oslo.
Han var son av forlagsbokhandlar Olav Larsson Handagard (1842–1913) og Ingeleiv Eiriksdotter Flatset (1829–1913), og vart gift i 1905 med Sara Thingulstad (1879–1958). I folketeljinga 1875 står faren som omreisande bokhandlar.[1]
Handagard var fødd i Kristiansund og voks opp der og i Bergen. Han tok examen artium i Bergen i 1893 og vart cand.med. i 1905. Han hadde og stor interesse for naturfag og botanikk, og fekk i 1907 Kongens medalje for ei avhandling om norske plantenamn (ikkje trykt). Han gjorde opptaket til Norsk Bokmannslag i 1910 og var formann i fleire år. Saman med kona starta Handagard Norsk Bokhandel, som gav ut dei fleste bøkene hans etterpå.
Handagard praktiserte ikkje som lege, men skreiv om helselære og matstell i blad og tidsskrift. Frå 1932 hadde han statsstipend til vitskapeleg arbeid.
Referansar
- ↑ Idar Handegaard i folketeljinga 1875 for Kristiansund kjøpstad frå Digitalarkivet.
Litteratur og kjelder
- Engen, Arnfinn: Idar Handagard i Norsk biografisk leksikon på snl.no. Hentet 20. februar 2022 fra https://nbl.snl.no/Idar_Handagard
- Bakken, Ove: Idar Handagard - mannen og livsverket han. Utg. Globus-forlaget. Trondheim. 1944. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Idar Handagard i Historisk befolkningsregister.