Inge Eiksund (1921–2022)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Inge Eiksund (fødd 27. august 1921 i Herøy, død 14. mars 2022 i Naustdal) var snikkar og rokkmakar, og seinare menighetssekretær. Han var saman med kona Hanna Eiksund (1911–2016) aktiv i indremisjonsarbeid store delar av livet. Både han og kona vart over 100 år gamle.

Han var son av fiskarbonde Olav Mattias Olson Eiksund (f. 1880) og Sigrud Gulliksdotter Eiksund. Han vart gift med den ti år eldre Hanna f. Nydal fra Naustdal i 1945.[1] Dei busette seg på eit gardsbruk i Naustdal, og fekk tre born.

Han var møbelsnikkar, og i ein annonse frå 1947 kan vi sjå at han óg var rokkmakar.[2] Seinare omtale i avisar syner ein mann som var aktiv både i misjonsarbeidet og i lokalpolitikken som representant for Venstre i Naustdal.[3] Han sat fem periodar i kommunestyret. Han fekk ikkje tatt nokon vanleg utdanning ut over folkeskulen, men brukte brevkurs for å kvalifisera seg, og var ein tid lærar i barneskulen. Ein tid var han tilsett i Det Norske Misjonsselskap som distriktssekretær. I 2011 fekk han Kongens fortjenstmedalje.

Han vart enkemann i 2016, då kona døydde 104 år gamal. Sjølv runda han 100 år i 2021.

Referanser

  1. Lysing i Firda Folkeblad 1945.06.22. 19450622. Digital versjonNettbiblioteket.
  2. Annonse i Firda 1947.12.09. Digital versjonNettbiblioteket.
  3. Sjå avissøk i Nettbiblioteket.

Kjelder og litteratur


Tree.ring.arp.jpg På Lokalhistoriewiki skriver vi artikler om hundreåringer. Vi oppfordrer historielag og enkeltpersoner til å bli med på denne dugnaden. Vi ønsker både bilder og tekst om personene.
Flere artikler og bilder finner du i denne alfabetiske oversikten.