Isflå (Stranda gnr. 98)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Isflå (Stranda gr. 98)»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Isflå
Isflå 2003.jpeg
Garden Isflå ligg til høgre (syd) for Isflåelva og Isflåkoppen
Alt. namn: Hirtsflåen
Sokn: Sunnylven
Fylke: Møre og Romsdal
Kommune: Stranda
Gnr.: 98
Postnummer: 6200

Isflå er matrikkelgard nr. 98 i Stranda kommune. Garden ligg på austre side av Sunnylvsfjorden mellom Smogeli i Fjord kommune i nord, og Stokke i Stranda kommune i sør.

Eigarar

Garden var tidleg på 1600-talet krongods, og gjennom krongodssal kring 1650 og gjennom seinare videresal var garden i 1659 eigd av M. Peder og arvingane etter Ludvig Munthes.

Lensmann Peder Pedersen Langlo vart eigar frå 1720. Etter hans død i 1729 vart garden delt i to like arvepartar. Parten til enkja Birgithe vart i 1765 seld til presten Ebbe Carsten Tønder. Dottera Marie, gift med futen Ole Olsen Alsing[1] arva andre parten. Lensmann Knud Slyngstad kjøpte denne parten i 1791 etter skiftet av fru Alsing. I skiftet etter Knud Slyngstad i 1815, vart dottera Sigrid eigar. Ho vart 1817 gift med Ole Hansen Myklebust, og han selde denne parten til Ole Olson Isflå i 1818. Ole Olson skøytte så i 1837 til sonen Ole Andreas Olson Aasen, og etter sistnemnde sin død i 1855, skøytte enkja denne parten i 1856 til Rasmus Olson Ytre Åkernes og Jacob Jacobsen Indre Åkernes. I 1860 kjøpte så Ole Martinus Olson Aasen tilbake denne parten, som tilsvarte bruk 1. Etter Ole Martinus sin død skøytte døtrene, Gunhild og Ingeborg i 1908 til Tore Ole-Severinson Øye, som også hadde kjøpt bruket deira i Åsen, Kvia.

Det andre bruket vart etter Ebbe Carsten Tønder sin død i 1785 overteke av enkja Susanne og etter skiftet etter henne i 1830, vart bruket kjøpt av Anders Pederson Isflå. Han skøytte så vidare i 1840 til Christian Hagen på Stranda. Tomas Øvstegård kjøpte så dette bruket i 1919 av Christian Hagen, barneborn til den tidlegare eigaren Christian Hagen.

Brukarar

  • 1606-10 Oluf
  • 1611-30 Siffuer
  • 1631-35 Jon Haagenson
  • 1635-ca. 1655 Låg aude, brukt av Ole og Knud Opshaug som hamn/utmarksslått
  • ca. 1655- Knut Sivertson
  • ca. 1690- Peder Knutson
  • 1722-28 Peder Anderson
  • 1731- Peder Arneson
  • 1733-41 Anders Arneson
  • 1741- Vart atter delvis liggjande aude og brukt som hamn/utmarksslått. På denne tida kom der busetnad på Skjeret, så det er naturleg å dele garden i to bruk.


Bruk 1 (Hovudbruket)

  • 1800-26 Ole Olson
  • 1826- Anders Pederson
  • ca. 1830- Peder Olson


Bruk 2 (Skjeret)

  • nemnd 1739 Stener
  • nemnd 1756 Albrigt
  • nemnd 1762 Halvor Rasmussen
  • nemnd 1791 Ingebrigt Olson
  • 1805-26 Knut Haagenson
  • 1826-27 Anders Sivertson

Litteratur

  • Gjerding, Jørgen. Øydebruk i Sunnylven og Geiranger. Utg. Eige forlag. Hellesylt. 1935. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Kjølås, Gerhard: Stranda bygdebok I Gard og Grend, Molde 1954
  • Lillebø, P.A.. Sunnylven og Geiranger. Utg. Stranda sogelag. Stranda. 1993. Digital versjonNettbiblioteket.


Koordinater: 62.210272° N 7.0393967° Ø

  1. Ole Alsing og Osen Jarnverk. Utg. Molde bymuseum. 2018. Digital versjonNettbiblioteket.