Islandsmoen (Sør-Aurdal gnr 48/12)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Islandsmoen)
Hopp til navigering Hopp til søk
Islandsmoen
Alt. namn: Moen
Fyrst nemnd: 1751
Kommune: Sør-Aurdal
Fylke: Oppland
Gnr.: 48
Bnr: 12
Areal: 20 dekar innmark, 500 dekar skog

Islandsmoen er eit gardsbruk på matrikkelgarden Dølve i Sør-Aurdal. Bruket ligg på ei flat slette ved Islandselvi, og fekk opphavleg berre namnet Moen, og i bygda vert den formen framleis nytta.

Første gong bruket er nemnd er i 1751, då Arne Olson Dølve bygsla det bort til husmannen Gunnar Olson Dølve. Han hadde budd på Dølve sidan han gifta seg i 1739, og kan ha vore husmann på denne staden utan at vi veit noko om det frå kjeldene. Arne og Gunnar var forøvrig ikkje i slekt med kvarandra, i kvart fall ikkje i nær slekt.

Sidan 1909 har brukarane på Islandsmoen også hatt jord på Trudvang. På Islandsmoen er det kring 20 dekar dyrka jord, og med Trudvang er det totalt kring 50 dekar. Det ligg også rundt 500 dekar produktiv skog til bruket.

Det gamle tunet sto på søre Moe, der ein no finn Bagn Bygdesamling. Eit nytt tun vart reist lenger opp av Hans Person Tronrud i 1842. Der stoga hans, som var i to høgder, sto, er det i dag eit våningshus frå 1976. Gamlestoga vart i 1940-åra flytta til bygdesamlinga. Låven frå søre Moe vart flytta til det nye tunet, men vart seinare flytta attende til bygdesamlinga. Fleire av husa på bruket vart skadde då tyske fly sleppte bombar i berget ovafor garden i 1940.

Dølve skule står på Islandsmoen sin grunn.

Brukarar

gift 1739 med Ågot Håvardsdotter (d. 1800). Born ein kjenner:
  • Ola Gunnarson (f. 1739). Kan ha vore gift med Guri Olsdotter Søreng frå Søreng.
  • Tora Gunnarsdotter (f. 1744). Gift med Herbrand Tåmåson Steinsetre frå Steinsetereige.
  • Arne Gunnarson (f. 1751). Kan ha vore gift med Guri Hallvorsdotter frå Langedragseige.
gift 1764 med Gunhild Arnesdotter Dølve (1738–1808). Born:
  • Ola Ivarson (f. 1764), neste brukar.
  • Mari Ivarsdotter (1770–1800).
  • Arne Ivarsson (f. 1779). Gift med Anne Olsdotter Velingsrud frå Klauvrud.
gift med Gunhild Larsdotter Lundatn.
gift 1818 med Kari Hansdotter nedre Jukam (f. 1797). Born:
  • Hans Olson (f. 1819). Gift med Kari Knutsdotter Kyrkjebjørgo, til Plassen.
  • Tora Olsdotter (f. 1821).
  • Arne Olson (f. 1823).
  • Arne Olson (f. 1824).
  • Marit Olsdotter (f. 1826).
  • Ola Olson (f. 1829). Til Torpa i 1856.
  • Kristafer Olson (f. 1832).
gift med Gunhild Olsdotter Bagn.
gift med Marit Mikjelsdotter Torsrud frå Nørdre Roo. Paret dro til Amerika.
Gift 1833 med Marit Trondsdotter Bagnsbrøtin (1804–1893). Born:
  • Sesel Hansdotter (f. 1833). Gift med Arne Høljeson Koparvikbrenne.
  • Tøren Hansdotter (f. 1835). Gift med Anders Erikson nørdre Smedsrud.
  • Per Hanson (1837–1837).
  • Trond Hanson (1839–1915), neste brukar.
  • Siri Hansdotter (f. 1841). Gift med Knut Knutson Brubakklykkja på Liffengren.
  • Per Hanson (f. 1845). Gift med Gurine Pålsdotter Milevatnet. Til Klevenville i Wisconsin.
  • Hans Islandsmoen (f. 1859). Gift med Anne Dorthea Olsdotter Tåmåsbrøtin. Smed på Biri. Born:
gift 1866 med Ingebjørg Olsdotter Tamburgarden (1839–1928). Born:
  • Hans Islandsmoen (f. 1867), organist og telefonsentralstyrar Gift med Berte Marie Olsdotter Grøv. Sjå Knattvoll.
  • Martin Trondson Islandsmoen (1869–1918), neste brukar.
  • Ole Islandsmoen (1870–1939), kjøpmann i Sør-Aurdal og handelsreisande.
  • Olaus Islandsmoen (1873–1949). Grunnla Vest-Uppland folkehøgskule, medgrunnleggjar av Hadelandsmuseet og av Bagn Bygdesamling. Forfattar.
  • Kari Islandsmoen (f. 1875). Gift med Ole Andreas Arneson nørdre Øyhus.
  • Tonetta Islandsmoen (f. 1876). Gift med Herman Arneson nørdre Leitet. Tvilling med Marit.
  • Marit Islandsmoen (f. 1876). Gift med Ole Arneson Fønhus. Tvilling med Tonetta. Sjå Liffengren.
  • Sigrid Islandsmoen (1879–1881).
  • Sigurd Islandsmoen (1881–1964), musikar, komponist og folketonesamlar. Gift med Ragna Eker frå Gjøvik. Born:
  • Per Islandsmoen.
  • Randi Islandsmoen.
gift 1901 med Olea Reiersdotter Dølven frå Dølve (1880–1963). Born:
gift med Ingebjørg Kristoffersdotter Lundene, sjå Nørdre Kardatn. Born:

Litteratur og kjelder

  • Gjermundsen, Jon Ola: Gard og bygd i Sør-Aurdal: Bind B Kyrkjebjørgo, Øystre Bagn, Leiskogen, Dølve og Hølera, Sør-Aurdal kommune / Valdres bygdeboks forlag, 1988..
  • Dølven i folketeljinga 1801 for Aurdal prestegjeld frå Digitalarkivet, sjå nr. 25–29.
  • Islandsmoen i folketeljinga 1865 for Sør-Aurdal prestegjeld frå Digitalarkivet.
  • Islandsmoen i folketeljinga 1900 for Sør-Aurdal herred frå Digitalarkivet.
  • Islandsmoen i folketeljinga 1910 for Sør-Aurdal herred frå Digitalarkivet.

Koordinater: 60.7842731° N 9.6007213° Ø