Islandsmoen (Sør-Aurdal gnr 48/12)
Islandsmoen | |
---|---|
Alt. namn: | Moen |
Fyrst nemnd: | 1751 |
Fylke: | Innlandet |
Kommune: | Sør-Aurdal |
Gnr.: | 48 |
Bnr: | 12 |
Areal: | 20 dekar innmark, 500 dekar skog |
Islandsmoen er eit gardsbruk på matrikkelgarden Dølve i Sør-Aurdal. Bruket ligg på ei flat slette ved Islandselvi, og fekk opphavleg berre namnet Moen, og i bygda vert den formen framleis nytta.
Første gong bruket er nemnd er i 1751, då Arne Olson Dølve bygsla det bort til husmannen Gunnar Olson Dølve. Han hadde budd på Dølve sidan han gifta seg i 1739, og kan ha vore husmann på denne staden utan at vi veit noko om det frå kjeldene. Arne og Gunnar var forøvrig ikkje i slekt med kvarandra, i kvart fall ikkje i nær slekt.
Sidan 1909 har brukarane på Islandsmoen også hatt jord på Trudvang. På Islandsmoen er det kring 20 dekar dyrka jord, og med Trudvang er det totalt kring 50 dekar. Det ligg også rundt 500 dekar produktiv skog til bruket.
Det gamle tunet sto på søre Moe, der ein no finn Bagn Bygdesamling. Eit nytt tun vart reist lenger opp av Hans Person Tronrud i 1842. Der stoga hans, som var i to høgder, sto, er det i dag eit våningshus frå 1976. Gamlestoga vart i 1940-åra flytta til bygdesamlinga. Låven frå søre Moe vart flytta til det nye tunet, men vart seinare flytta attende til bygdesamlinga. Fleire av husa på bruket vart skadde då tyske fly sleppte bombar i berget ovafor garden i 1940.
Dølve skule står på Islandsmoen sin grunn.
Brukarar
- Gunnar Olson Dølve, bygslag frå 1751, husmann på Dølve sidan 1739.
- gift 1739 med Ågot Håvardsdotter (d. 1800). Born ein kjenner:
- Ola Gunnarson (f. 1739). Kan ha vore gift med Guri Olsdotter Søreng frå Søreng.
- Tora Gunnarsdotter (f. 1744). Gift med Herbrand Tåmåson Steinsetre frå Steinsetereige.
- Arne Gunnarson (f. 1751). Kan ha vore gift med Guri Hallvorsdotter frå Langedragseige.
- Ivar Olson Moen (1726–1804), fekk i 1766 bruket for 99 rd. frå verbroren Ola Arneson Dølve.
- gift 1764 med Gunhild Arnesdotter Dølve (1738–1808). Born:
- Ola Ivarson (f. 1764), neste brukar.
- Mari Ivarsdotter (1770–1800).
- Arne Ivarsson (f. 1779). Gift med Anne Olsdotter Velingsrud frå Klauvrud.
- Ola Ivarson (f. 1764), kjøpte av far sin i 1802. Arne Olson Dølve var så eigar ei tid, før Ola kjøpte attende i 1809. Seinar til Vilhelmsbrøtin.
- gift med Gunhild Larsdotter Lundatn.
- Ola Arneson Dølvesmoen (1792–1844), kjøpte på odelsrett i 1812 for 900 rd. Son av Arne Olson Dølve.
- gift 1818 med Kari Hansdotter nedre Jukam (f. 1797). Born:
- Ellens Sjugurdson Skaratn, kjøpte bruket kring 1833.
- gift med Gunhild Olsdotter Bagn.
- Ola Olson Hølersetre, kjøpte i 1836.
- gift med Marit Mikjelsdotter Torsrud frå Nørdre Roo. Paret dro til Amerika.
- Hans Person Dølvesdokke (1805–1895), kjøpte i 1841.
- Gift 1833 med Marit Trondsdotter Bagnsbrøtin (1804–1893). Born:
- Sesel Hansdotter (f. 1833). Gift med Arne Høljeson Koparvikbrenne.
- Tøren Hansdotter (f. 1835). Gift med Anders Erikson nørdre Smedsrud.
- Per Hanson (1837–1837).
- Trond Hanson (1839–1915), neste brukar.
- Siri Hansdotter (f. 1841). Gift med Knut Knutson Brubakklykkja på Liffengren.
- Per Hanson (f. 1845). Gift med Gurine Pålsdotter Milevatnet. Til Klevenville i Wisconsin.
- Hans Islandsmoen (f. 1859). Gift med Anne Dorthea Olsdotter Tåmåsbrøtin. Smed på Biri. Born:
- Marit Brekke f. Islandsmoen (1900–1977), lærar. Gift med lærar og ordførar Henrik Eilert Brekke.
- Trond Hanson Islandsmoen (1839—1915), kjøpte frå far sin i 1869 for 100 spd.
- gift 1866 med Ingebjørg Olsdotter Tamburgarden (1839–1928). Born:
- Hans Islandsmoen (f. 1867), organist og telefonsentralstyrar Gift med Berte Marie Olsdotter Grøv. Sjå Knattvoll.
- Martin Trondson Islandsmoen (1869–1918), neste brukar.
- Ole Islandsmoen (1870–1939), kjøpmann i Sør-Aurdal og handelsreisande.
- Olaus Islandsmoen (1873–1949). Grunnla Vest-Uppland folkehøgskule, medgrunnleggjar av Hadelandsmuseet og av Bagn Bygdesamling. Forfattar.
- Kari Islandsmoen (f. 1875). Gift med Ole Andreas Arneson nørdre Øyhus.
- Tonetta Islandsmoen (f. 1876). Gift med Herman Arneson nørdre Leitet. Tvilling med Marit.
- Marit Islandsmoen (f. 1876). Gift med Ole Arneson Fønhus. Tvilling med Tonetta. Sjå Liffengren.
- Sigrid Islandsmoen (1879–1881).
- Sigurd Islandsmoen (1881–1964), musikar, komponist og folketonesamlar. Gift med Ragna Eker frå Gjøvik. Born:
- Per Islandsmoen.
- Randi Islandsmoen.
- Martin Trondson Islandsmoen (1869–1918). Kjøpte av far sin i 1912 for 3000 kroner.
- gift 1901 med Olea Reiersdotter Dølven frå Dølve (1880–1963). Born:
- Trond Martinson Islandsmoen (f. 1902), neste brukar.
- Ingebjørg Islandsmoen (f. 1907), gift med Arne Brænden. Sjå Vollheim.
- Inger Islandsmoen (f. 1910).
- Trond Martinson Islandsmoen (f. 1902). Overtok bruket frå far sin i 1948.
- gift med Ingebjørg Kristoffersdotter Lundene, sjå Nørdre Kardatn. Born:
- Hans Martin Islandsmoen (f. 1950). Neste brukar.
- Hans Martin Islandsmoen (f. 1950). Overtok bruket frå far sin i 1979.
Litteratur og kjelder
- Gjermundsen, Jon Ola. Gard og bygd i Sør-Aurdal. B : Kyrkjebjørgo, Øystre Bagn, Leirskogen, Dølve og Hølera. Utg. Valdres bygdeboks forl.. Leira. 1988. Digital versjon på Nettbiblioteket..
- Dølven i folketeljinga 1801 for Aurdal prestegjeld frå Digitalarkivet, sjå nr. 25–29.
- Islandsmoen i folketeljinga 1865 for Sør-Aurdal prestegjeld frå Digitalarkivet.
- Islandsmoen i folketeljinga 1900 for Sør-Aurdal herred frå Digitalarkivet.
- Islandsmoen i folketeljinga 1910 for Sør-Aurdal herred frå Digitalarkivet.
Koordinater: 60.7842731° N 9.6007213° Ø