Ivar Erling Jensen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ivar Erling Jensen (fødd i Romedal 25. august 1886, død i Skjåk 1975) var styrar for Skjåk Almenning (1913-1933) og heradsskogmeister for Lom og Skjåk (1936-1956). Alt frå han kom til bygda i 1913, sette han seg i spissen for store endringar i Skjåk Almenning, både forstfagleg og driftsmessig. Som reformator var han naturleg nok ikkje ukontroversiell, og dette var bakgrunnen for at han skifta stilling frå ålmenningsstyrar til heradsskogmeister på 1930-talet.

Familie

Han var fødd og oppvaksen i Romedal på Hedmarken. (I somme kjelder er fødestaden sagt å vere Løten). Han var son av Ideus Anton Jenssen (fødd 1853) og Marte Marie Kristiansdotter Hunskjold (fødd 1855). Foreldra var gardbrukarar. Da Ivar Erling vart fødd, åtte og dreiv dei Vestre Ljøstad i Romedal. I 1889 flytta dei til garden Lillevold i same bygda, så Ivar Erling fekk det meste av oppveksten sin der.

I.E. Jensen gifta seg i 1915 med Marit Rudser (1883-1963). Ho var frå Skjåk, dotter til Gregor Johannesen Rudser (Øyberget) (f. 1857) og Marie Sylfestdtr. fødd Synstnes. Gregor Rudser hadde vore den fyrste regulært tilsette oppsynsmannen i ålmenninga og såleis den eine av Jensens to forgjengarar i stillinga.

I 1921 kjøpte Ivar og Marie Jensen bureisingsjord i ålmenninga og bygde opp heimen Furuly i den nye grenda Langskota, der ekteparet vart buande livet ut. Dei fekk fire born (Ingvar f. 1916, Marie f.1921, Gunnar (f. 1924 og Kristiane f. 1925.)

Litteratur og kjelder