Ivar Gundersens veg
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ivar Gundersens veg i Bø i Midt-Telemark kommune går nordover frå Bøgata til Lektorvegen og er 160 meter lang.
Vegen blei namnsett i 1983 og er oppkalt etter Ivar Gundersen Grivi, mest kjend som Ivar Gundersen. Han var skulelærar og klokkar i bygda frå 1869 til 1908 og hadde mange kommunale verv, m.a. varaordførar. Han var gift med Liv Pedersdtr. (f. 1840) frå Bø. I 1885 kjøpte han garden Grivi, gnr. 47/7.
Det ligg tre einebustader til vegen.
Kjelder
- Kartverket: norgeskart.no
- Bøsoga, Gards- og ættesoga band II, ved Stian Henneseid, s. 450. Bø kommune 1982-86.
- Vegnamnnemda, møtereferat 9. mai 1983.