Jønnebergvegen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Jønnebergvegen i Bø i Midt-Telemark kommune går sørover frå Seljordvegen til garden Jønneberg og er 4,1 kilometer lang. I starten går han i jordbrukslandskap ein snau kilometer og sidan gjennom skog i bratt lende.
Vegen blei namnsett i 1996 og har namn etter garden Jønneberg. Garden ligg ved vegs ende opp mot toppen av heidraget, 367 moh., omlag midtvegs mellom Skoe og Uvdal.
Eigedommar
- Nr. 17: Tveitan (gnr. 32/10)
- Nr. 50: Gravjord vestre, Bortistugu (gnr. 33/1)
- Nr. 54 Gravjord, Oppistugu (tidlegare gnr. 33/2, no lagt til gnr. 33/1)
- Nr. 60 Gravjord søndre, Nedistugu (gnr. 33/4)
- Nr. 76 Kåsa (gnr. 33/6)
- Nr. 400 Jønneberg (gnr. 35/1)
Kjelder
- Kartverket: norgeskart.no
- Bøsoga II, Gards- og ættesoga band III ved Stian Henneseid. Bø kommune 1985.