J. & A. Aure Lenestolfabrikk
Hopp til navigering
Hopp til søk
J. & A. Aure Lenestolfabrikk var ei møbelverksemd på Auregarden i Sykkylven. Bedrifta vart starta i 1941 av brørne Jens og Alfred Aure. I 1946 kom også broren Lars med på eigarsida.
J.& A. Aure Lenestolfabrikk var med i den store presentasjonen av det lokale næringslivet i verket Det norske næringsliv i 1953. Der heitte det om verksemda: «Ved verkstedet drives fabrikasjon av stoppede møbler av alle slag. Markedet er hele landet, salg kun til forretninger. Verkstedlokalet har nå en grunnflate på 90 kvadratmeter samt like mye lagerplass. Firmaet beskjeftiger for tiden 6 arbeidere.»
Bedrifta heldt til i kjellarhøgda i stovehuset på Bø-garden på Aure. J. & A. Aure vart avvikla i 1958.
Kjelde
- Høidal, Eldar: Industrisoge for Sykkylven. Sykkylven 1990. Digital versjon på Nettbiblioteket