Jakob Olsson Fadnes
Hopp til navigering
Hopp til søk
Jakob Olsson Fadnes (fødd 4. april 1845 i Evanger, død 18. desember 1910 på Voss) var murar.
Han var son av Ole Jacobson Hauge og Brita Andersdatter f. Hærnes. Jakob gifta seg med Brita (1840-1920), dotter av Lars Johannesson og Kari Magnesdatter Haneviksæter. Dei fekk åtte born, mellom anna Karl (1879-1963). Familien budde fyrst i Evanger (på Fadnes??), men flytta seinare til Voss. Då folketeljinga for 1910 vart oppteken, budde Brita og Jakob saman med Karl og familien hans i huset Nyheim (gnr. 192/21) i Rongve skulekrins aust for Vossevangen.
Jakob Fadnes døydde like etterpå, 65 år gamal.
Kjelder og litteratur
- Jakob Fadnæs i folketelling 1910 for Voss herad fra Digitalarkivet
- Jakob Olsen Fadnæs i Klokkerbok for Voss prestegjeld, Voss sokn 1890-1912 (død) fra Digitalarkivet
- Jakob Olsson Fadnes i Historisk befolkningsregister.
- Geni.com