Jazzklubben fredag den trettande

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Medlemkort for klubben.

Jazzklubben fredag den trettande vart stifta i Volda hausten 1959 med eit interimsstyre med Arild Andersen, Lars Helge Myklebust, Hilde Rønnestad og Bibbi Nes frå Volda og Knut Andreas Foldal og Leif Hogne Rygh frå Ørsta.

Møtelokala var mellom anna i salongen i Samfunnshuset, Blåsalen og Teria i Volda sentrum og forsamlingshuset Høgtun i Vikebygda . Det vart arrangert klubbkveldar eit par gonger i månaden, og klubbmedelemen var i stor grad studentane og skuleelevane i Volda.

Klubben dreiv med mykje anna enn jazzmusikk. Dei viste film, utlånt frå den amerikanske ambassaden og kåseri det det var fortalt om ymse jazzmusikarar og spelt plater med dei, platelotteri og «blindfold»-testar. Faste, akrive musikarar var Alf Jan Berg (Ørsta, trommer), Tor Holm (Ålesund, trommar), Øystein Øye (Volda, bass), Oddbjørn Blindheim (Volda, piano), Leif Hogne Rygh (Ørsta, trompet), Knut Andreas Foldal (Ørsta, altsax/trombone), Arild Andersen (Volda, altsax), Lars Helge Myklebust (Volda, ventilbasun) og Helge Hamsås (Volda, vibrafon).

På eit jazztreff på Høgtun, like før jul 1962, spelte den landskjente saksofonisten Bjørn Johansen (1940-2002) frå Sagene i Oslo med lokalt komp: Oddbjørn Blindheim på piano, Øystein Øye på bass og Alf J. Berg på trommar. Så var det dans, og i etterkant fekk klubben ei rekning på kr. 20 frå Vikebygda misjonsforeining for leige av koppar og «for dei som vart knuste»... Dagbladet meldte at klubben vart "fullstendig beseiret" av spelet, og at det var over 100 som pressa seg inn for å høyre på.

Klubben gjekk inn ved årsskiftet 1965/66.

Kjelder

  • Hefte frå 1986 med ymse historiske kopiar i arkivet til Jazzklubben Volda Ørsta, m.a. avisklipp med oppsummering av klubbhistorie av Leif Hogne Rygh, udatert
  • Dagbladet 24.12.1962 s. 7.