Johan K. Thuland

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Johan K. Thuland
Foto: Ukjent.

Johan Knutsen Thuland (fødd 1862 i Fjaler i Sunnfjord, død?) var lærar, klokkar og norskdomsforkjempar. I ein tjueårsperiode budde og arbeidde han i Skjåk, og er der saman med Hans B. Osnes kjend som den fyrste typiske vestlandslæraren i bygda. Dei stod for venstrepolitikk, målsak, frilynt ungdomsarbeid og fråhald.

Thuland var fødd på garden Tuland i Guddal i det som den gongen var Ytre Holmedal prestegjeld og herad, i dag Fjaler kommune. Foreldra var Knut Hansson frå Tuland og Marta Eriksdotter frå Langeland (fødd 1818). Dei hadde gifta seg i 1841, og var brukarar på Nordre Tuland. Produksjonsoppgåvene i folketelinga 1865 viser at det var eit heller lite gardsbruk, med to kyr. Johan var yngst av i alt ni sysken, men to av dei døydde som spedbarn. I 1865 kan det sjå ut til at alle syskena utanom Johan og ei åtte år gammal syster har flytta heimefrå.

Johan Thuland gifta seg ca. 1888 med Marte Monsdotter (fødd 1859) frå Hyllestad i Sogn. Ved folketeljinga i 1900 har dei tre heimeverande born, fødde i tidsrommet 1889-1894.

Tilløp til borgarleg livsstil i fjellbygda Skjåk ca. 1915? «Frøknene Thuland» spelar krokket med lensmann Hans N. Ødegaard på klokkargarden Øvre Marlo der familien Thuland budde.
Foto: Ukjent.

Å dømme etter fødestaden til dei tre borna, har Thulands budd i Bjørnør i Fosen (1889 og 1891) og i Davik i Nordfjord (1894). Truleg har Johan Thuland hatt lærarpostar på dei stadene.

Lengst tenestetid hadde han i Skjåk 1897-1918, der han var lærar i Marlo skule og kyrkjesongar i Skjåk kyrkje.

I Skjåk gjorde han seg altså gjeldande i politikk, målsak, ungdomsarbeid og anna ideell verksemd. Han var med i styret da Skjåk venstrelag vart skipa på nytt i Skjåk i 1909. Han var fyrste formann og drivande kraft i ungdomslaget Fremad (seinare U.L.Fram) skipa i 1898. Han instruerte skodespel, dyrka songen i laget og heldt stadig foredrag og festtaler. Han blir også gjeven mykje av æra for at laget fekk opp ungdomshuset Solheim i 1903. I ungdomslaget var han parhest med Erik C. Brandser. Dei to skulle seinare bli ideologiske motstandarar, særleg i språkspørsmålet, men også i partipolitikken. Også fråhaldssaka var Thuland engasjert i, men skal ha halde avstand til Godtemplar-losjene i bygda.

Thuland var aktivt med i Skjåk lærarlag som var skipa i 1897. Dette laget tok det fyrste initiativet til språkskiftet til nynorsk i Skjåk, og Thuland var hovudtalsmann i den samanhengen.

Thuland sa opp stillinga si i Skjåk og flytta til Nøtterøy i 1918.

Kjelder og litteratur

  • Fagerheim, Ragnvald og Fagerheim, Magne: Fjaler. Gards- og ættesoge. Bind III. Dale og Guddal sokn. Fjaøer sogelag 2. opplag 1994. Side 383
  • Hosar, Hans P.: Skjåk bygdebok band 3, Skjåk 1998.
  • Johan Knudsen i folketelling 1865 for Ytre Holmedal prestegjeld fra Digitalarkivet.
  • Johan Knutsen Thuland i folketelling 1900 for Skjåk herred fra Digitalarkivet.
  • Johan Knutsen Thuland i folketelling 1910 for Skjåk herred fra Digitalarkivet.
  • U.L.Fram 100 år 1898-1998, jubileumshefte. Utg. av U.L.Fram, Skjåk 1998.

Eksterne lenkjer