Jomfruremma (Vefsn gnr. 123)
Jomfruremma er ein matrikkelgard i Vefsn kommune. Garden var enkesete i Vefsn i meir enn hundre år.
| Jomfruremma | |
|---|---|
| Alt. namn: | Øvre Bådhølen |
| Fyrst nemnd: | 1661 |
| Fylke: | Nordland |
| Kommune: | Vefsn |
| Gnr.: | 123 |
| Areal: | 90 daa innmark, 1160 daa skog |
Namnet Jomfruremma er unikt. Opphavet til namnet er usikkert, ein teori er at det kjem av jomfru som godnemning for huldra.
Garden er rydda på land skild ut frå nabogarden Haukland. Den var mensalgods under Alstahaug prestegjeld.
Garden vart presteenkesete for Vefsn i 1738. Abel Margrethe Spentrup, Inger Evina Bruun og Marie Meyer budde alle her.
Kjelder
- Skorpen, Knut. Vefsn bygdebok. Særbind VIIIc. Utg. Vefsn bygdeboknemnd. 2020. Digital versjon på Nettbiblioteket.
| Artikkelen Jomfruremma (Vefsn gnr. 123) er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland
Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande. |