Jon Kiland (1841–1922)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Jon og Gro Kiland.
Foto: H.R.Norberg, Tvedestrand

Jon K. Kiland (1841-1922) i Kilegrend i Fyresdal var ein stor skogeigar og hadde etter kvart mange eigedomar, mellom anna Uppistog Kiland (gnr. 25/1) og Øvre Væting (gnr. 35/7). Kiland var ordførar i Fyresdal kommune 1902-04.

Slekt og familie

Foreldra var Kjetil Høljeson Fossheim (1797–1867) og Åse Jonsdatter Bø (1805–1881), som kom frå Bø til Uppistog Kiland i 1855. Jon var nummer seks av ni sysken og tok over garden.

Han vart gift med Gro Tjøstolfdotter (f. 1841). Dei fekk åtte born.

Gardbrukar

Eigedomen utbetra han på alle vis til å bli ein god gard. I Kilegrend var det tungvint å få handle, og difor starta han ein landhandel på garden.

I 1885 kjøpte han garden Øvre Væting og flytta opp dit. Der utbetra han husa og jorda mykje, starta og opp her ein landhandel. Han var då ein ser aktiv mann i det kristne arbeidet. Han var initiativtakar til Fyresdal Dampskipsselskap som stod som kjøpar av D/S «Fyresdal» i 1876.

Samfunnsengasjement

Øvre Væting.
Foto: Olav S. Nylid

Han var ein kunnskapsrik og framsynt skogeigar med sterkt engasjement innafor fleire sider av næringslivet. og samfunnet generelt. Han var ordførar i Fyresdal 1902-1904 og medlem av direksjonen for Fellesfløytinga etter omorganiseringa i 1903. Her gjekk han sterkt ut mot byen sine sterke interesser.

Han la ned ein stor innsats for å få bygd ein sidebane frå Tjønnefoss stasjonTreungbanen og opp til Kilegrend. Då ville ein kunne sleppe den vanskelege fløytinga i vassdraget. Traseen vart planlagd, det vart sikra lokal innsats, men Stortinget gjekk ikkje inn for det. I hans tid vart det gamle legdsystemet avløyst, og han gjekk inn for å kjøpe garden Foldsæ i Hauggrend til fattiggard.

Vekking

I 1860-åra var der ei stor vekking i Vrådal. Jon Kiland var på eit stormøte der i 1873 og då vart han omvend. Frå den dagen gjekk han fullt og heilt inn for kristent arbeid. Han hadde eit sterkt ynskje om at andre skulle få del i det nye han opplevde, og når det kom predikantar til Kilegrend, sende han dei mellom anna over til Vik i Birtedalen der kona hans var frå, for å halde møter der. Han var gift med Gro Tjøstovsdtr. Vik (1841-1919).

Jon kosta av eigen pengepung løn til predikantar som kom og heldt møte, og til predikantar som vart sendt ut. Etter den store vekkinga på Vegårdshei i 1880-åra slutta han seg til dei. Det vart bygd bedehus i Kilegrend (Saron), og det vart sagt at Jon Kiland kosta dette åleine, han fekk og bygd bedehus på Veum (Elim) og bedehuset Betel i Folkestadbyen i sentrum.

Kjelder

  • Jon Kiland i Historisk befolkningsregister
  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
  • Veum, Lars: Eit hundreår med skogbruk i Fyresdal. Fyresdal skogeigarlag 1911-2011
  • Veum, Lars: Lars Veum: Kilegrend. Grenda i sør. Kilegrend Grendelag 2011.
  • Ådna, Karsten: Kristenliv i Telemark. Et festskrift ved Skien krets av Norsk Luthersk Misjonssambands 50 års jubileum. A.S. Lunde & Co.s forlag 1955