Kåre Flåskjer

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Kåre Flåskjer (fødd 25. januar 1906 i Vartdal, daud 27. februar 1996 i Sør-Fron) var lærar.

Han var son av gardbruker- og fiskarparet Lars Flåskjær og Johanne f. Roth. Etter Volda lærarskule i 1928 tok han òg Noregs lærarhøgskule. Han arbeidde som lærar ved Sande skule i Sande frå 1930 til 1938, Trondarnes folkehøgskule til 1941, Modalen til 1946 og Sør-Fron frå 1946. Han var fyrst ved Nordre Øverbygda skule, så Harpefoss framhaldsskule og Sør-Fron ungdomsskule som starta opp i 1959. Då han var 67 år vart han pensjonist.

I 1944 gifta han seg med Alfhild Flatekval og fikk ein son og ei dotter. Dottera Sigrun Eng vart stortingsrepresentant.

Kåre Flåskjer var sjølv politikar. Han var med i Sør-Fron kommunestyre, skulestyre og kulturstyre. Før Fron kommune vart skipa, stemde Flåskjer for samanslåing: «Hvis det skal være noen mening i den sammenslutning av kommuner som Schei-komiteen fikk til oppgave å gjennomføre, kan ikke ejg se noen kommuner som passer bedre til sammenslåing enn Sør-Fron og Nord-Fron. [...] Han var overbevist om at også Hernæs ville ha stemt for sammenslutning hvis han hadde levd i dag». Flåskjer var ei drivande kraft i å få reist ei byste av Egil Hernæs på Hundorp.

Flåskjer hadde partiverv og sat i styret for Sør-Fron Folkets Hus, var leiar for Sør-Fron lærarlag og styremedlem i Fron pedagoglag og Sør-Fron mållag. Han var òg songar og organist, mellom anna fungerande organist i Ringebu kyrkje i 1977, og glad i friluft og fiske.

Kilder

  • Kaare Larssen i folketelling 1910 for Vartdal herred fra Digitalarkivet
  • Kaare Larsen Flaaskjær i folketelling 1920 for Vartdal herred fra Digitalarkivet
  • Kåre Flåskjer i Døde 1951 - 2014 fra Digitalarkivet
  • Kåre Flåskjer i Historisk befolkningsregister.
  • Norske skolefolk (1966), bind 2, s. 528
  • «Sør-Fron Folkets Hus skal kjøpe piano», Dagningen 3. januar 1951
  • «Fron pedagoglag skipa laurdag», Dagningen 17. april 1951
  • «Sør-frøningene tviler på nytten av å slå sammen Fronsbygdene», Lillehammer Tilskuer 5. mai 1964
  • «Billedgalleri med interessant skolehistorie på Sør-Fron», Gudbrandsdølen 6. desember 1975
  • «51 lag og organisasjoner på kulturmøte i Sør-Fron», Gudbrandsdølen 27. februar 1976
  • «Stor forsamling møtte til bygdakveld i Fron», Lillehammer Tilskuer 9. juni 1977
  • «Organist i Ringebu slytta no sundag», Gudbrandsdølen 12. oktober 1977
  • «75 år», Gudbrandsdølen 24. januar 1981
  • «80 år», Gudbrandsdølen 25. januar 1986
  • «85 år», Gudbrandsdølen Lillehammer Tilskuer 25. januar 1991
  • «90 år», Gudbrandsdølen Lillehammer Tilskuer 25. januar 1996
  • Minneord, Gudbrandsdølen Lillehammer Tilskuer og Dagningen 12. mars 1996