Karnilshaugen
Karnilshaugen er den største gravhaugen på Vestlandet. Han er på Hauge i Gloppen kommune, og er óg kjent som tinghaugen på Hauge. Det er denne og andre gravhaugar i området som har gjeve namn til garden. Karnilshaugen er datert til yngre jarnalder, det vil seie perioden frå kring 500 til 1050/1100. Haugen er kring 55 meter i diameter, og 7 meter høg. Opphaveleg kan han ha vore kring 10 meter høy.
Sjølv om Karnilshaugen lenge har vore kjent som ein gravhaug, og som tinghaug ettersom det var tingsted der, har det óg vore ein del som meinte at han ikkje var menneskeskapt. I staden kunne det være ein rest etter ei randmorene. Først i 2024 vart det helit sikkert slått fast, gjennom undersøkingar med georadar, at det dreier seg om ein menneskeskapt gravhaug. Det er ikkje utført utgravingar i haugen.
Kjelder og litteratur
- Karnilshaugen på Riksantikvarens nettsted kulturminnesok.no.
- Karnilshaugen på Wikipedia på bokmål og riksmål.
- Nordfjordboka : kulturhistorisk vegvisar. Utg. Nordfjord sogelag. Førde. 2016. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Nå er det bekreftet: – Den største gravhaugen på Vestlandet, Riksantikvaren.