Ketil Haugsand

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ketil Haugsand (fødd 13. juni 1947) er ein cembalist og dirigent frå Straumen i Inderøy kommuneInnherred.

Han tok utdanninga si i Trondheim og Oslo, og etterkvart i Praha og Haarlem. Seinare studerte han med Gustav Leonhardt i Amsterdam og mottok Prix d’Excellence ved konservatoriet der i 1975.

Frå 1974 til 1995 underviste Ketil Haugsand ved Norges Musikkhøgskole i Oslo, og frå hausten 1994 av har han vore professor i cembalo ved Hochschule für Musik i Köln i Tyskland.

Ketil Haugsand har undervist i cembalo ved Ringve International Summer Course dei fleste åra kurset har vorte arrangert.

Som utøvande musikar har Haugsand turnert i Europa, Israel og USA, og han har spela inn mange plater.

Ketil Haugsand er far til Hanne Haugsand.

Diskografi

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!