Innherad

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Innherred»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Avgrensinga av Innherad er ikkje eintydig, og det kan diskuterast kva område som høyrer med. På dette kartet over Steinkjer-distriktet frå før kommunesamanslåingane i 1960-åra visast dei kommunane som fram til 2018 høyrde til Nord-Innherad prosti.

Innherad (nynorsk) eller Innherred (bokmål) (preposisjon: « Innh.») er eit landskap og ein region i Trøndelag fylke.

Avgrensinga av Innherad er ikkje eintydig, og det kan diskuterast kva område som høyrer med. Dei 3 byane i distriktet er Steinkjer, Levanger og Verdalsøra.

Ulike avgrensingar

I det interkommunale samarbeidet Innherred regionråd, som vart oppretta i 2021, deltek kommunane Levanger, Verdal, Inderøy, Steinkjer og Snåsa.

I Den norske kirke er distriktet samla i Stiklestad prosti frå 2019. Dette er ei samanslåing av to prosti: Sør-Innherad (Frosta, Levanger og Verdal) og Nord-Innherad (Inderøy, Verran, Namdalseid, Steinkjer og Snåsa). Verran er sidan 2020 ein del av Steinkjer kommune. Samtidig vart Namdalseid slått saman med Namsos, og orienterer seg no eintydig mot Namdalen.

Johan O. Jensen (1993) skreiv at «spør du hvor Innherred ligger, vil inntrønderne selv ha delte oppfatninger». Han holdt seg «til den administrative inndelingen» og delte det inn slik: Sør-Innherred med avgrensinga Frosta, Levanger og Verdal, og Nord-Innherred med avgrensinga Mosvik, Verran, Inderøy, Steinkjer og Snåsa. Jensen rekna med andre ord ikkje Namdalseid til Innherred.

Stjørdal prosti vart oppretta i 1920, med Stjørdalen, Frosta og Leksvik. Fram til 1920 var altså desse bygdene i ein viss grad rekna til Innherad, ved at dei høyrde til Sør-Innherad prosti.

Annan bruk av namnet

Innherredsferja a/s dreiv ferjetrafikk i området: i Levanger, på Ytterøya og i Mosvik/Framverran. Selskapet vart i 2005 kjøpt av Fosen Trafikklag.

Innherred kystlag held til i området.

Avisa Innherred starta i 2015 som ei samanslåing av Levanger-Avisa (1848), Innherreds Folkeblad (1900) og Verdalingen (1945). Avisa dekker Verdal og Levanger kommunar.

Kjelder