Kilegrend Idrettslag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Kilegrend Idrettslag blei stifta 6. november 1922. Idrettslaget heldt til i Kilegrend i Fyresdal kommune. I 1963 slo laget seg saman med Idrettslaget Fridtjov og Fyresdal Idrettslag og heldt fram som Fyresdal Idrettslag.

Historikk

Idrettslaget blei skipa på skulen i Kilegrend. Der heldt lærar Lotsberg eit foredrag om idrett frå den gamle heidenske tid. Etter kaffen blei det valt styre. Tjostolv Songedal blei valt til formann, Hans Eidskard til nestformann. Arne Strømme blei valt til kassestyrar og Leiv Flatland og Kjetil Sundslid til styremedlemar. Kjetil Sundslid gav laget lov til å halde friidrettsplass ved skulen i Kilegrend. Det blei samstundes bestemt at styret skulle legge fram lover for laget til neste møte som skulle haldast i mai. Desse sa fylgjande:

Lovar for Kilegrends idrottslag

§1 Kilegrends idrotslags formål er å driva fri idrott, fotball og ski og skøiterenn.

§2 I styret skal vera 5 mann som er valgt på den årlege generalforsamlin. Styret vel seg imellom formann, nestformann og kasserar.

§3 Generalforsamling vert å halda kvart aar sist i april. Ekstrageneralforsamling når styret finn det trengst. Generalforsamlingi skall varslast minst fjorten dagar fyreåt.

§4 Laget skall hava minst eit idrætsstemne kvart år.

§5 Alle lagslemer skall visa fin framtreden på idrotsplassen, vis ikkje skal styret taka seg av det. Styret skal sjå etter at denne § vert halden.

§6 Styret skal kvart år taka ut de fotballag som skal sparka mot andre lag.

§7 Fri-idrott må ikkje setjast tilside for fotballen. Formannen skal bestemma kva dei skal trena i.

§8 Forslag um forandring i lovarne må sendast skriftleg til styret; minst ein månad fyr generalforsamlingi, men 2/3 fleirtal krefts forandring.

Arkiv

Det er bevart ein møteprotokoll og rekneskapsbok etter Kilegrend Idrettslag i arkivet til Fyresdal Idrettslag ved Vest-Telemark Museum. Lenke til oppføring på arkivportalen.

Kjelder

  • Skaug, Tore (red.), Heia Førsdal! : Fyresdal-idretten gjennom 100 år, [Fyresdal] : Fyresdal idrettslag, 1998. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.
  • Møteprotokoll for Kilegrend Idrettslag ved Vest-Telemark Museum.