Kjeldearkiv:1886-04-06 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1886-04-06 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 6.4.1886
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 7
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kleiven 6 april 1886.

Kjære Kristian!

Kva du tenkjer um meg no, det tykjes eg mest vita, ret blid er du fulla ikkje og difor lyt eg freiste å få ihop nokre linur åt deg idag. Men du fær ikkje gå med di truen, at det er berre latheit og vørdeslausheit som er skuld i, at eg vart solengje tegjandes, nei, eg har gode grunnar og mindst tri av dei au.

Då eg skreiv åt deg frå hovudstaden fortalde eg vist, trur eg, at me skulde reise derfrå att den 18de, men so fækk Knutson “ansigtsrosen”, so me vart heftande over 1 dag lenger. Frå Hamar fækk me leigt oss skyds med ein “liten” kjøpmann, som hadde ein overlag flink hest, og me kjørde i ny breidslede upetter Mjøsen som tvo storinger; kudsken sat bakpå i fin tullup med finnlabber på beini, men me, arme djevlar, fraus på beini so me måtte springe som for betaling alt som jemnast. Me kom til Lillehammer kl. 10 andre morgonen (laurdag); eg var då meint på, å slå følgje til Gausdal men trudde, at eg skulde hittat ein døl norantil, som kunde kjøre tøiet mit. Nokon Vågevær eller Lomver fans ikkje i heile byen og heller ikkje ventad dei nokon snarleg då føret tok til å bli “spelegt”, men, nett som eg kom ned i garden til Bergseng, stod det ein “Døvring” der med hest og lausslede; han hadde skjydsat ein handelsreisandes til byen dagen førr; no baud han meg og alt mit “habengut” skjyds til Sell for 8 kronor, og den, som slog til, det var eg. So kom eg til, å setja upp Gausdalsturen, skildes med Knutsen og reiste like upp i Ringbu før eg lagde meg. Den 23de um eftan kom eg heim, nett som dei heldt på, å laga seg til å skulde reise imot meg med hest tidlegt um morgon, for å møte meg uti Ringbu eller der umlag.

Det gjorde godt å få koma heim att etter utferdi, heimhugen voks i meg ettersom eg foor uppigjennom og eg kjennde, at det er ei stor vinning for mannen å eiga ein heim ein stad på jordi, sjøl um ein er kjerringlaus og. Heime låg det brev frå deg, skrivet den 7de marts; det hadde voret som snøggast upp i Siljord og so reist forbi meg til Våge medan eg låg i hovudstaden.

Dei fyrste dagarne etter eg kom heim var eg so trøtt og kjeid etter “reisi” (Botnen) at eg orkad ingenting av noko slag; so fekk eg brev frå deg att førre mandag, men so etlad eg meg til, å vente til over neste postdag før eg gav svar, då eg var sikker um å få gefjæset mit etter meg då – skulde det imot all von ikkje koma, so skulde eg no likavel skrive med mondagsposten. Det kom ikkje og eg vart liggjande sjuk, reint rådlaust krimsjuk og eg er enno ikkje nåme nær god att, eg er så klein i halsen, at det er eit basketak kvar gong eg skal svelgja noko og eg går her som ei vridd vaskefille. Igjår kom då mit guddomelege fjæs som “hoslagt følger” men eg likar det ikkje vidar godt, eg tykkjer berre, at eg ser ut, som ei barnejente hjå ein prest, eller noko slikt.

Du fær no ha somange takk for både brevi dine og for bilætet som var overlag “godt truffet”! – Nei, du tarv alder innbilla deg, at eg bli kjeid av at du skriv um “religiøsfilosofiske” saker; nei desse siste åri har eg gått og plågast med tvil i so mange ting og slite so vondt av det, at eg veit kva det vil segja å få skrive eller tala ut um slike ting. Noko av det verste er det, at ein lyt gå bera på det einsleg, so har det no voret med meg; til sume har eg ikkje torst å nemna det fordi, eg var rædd å tende tvilen i dei sjølve, og det skulde ein alder gjera solengje ein sjøl står uklår og i tvil, og sume, som eg kunde venta noko rettleiding av har eg ikkje vilja venda meg åt fordi eg har vidst før, kva svar eg hadde fått: bed, bed og bed! det heile er ei freisting av den vonde! Ei freisting av den vonde! Når mi sjæl ikkje kan finne fred og kvile i dåbs- og nadverdogmurne og i trieinugheitsdogma, når mi fornuft segjer meg, at dette er ikkje sannt so er denne mi fornuft djevelsk! Enn um fornufti er guddomsgneisten i oss, gudsbilætet i oss! Ufuldkomen er ho, men i all evigheit ikkje djevelsk! Nokor onnor “openbaring” enn vor fornuft trur eg ikkje me trøng, og eg trur knapt, at me har fått nokor onnor ogso. Den, som ærleg søkjer sanningi og som let seg leide av si fornuft, sit vit og hjarta, han finner sanningi og han finner Gud, for fornufti er som kompasnåli, ho peikar altid mot sit utspring, sit upphav.

Men, det er greit, har Vorherre gjevet oss vor fornuft på den måten, at me ikkje skulde bruke ho i dei høgste ting, men taka ho fangen “under troens lydighed”[1] – det vil segja: kjørkjedogmurne – da er han ikkje kjærlegare av seg enn me godt kan tru det um han, at han kravde sin eigjen sons blod for vor frelsing – bot og blod som dei heidenske avgudar! – Eg skulde havt hug til, å skrivet meir um desse sakerne når eg hadde voret fullt frisk, men eg sit her snullar so tett i nasen og so sår og truten i halsen at eg på ingen måte er upplagt til det. Men eg vil gjeva deg ei råd: arbeid deg gjenom skjersilden sjøl på eigje hand og gruv ikkje! ein so mergefrisk, grunnærleg natur som du vil på ingen måte frelsas for tvilen ved dei råder, som ein statskjerkje- eller dogmekristen kjem med – dei råder deg til å tru med vold og magt på det, du tvilar um, – å sætja vitet i klave på båsen. På 14 dagar skal eg sende deg Rydbergs bok; der vil du finne rettleiding i mangt endå Rydberg har fleire motsetningar som du truleg vil uppdaga. Seinar skal eg sende deg nokre hefter eg kjøpte i byen av eit svensk månadsskrivt: “Sanningsökaren”, tidsskrivt för förnuftstro och praktisk kristendom[2]; her skal du finne mykje godt og imillom annat ei god utgreiding um natverdslæra. Eg lyt freiste, å få fat i dei ældre årganger av dette skrivtet um det er råd, – det har gått i 9–10 år, men desse 8, 9 hefter eg fekk fatt i var ikkje nokon heil årgang, det er ymse hefter av 2 årgange, men ingor av avhandlingom er elles avbrotet – du skal få dei so i fyrsten av mai.

Eg har enno ikkje voret i Hedalen, men no går eg uppover trast eg bli frisk at; men føret her no er slikt, at det er mest uframkommelegt: det regnar og snjogar iblot til kvar dag og slabbet og lorten gjeng upp i “fui” på ein medels kar. Etter sjølve bygdi er det bert her på Våge, isen er gått sin veg og i førre veka teikna alt til at det skulde vorte somar på eingong; men no denne veka har det voret helder ruskut; me har nått april, ser du, då “det gamle falder” og “det ny får fæste – – i den blir somren til”,[3] men “rabalder” er det både med været og føret og alt er so gråt og slurvut og stygt, at du kan ”ærgre dig en gulsot på halsen”[4].

Enno har eg å kalle ikkje lagt tre i kross sidan eg kom heim att; det einaste eg har gjort er, at eg har bundet inn nokre bøker eg kjøpte i byen og nokre, som låg att halvfæruge i haust: Bokbindingi den må nok vera mit livskall den, trur eg og eg held ikkje umogelegt at eg tek til med bokbinding for alvor når eg leverar garden etter våronni og når du kjem att til hausten (?) kan det gott hende, du treffer meg i bokbindarverkstaden, uppe i kvisten, i djup grubling over kormykje eg kan tene for året med bokbinding. Sikken en grinagtig pebersvend! sigjer du, då.

Enno har eg ikkje fått noko brev frå nokon av dei andre skuleelevar og hellerikkje har eg skrivet noko; men imorgon tek eg åt med å skriva til jentorna – og – senda – por-tr-æt! Jau, det er alvor au, det, eg skriv til Hanna Juberg fyrst for du veit, at eg sette ho høgst av alle; so skriv eg til Herborg Utne – so til Karen Krogsrud og so tilslut til Marie Klovdal. Og so skal eg beda so mjukt og fint um, at dei ein og annan gong i framtidi vil unne meg nokre ord – eg skal altid med slik hugnad gjeva svar – å eg er nok sløg, ser du – og så er det meg so kjært å få halde minnet um vore fælles so lykkelege skuledagar friskt og grønt og minnet um alle dei gutar og jentur eg der lærde kjænne og lærde halde av som venner! Det bli rørandes reint det, ser du, og so narrar eg dei til å skriva åt meg og so går eg her og briskar meg med brev frå jentor frå utover heile landet! Soleis lyt ein sveinkall “sno sig frem”.

Då eg skreiv åt deg i Kristiania var det med slik hast, at det i grunnen var verre enn inkje det, eg skreiv; eg tænkte den gongen, at eg skulde taka upp at idetmindste lite frå teatret, men no er no både den friske farga på inntrykket burte og ikkje er eg “normal” i hug og dug elles helder – det fær vera. Du spør kva eg fann ut på universitetsbiblioteket jau, det var: Hjorthøys beskrivelse over Gudbrandsdalen 1795, som inneheld ei slags gudbrandsdalsk topografi, prestehistori og ørlite grann av skildringor av folkelivet. Boki er låk, men ho har enkelte småting som er forvitnelege for den, som syslar noko med gamle dagar: eg tok ein heil haug “notater”. So var det E. Storms bygdasange som eg endeleg fækk utgravet og uppskrivet. Det er otte sange ialt med dei 3 som me kjenner førr[5]; mykje godt i desse sangom, han hadde voret forsett væl inne i kvar ein krok av vågemålet – å for ein kjærleik han hadde låta ått åt folket og målet!! I eit annat brev skal eg for moro skull sende deg ein av sangom hans. Dette var det altso eg gjorde på universitetsbiblioteket.

So fær det vera nok; du fær ikkje reikne dette for brev, men for eit “referat av tanker i førfallet i april 1886”. Gjer væl å sende Svane dette brevet um han er i Europa længer – er han reist, so lægg det inn i eit av dine eigne og send ’om det.

Lev so inderleg væl og tillykke med arbeidet! kjære ven.

Din

Ivar.

Fotnoter

  1. 2. Kor. 10,5.
  2. Utgjeve 1877-81 av Axel Frithiof Åkerberg og Klas Pontus Arnoldson, og 1882–86 av Victor Pfeiff.
  3. Frå diktet "Valg" (1866/69) av Bjørnstjerne Bjørnson.
  4. Frå skodespelet (vaudevillen) Kjøge Huuskors (1831) av Johan Ludvig Heiberg.
  5. Alle åtte er trykte i Norsk Ordsamling (1802) av Laurents Hallager. P.A. Jensens lesebok (1863) har to.