Kjeldearkiv:1887-05-04 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1887-05-04 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 4.5.1887
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 27
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kleiven 4/5 87.

Kristian!

No tænkje eg du bli så høveleg sint te breve mit kjem fram; eg har reikna ut, matematisk, at dæ vil nå deg just i dæ “øgonblink” som du har banna lause alle framtænnane og står budd te å rængje deg utur skinne. Men dæ er ikkje greidt vera eg heller støtt, kan du tru! Eg har tura både bryllaup og gravøl i siste tiom og havt ein grov haug mæ bokbindar “ekspeditioner” og “komissjoner” og ka [...] dæ er alt. I førrdags da mælte eg eit brustøe over Eidsfossen, igjår teikna eg brua, for dæ skal vera ein ny “konstruksjon” ser du, og no idag sendar eg heile smeisen åt S. Blekastad for at han skal få ingenørvitenskapen te å segja sit store og siste or. Vi har halde på no her i Otdalen og arbeidt på fjore åre på ein ny veg, som vi endeleg vil ha te å ende mæ ei bru over Otta; men så veit du, at vi har ikkje noko å koste mæ og så gjeld dæ å få bygdastyre te å punge ut. Men der er pungen trong og vi lyt koma mæ så småe krav, som mogelegt, skal vi vente, å få dæ te å gå. For å få dæ te så billigt, som mogelegt, har vi da tænkt ut ei eigje slags bru, som eg no skal få vitenskapen te å segja si meining um. Mæ førre posten skreiv eg åt Blekastaden au; da galdt dæ å få han te å granske i rigsarkive for meg, etter visse ting, og så skulde han låne ut diplomatarium norvegicum åt meg frå universitetsbibliotheket. Eg lyt så smått bu meg te å ta upp att dæ gudomelege sagnarbeie mitt, no framover.

Kveldskulen er slutt no for ei ti sia; vi ha ei sluttningsmoro her ve helga og samstundes ha vi årsfest i samtalelage og du kan tru vi leikte oss! Sjøl eg, stive beiste, dansa masurka og hamburger-skotsk så frakkblaa sto ende atte-te og song tvostemt gjorde vi, så flattake hjå honom Eirik Hanslien gjekk i båro. Ja, denne sangen og denne leiken! – at eg har fått upp dei tvo ting ivinter på kveldskulen, dæ er nok dæ beste eg har gjort, dæ, for der har eg funne eit middel, som kan samle og halde ungdomen ihop så dæ kan gå an å værke på dei i ymse andre måter au. Ve førre helga var dæ årsmøte og valg på styre i samtalelage; der kneip dei meg att te formann og no fær eg bruk for alle mine krefter der. Storhopen av kveldskuleelevom mine frå ivinter er medlemme i samtalelage og ve årsmøte gjorde dei krav på, at vi i samtalelagsmøtom isomar skulde drive på å syngje og så leike oss baketter. Og dæ ha ikkje eg imot, ser du. Eg tænkjer vi skal kverkje fridansane lite um senn her i Otdalen, og dæ er ikkje så reint lite dæ, held. “Otdølen” blae åt samtalelage, held eg no au på å strier mæ te næste møte, som er no fredag – bedagen. Men no skal du høyre! Du lyt skrive eit stykkje åt “Otdølen” antel du vil eller ei, og sende meg! Skriv um bondelive der du no er eller skriv ka du sjøl vil, men skrive lyt du, såvidt du veit av dæ.

Så har eg denne gjeitbudeigreia for Botnen, som eg no endeleg har fått greidt så, at ho Kari Stokkstad lægg ivegen åt Seljord sist i mai. Og meina du ikkje, at dæ er fleir, som gjenne vilde ut! Igjår fekk eg brev frå Kari Helle um, at ho ha havt slik hug te å vore mæ og vore underbudeie isomar – ho skulde ikkje krevja anna enn fri reise. Og no, mæ eg sit å bendast og skriv desse krokane, kjem dæ bo inn, at dæ står ei jente ute mæ “paraply” over og vil svalle ve meg. Eg ut, fortast som bakføten vil væra mæ, ser du, og der står ho Mari Hamar og vil væra underbudeie i Telemarken! Hare brænnande dø, eg ikkje skulde havt rum åt 10 stykkje! – eg skulde gledt meg i ånden når eg ha fått sendt dei iveg – sendt dei avste frå desse forbanna fyllebikkjom som går her og skjemmer gjentune vore ut.

No ja, bli ikkje “altereret” Iva! Men alt dette gjeiteståke tvinga no meg te å skrive åt Botnen i denne dag – og så eit brev åt Fagstad um prisen pr. meter for 1” norsk runnjønn og så – å, dyre dø! er dæ ikkje heile fjortendaga sia eg fekk eit langt [...] brev frå M. Knutsen og ikkje nok mæ di, han be meg åt gjestboe sine[1], den forbanna tosken! Nei, eg står ikkje ut her uppi røste dersom dette skal leike så – eg bli sprængd og går upp i “correspondence”. Å ja, “ein kan væra gla ein har einkvart å brøkja mæ”, sa bestemor mi, ho Marit Haugen, og, trallen raspe meg, var dæ kanskje [ikkje] reint dumt sagt held, når dæ går te reiknskaps.

Nei no fær du regti læggje av å tænkje på å få meg ne i Danmark, Kristian; dæ bli berre såpblæro du blæs upp dæ, for eg kjem alder der likevæl. Nei, her har du molduksen her, far. Når du kjem att frå utlandom eingong og fær hug te å treffe meg, så skal eg segja deg korleis du lyt bæra deg at: du veit korleis vonden bauka upp jora deruppi åkrom i Hedalen. Der grev han lange gange som han dreg fulle mæ røt, men han er ikkje go å finne når du skal te å grava han ut – kan du ikkje treffe han mæ han held på å “bauka” så du fær sjå jora røyver s[e]g, er dæ mest urå. Ja, nettup slik vil du finne meg au: du vil få sjå “bauke” men treffer du ikkje te, å få sjå den flekken eg netup baukar på, så er dæ uvist um du finn meg fyrste venda.

Eg gjera noko i husmannssaka! jau dæ var rette karen. Ja eg skulde havt hug te di – eg skulde, hunden rugge meg, lese dei teksta og lagt ut eit kapitel eller tvau um rettferdugheit og kjærleik, um menneskjerettugheitane, um friheit, likheit og brorskap – um den “norske bondes frihedssind og samfundsånd” um kjøruksen og stae gampe og um mangt slikt uppbyggjelegt for “den norske bonde” mæ dæ overklyppar-“skjøne” som “Framgang” går og gulkar mæ.

“Husmanden”? den skjitfilla, den romantiske sorpegossen – sama værknaen som desse fine bomulds hanskane, du veit kvinnfolka bruka, vilde ha når han Storlars Hagen røysa stein som likast. Nei, husmannssaka greier seg ikkje gjenom Bruunsk bakstræv; her laut agiteras og klemmas på og dæ fekk ikkje hjælpe um du sette dæ på spitsen ender å gong og um du fækk ei og onnor garre i skinnet. Men så greier dæ seg trast lel, no. Garmænnane dei ryk upp “en bloc” og heile arbeidsklassa reiser åt Amerika – å slik utvandring som iår skulde du alder ha sett! Og eg har tvilt heile tia på, at dæ vart på den måten, at husmannsspørgsmåle laut løysas; for eg kjænne den uppskrøyvde, frisinna bonde mæ sit skjøn: han stig alder goviljugt ne av ekslom på husmænnom sålængje kneskjæla er heil. Men trillar han ne mæ sit store skjøn og så husmannen sett etter eit par goe drullte for enden – der – dæ Framgangske skjøn har sit hugusæte – te takk for samvære, så kan dæ hende, han kjem ikkje så høgt som uppå aksla meir.

Men um høgre “sociale” spørgsmål fær dæ nok vera mesta stillt, dæ vilde føre forvidt dæ, da er dæ betre å tala um være au, da. Vi leik no mæ våronna heruppe no, da, alle, som har nokor jor; og så er dæ lite av våronnfor, krøtera går ute um dagane og være dæ er ikkje gote å bli godt – berre ein kald nekk i te kvar dag. Enno er dæ grovt lite dæ grøne i på marken og dæ er så lite vårlugumt som dæ kan vera. Linerla er komen og på ei veka skulde vi ha gauken i ventom etter gamal reikning, men kjem han da fær han nok vera så go å gala i svart ved.

Denne gongen har eg noko nyt å fortelja, men noko leit. Ragnhild Leirflaten, den unge, fine jenta, dø den 29de april etter tri-fire vikurs sjukdom; ho var ikkje så mykje klein held – ho låg ikkje eingong og hadde ikkje nokor smerte. Ho hadde fått “galloperende” tæring som gjorde dæ av mæ hena så snøgt. Dæ vart nok eit stusle hus! Dæ er mest som dæ tok verre au når ei gjente i sine beste år går burt. Kor live er armt og usikkert og korlite vitenskapen enno kan! Eg kjennde ikkje ho Ragnhild eg, men dei sa, at ho skulde vera ei bra jente. – Men ka går dæ mæ deg i Slesvik da, guten min; dæ lyt du fortelja meg og “Otdølen” nauende væl, skjøna du. Så fær du gjeva meg te for, at dette breve kjem seint og så fær du ha takk for denne gongen!

Helsing frå Iver og Pål – dei etla seg både på jagt og fiskeri denne veka.

Din

Ivar.

Tusen takk for bilæte! du laug at dæ var kleint!

Fotnoter

  1. Mads Kristian Knudsen gifta seg med Marie Myklebø i Gausdal 14. juni 1887.