Kjeldearkiv:1888-02-19 Brev frå Prestgard til Kleiven
1888-02-19 Brev frå Prestgard til Kleiven | |
---|---|
Informasjon om brevet | |
Dato: | 19.2.1888 |
Stad: | Askov |
Frå: | Kristian Prestgard |
Til: | Ivar Kleiven |
Nr. i samling: | 39 |
Samling: | Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932 |
Oppbevaringsstad: | Opplandsarkivet |
Viktig: | Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator. |
Askov 19-2-88.
Kjære Ivar!
Ja ha eg havt att so mange øyro at eg ha fåt meg eit skikkelegt hampetog, so ha det vel henda eitkvart; men det har eg no ikkje; for igjår kjøpte eg kol for siste kviten. – Ikkje å snakka um, at eg er skuldug pengar åt an’kvar skrott udi den ganske stad –.
For no ser eg, at det eine djefulens argebål etter det andre tårna seg upp framfor meg, so det er vist best å ta avskje med verdi på ein verdug måte, me’a ti’ er.
Igjårkveld var eg so flittug, at det va grovt. Eg sat til langt over midnat og skreiv meir held eit storark fult med “Dagboksbrotstykkje” alt frå nyår av, som eg ha ætla “Ottdøle”. Som eg va ferdug, la eg arkje inn i ei gamal avise. Jau beiskedeg! Idagtilegt ha kona mi, ho Ola frå Stevns, tekje avisa tulla ho ihop, og stukkje ho [...] inn i omn til kvennve’. No ja, eg slapp no låne skjelling til å bytale porto på ei lang liste med tullsnakk eg for umaken. Men då eg no ser, at det so er forsynets vilje “så opsiger jeg herved høytideligen mit engagement som Ottdølens udenlandske korespondent ihåb om hans høye agtelse og indignation for min lange og trofaste virksomhed”. Ja med desse ordom lyt du helsa ’om frå meg.
– Soleis baskast det med argebål upp i haug, og då er det ikkje undrast på um ein blir ille lonsa. Og idag er det no reint spellskjit, for eg er sjuk lite attåt au, trur eg. Men antel det er krimsjuke held hugsjuke held fyllsjuke held gjiftsjuke held versjuke veit eg forbarme meg ikkje. Vomsjuke var det rimelegaste, men den, har doktor Bojsen skaffa meg svart på kvitt for fins ikkje udi mit ganske legeme. Å det er sagte vêrsjuke likevel. Og det er ikkje so rart. Igjår kom det sjaug og førretjuge småe turre snjogfillo, men idag er det – – likt seg att: Regn og lort og slabb og møk – å ja det er høvelegt åt desse treskobrandom – og so skodde so tjukk og stinn at gape millom himil og jord krympest ihop til eit lite mushol. Vø det i gamle daga og i Noreg, so vørte kongen og heile kleresiet hengde ette tongun for veråttun skuld, det er eg vis på; men at ikkje kongen lenger er ansvarleg for vere, har han lucifer å takke for – Ja eg har no slutta tenkt på å få sjå ei sprunge berr himil firi påske; og so skal du ha takk for meg, møkjakjellar. Og blir eg ikkje kvitt sjukun til di leite so stryk eg lykt åt Boltzius[1]. Jaggu gjere eg so.
Alt dette bit på og forkvakla stygt. Og at eg ikkje gestalta meg som andre ærbare fornuftige kreatur i godt selskap, har eg som på kjenslom; for dei “ympta” um, at eg nok ha mist hatten, og dei spøkje jamvel med å vilja skikke meg på “Viborg tugt og manufakturhus”. Ka slag det egentleg er for ein anstalt, veit eg ikkje, men det fær eg altid greide på. Å fortelja desse grautskoltom at hatten er fullpanta, dusta ikkje, måta, for dei har ikkje høns på inste grunnen til eit slikt monstrum: at eg høyrer til den nasjon som – – “skriver bøger”. “Som skriver bøger”. Dei, veit du nok, har lov til å skapa seg so obsternasige og flåkjefta dei berre kan. Ikkje fordi eg har skrivi bøk enno, ha held ikkje begjyndt med di fyrste; men eg ha gåt med eit drustelegt drama i magen i over seks viku. Det blir ei tragedie so stor og morsk, at verdi alder skal ha set maken for augom. Titelen til eit slikt verk tør eg ikkje setja på av min “eigi vitri ok speki”; men eg ha tenkt å forskrive den frå Stavanger. Hellest skal boki delast i 5[2] store partar med 5 akter udi kvar part. 1ste parten skal heita “Eit kaninkorstog” og kjem til handle um hvorlunde eit trikløver av kaninslegten[3] vinteren 87 luspede Gudbrandsdalen frå ende til an for å ransage nyrerne og le’møykje hjærterne til den store umstøyten som skal koma, sampt å predike bod og umvendelse. Å, eg kan få inn mange gjilde pønitenso i denne bolken, men eg lyt beda deg som sjøl va på åstedet, um å skaffe meg nokre sikre historiske aktstykkje.
2dre parten heiter “Kanibalernes mortensgås” og skal krinsa seg um den store uppstandelse, då alle gudbrandsdalske småbønder og husmænn i ein avråi offentleg st. mortensfest bli skalpera, steikt og uppete av eit griskt kanibalsk folkefærd av romersk herkomst som heite paragraffolket. Dennem til stor attråe og begiær. 3dje parten ber namnet “Ragnarök”. Etter den store umstøyten st. mortenskveld er det berre få individer i kongedømet Gbrd. men dei få som fins er skriftkloke alle tilhobe med undantak av eit halvt dusin skakkføtte bulderkokke som ingen ting er. Det blir ein tidbolk full av flæsk og pylse og rumgraut og sylte og ein middagskonversation um lovprisning over det nye i botnen velrenskad samfundet. Men “uafbrugt” øver dei seg på korandre med småknep udi juristeri. Og prælaten preikar likso trutt som i gamle dagar over teksti i herrens ord: “Søger først Guds rige o. s. v.” Sampt lyser velsigning over den vesle udvalde kristenheden. Og det er ikkje eit liv som læg. – Men so kjem trulegt det mest gripande i heile dramaet. På sluten ber både juristeriet og teologien og heile vriompeiseriet, ligervis som flæske og grauten og sylta til å slå seg åt magen. Der consentreres heile “tidsånden”. Tidbolken byrjar i aristokrati og endar i guanokrati. So kjem den store uppståndelsen “da broder står op imod broder“. Og då kjenner ingen magamåle sit lenger. Klokkaren står med moseloven i håndi og et up presten og lensmann står med Christian V’s lov i håndi og et upp skrivaren hympe for hympe. Og inna 40 daga og 40 net fins det ikkje eit livande liv meir av den gamle slegti i Gbrd.
4de parten kjem til heite “Muspelheim og Gimle”[4]. Her ha eg tenkt meg til å gjeva utførlege og pålitelege statistiske upplysningo, um kor det står til i desse tvau rikjøm både firi og etter di tvo store umstøytom i Gbrd. Og so kan eg få tak til å gjeva noko gripande sceno um møte millom vener og uvener på både desse stelle. Serleg blir det ei heit akt. Og det er samstundes med “Ragnarök” då husbonden i Muspelheim fær det so ansamt med brandkluften sine. Eg fær bruk for Muspelheim på ein liten an måte held våre fedre, men det har eg tilladt i eit drama. Både st. mortenskvelden og under dei 40 daga og 40 net stig mantalslista i Muspelheim so ulaglegt at husbonden lyt åt Essen[5] for å låne seg ei større gryte, førr dei siste slepp inn.
5te parten er den største og siste. Den kjem vist til heite “Opstandelsen og livet”; men det betyr ikkje at guanokraterne skal opstå frå di døde. Under desse førre storofsom ha eg sjøl – ringeste person – færdast både i austerveg og vesterveg; men når den siste uppstusen er over, kjem eg heim og opslår mit paulun øvst på Bjølstadbakkom held burtved Mæringsdalsvatne. So kallar eg inn Eskimoer frå Grønland og Tschuktsere og Kosakker frå Sibirien – det skal vera folkety som liver av kol og stein og spikar, um det knipest, ser du – og so oprinder guldalderen med ei ny tid, eit nyt liv og eit nyt stell i di himelske rikje høgt uppi dalom der. So vil eg la meg salve til yppersteprest – ein yppersteprest som det gamle testamente ikkje eig maken til. Og fyrste storverke mit skal vera å reise ein minnestein på beinknokom over dei falne kanibaler og skriftkloke, og på di steine vil eg so rita deim hver især eit ettermæle i runemål so alle komande slegter skal sjå, ka det var for noko juridiske blodsugare og teologiske eiterkveiso og andre adelege gjøtlpurko som folk ha å ampast med her i rikje i gamle daga. –
Ja her er ein liten munnsmak av beinrangle i dramae. Det er beiskedeg ikkje so fyse å handske eit slikt storverkstum verdenshistorisk sorgjespel, skal du vita, og det kan treffe, eg lyt skjiple grunnplane mange vendo, førr eg slepp til leggja mønsåsen på verke. Det blir sagte noko til dyre bok. Eg stunda alt på å sjå, kor mykje ho vel kan fylle i ei durabel bokhylle.
Men sjøl um ho var istand, torde eg ikkje eingong bjo til å få ho trykt for det fyrste, for det kunde hænde, eg hø bruk for uttrykk som ikkje fekk gå uantastet gjenom justitsministeriet, idetmindste solengje ministaren er beslagsme’ attåt.
Jøsses, nei no går jålsrie forvidt. Det kan gjenne vera, det er noko i det, at det vantar på hatten. Eg lyt nok freiste “gå i mig selv og bli et bedre menneske”.
So no ringje det att. Men kan du gjeta på ka det betyr? Jau det er ein hr S., forhenværende sorenskriver, som held foredrag um telemarkisk kulturhikstori. Og det heng ihop som følger: Det var ein kveld eg va ne’i hybele hjå om, og so kom vi au inn på Vinje; det forstår seg; og so kom eg til segja, som eg so ofte har sagt, at ha eg havt kjeftament, so ha eg vilja sett meg for å fortalt danskom um, ka for ein fyr Vinje va. Straks etter stod det å lesa på svarttavlun: “Søndagsaften kl 8 fortæller Sundbø om digteren Vinje”. Men som han fekk tenkt seg um, vilde han fyrst fortelja um Telemarken. Førre sundagskvelden fortalde han so Telemarkens geografi; men ikveld skal det nok vera um gjestbodsgreido og fri[e]ri og “dylikt” og det vil eg helst sleppe høyra på ilag med ein hop danske prestdøtt. Ja han er grovt til sugg den gamle skrivaren, og ha vi ikkje havt han, so ha det set ille ut med den norske æra i Askov. Det er no serleg på diskusjonsmøtom han er vår representant.
– Eg har vel fortalt førr, at etter jol vart “Luftskipperen”[6] bytt burt med ei diskusjonsforening? Og der er det åndfull tale, og eit lag med vit og sprett i, skulde du høyra. Å, be’ held gud fri og bevare deg for å få det å høyra. Dei kjeftast um “fædrelandskjærlighed” og margarinsmør og himeriges rige og alt moglegt som dei ikkje veit ei dust um. Dei har mykje å segja, det står ikkje på med di, men forbarme deg vel for eit æmegt vås, foreit lettøl. Å ja skrivaren står ikkje att på ein sillnakkje; det vø synd å segja. Difor ha eg held ikkje høyrt på, meir held som snøggast eit par vendo.
Hellest er det mange småe klubbe og samlag – statar i staten – der det sprakar av – ånd og vit; det forstår seg. Og eg og kona mi, ho Ola, er med i eit slikt eit: “Det norske samlag hjå Harzig”. Ja er det ikkje grovt, at det skal vera ein tyskar, som held “det norske samlag” ihop? Men eg ha kanskje ikkje nemnt noko um han førr? Jau Fridrich Paul Ferdinand von Sandorharzig[7] er pudserlegaste fonasern her i riget. Det er ein tysk greve på dei 25 frå nedi Böhmen, som ha segla verdi rundt, men tilslut tekje seg tenest på Bornholm. Der ha nokon stegla han hit på skulen for å læra dansk. Snill er han, for det vesle som bur i ’om er godt. Eg kan tenkja meg han er av ei gamal utlivt, utsvekt adelsslegt, som det ikkje er vidare merg atti. Og når det da ikkje blir ein villbasse og eit utyskje, so blir det ein slik godlynt halvfjoll. Det siste var vel formykje sagt um Harzig; men hellest kjenner vi ei slik utvikling av våre eigne storslegter. – Sløyd og avhaldssaki er livsmåle hans å virkje for. For nokre dagar sia kjøpte han seg ein eiendom på Bornholm, og der vil han byggje sløydskule. For han har vist skjelling, styggen. –
No, men han har set seg i skolten å ta seg av det norske samlage. Og “ho Ola” og eit par andre damer har han au tekje upp. Der ute i hybele sine be han os i hop alt som oftast. Når eg ser han kjem trillande utpå vegje med ei stor møkjute trillbåre med ei stor korg på og nokre småpakko, so veit eg, ka det har på seg. For gjestfri er han overlag au det. Det kan hende at ein årsak til lagom hans, er det frie og endeframe umgjengelse med gjentom. Det er nok framant for ein tysk adelsmann det, skal eg tru. Men eit slikt samlag av seks intrigante – um forlatels – normenn[8], ein stevn[s]bo og eit par danske prestdøtt[9] med ein tysk lurifas til vært, det – det er ikkje etter mine kokebok. Difor hadde både eg og kona mi ondt i magen no sist det var møte. – Ha det funnest ånd i samlagje so ha det vore djæven til ånd; men det slaget er no ikkje nem[n]an’. Ja det er ille; men her er det no ikkje an’ rå held halde seg sjøl med corasi. –
Her på skula er det au lite offentleg spetakkel ein gong imillom. Månda’skvelden “fastlavns-manda-avten” var det maskeradebal som sa seks – ei forfina utgave av tronogreida heime. Og det gjekk lystugt til. Ein blir altid meir for seg, når ein har eit lånt fjæs til å ta imot åtfunnogheite. Og det var utruleg morosamt. Berre eit par av gjentom ha vilja pymsa på seg nokre fleir klælurvo; for når dei møte upp i danserindebuna med ein liten ljosgul fin stakk som når berre tilkness og er tunn og lett som morgoskyi og so “trico”-hoso, so er det synd å likne dei ihop med jolbukkom som gjekk uppi Telemarken. Som maskeleiken var forbi, dansa dei til over midnat; men eg gjekk heim åt meg sjøl, eg, sosnart eg ha fåt det matfengjest, som høyrde meg til. Hellest kunde eg merkje det heile månda’n at det var ikkje “fastlavn” forgjæves, for eg trompa i meg ferske kveitbolle, so eg tenkt eg ha rimna um notti. Jau, eg ha ofte ståt på fallan’ fot til å vorte ein matpukje, so det er snart på tid eg freistar med lite åndelegt. –
Det beste som er å høyra på skula notildags nest la Cour er Begtrup um “målsaga”. Han ha fortalt um målutviklingi i Norden frå di eldste tiom, og no er han kome åt den islandske literatur. Førr – i vikingeti’n var han lei ved os normenn, da han sa, at Gangerolf og alle normannerne som grasera i Britland og Frankland var danske og ikkje normenn.[10] – Det var au noko som ikkje stod i kokkeboken mine. Men no sia han er kome åt Island, ha han gjort godt att det heile. Han vise greidt og skire, at den islandske sagamålform er oldnorsk og ikkje oldnordisk, som alle andre danskar segjer, og likso at Edda, morskaste dikte som enno har set ljose – desse siste ordi er mine – at Edda med den skapna dikte no har er ravnorsk, um ogso mange tankar i det høyrer heile det germaniske norden til. Og so kan danskarne gjenne få æra for vikingedåden. Fins det nokon her som forstår seg på godt norsk mål og god norsk tankje, so er det Begtrup. Han legg ut um alt det store i sagaerne, som han var ein gamal islending. Med lekse-oldnorsken munar det au bra. Vi leik og les Laxdølasaga. – Nei no kom eg på ein ting! Du skal fortelja islandske sagaer i samlagje dykre. Fortel av dei mindre, som Gunlaugs ormstunga, held um du au kan vinna på dei største og morskaste som Njåla og Agla. Jau katten palmyre meg, skal du ikkje. Det er kost for ungdome, det. Hm! Toskevidde at du ikkje ha kome på det førr! –
No ha det endeleg sprukkje hol på Åsmundsta’n au. Ja eg ha ikkje fåt ein tøddel, men klokkmakaren og ho M. Myklebø ha fått, og so er det von for meg au. Han held skule på Bø, men bone åt Bruun går ikkje lenger hjå ’om. Han ha da kome seg sovidt på reisun. Og no vil han freiste hogga i med gymnastik og sløydskule attåt au. Lenger nor har han ikkje vore enda. Å nei når “I gamle daga” skal gå gjenom 2–3 forleggjar[ar], so er ho sagte ikkje ventande for det fyrste. Eg ha venta “Vossastubbane” hans Per, eg, men dei kjem held ikkje. Ha du fåt deim? – Skriv so straks og fortel ka slag døk har for døk i samlagje og korleis det hellest baskast nor i bygdom der. Mange helsingo åt deg og dine frå
Kristian.
Fotnoter
- ↑ Fredrik August Boltzius, svensk mirakeldokter.
- ↑ Retta frå 4.
- ↑ Christopher Bruun, Thomas Jørstad og Matias Skard.
- ↑ Namn frå norrøn mytologi. Muspelheim var ein eldheim i sør før livet på jorda vart skapt. Gimle var eit land etter ragnarok. Det hadde ein sal som var tekt med gull og skein vakrare enn sola. Der skulle dei rettferdige bu i evig glede.
- ↑ Tysk industriby i Ruhrområdet, særleg kjend for jernverk og maskinfabrikkar.
- ↑ Handskriven skuleavis på Askov, kom éin gong i veka.
- ↑ Vanleg skrivemåte er Sandorhazy. Han vart sløydlærar på Bornholm, seinare foredragshaldar rundt om i Danmark, men særleg på Fyn. I folketejinga frå 1901 er han busett i Odense. Dødsår ukjent.
- ↑ Torgils Bu, Halvor Sundbø, Marta Myklebø, Anne Sjøvik, Karine Tremyr og Prestgard sjølv.
- ↑ Asta og Marie Køster. Dei drog på målkurset i Seljord sommaren 1888 og gjorde deretter ei lang fjellferd til Vestlandet og Nord-Gudbrandsdal med Prestgard ofl.
- ↑ Etter norsk og islandsk tradisjon (Snorre ofl.) grunnla vikingkongen Gange-Rolv, son til Ragnvald Mørejarl, hertugdømmet Normandie. Den franske historiskrivaren Dudo frå St. Quentin (ca. 1020) kallar den første hovdingen i Normandie for Rollo(n) og seier han var frå Danmark (Dacia). Spørsmålet vart livleg diskutert på slutten av 1800-talet. Danske historikarar med Johannes Steenstrup i spissen (1886) støtta den franske tradisjonen.