Kjeldearkiv:1893-06-25 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1893-06-25 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 25.6.1893
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 94
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

25/6. 93.

Kjære Kristian!

Etterdi han Iver kom heim retno, kan det la seg gjera aa naa deg inna den 28de med eit par ord, for der gjeng det post imorgon. Men skrive no, eg gjeng saa uppgjeven som eg nogon gong veit av eg har vore her i verdi! – –

– – – I førrveka kom Ola Aasmundstad her drivande og vilde likesom ta avsked: lagnaden hadde gaatt honom saa grueleg imot, at han hadde faatt ein sløidlærarpost i Grue, Soløyr paa umkr Kr. 750,00 – 36 viker. Ja, han var no ’kje glad av, at han skulde fløtja fraa Gausdal, guten. Kva aarsaka no kunde vera, det veit ikkje eg, og inn i indredepartemange hans Ola har eg aldrig freista aa kome. – Ein av dagarne i denne veka lyt det berast til sætra, eg skal, som eg fulla sa deg i førre breve, ha 4 studenter i huse ein maanads tid fraa 15 Juli – i andre maater fær eg binde bøker og sia “græmme” meg likast, eg har lært. Du fær endeleg ikkje drygje lengje førr du skriv – og saa stire stygt etter mushol trast, du set foten paa amerikansk grunn.

Saa, dei gjerer da dine siste timer i Seljord “liflige” desse Anne-jentune, eller beiske? Hadde det vore eg kunde det lett henda, eg ikkje hadde orka slite meg laus. Eg og Aasmundstaden var i gjest paa Nerbjørnstad, da han var her eindagen og der raaka vi ei dansk jente, Maren Jespersen, som har vore paa Ellingsbø sia ivaar – og meinar du ikkje, eg fekk feber av det! Det var nogo ved den store, lange, danske jenta – ho var, trur eg fraa Jylland, men vi er no alle Jyder for Vorherre, da – som gjorde, at eg gløymde og tilgav danskerne for den 400 aar lange “fornedrelse” og hadde gjenne stifta ein ny Kalmarunion paa standandes fot. Lykka var no, at eg trur ikkje ho stod etter nogon union og saa kan eg vera trygg for ikkje aa koma uppi nogon unionel konflikt fraa den kanten.

Idag gjekk det som eit te Deum over heile Gudbrandsdalen: det kom godt regn, mildt og vaatt! Det tok au til aa sjaa ille ut med all den sviddlêten paa kvar ein bakkje, kanhende det no steller seg att, for det ser ut til, at regne har losna no.

Men um verslage heruppi no kan eg tenkje meg du kjærer deg fælande lite um, du, som fær strjuke fraa heile leiken. Eg kan missunne deg; – den som kunde faatt gjeve seg med alt no!

Det gaar ikkje med aa skrive og difor skal eg hellerikkje plage deg lenger med denne turrmaulen. Iver og alle helsar paa det venlegaste og ynskjer hjerteleg lykke paa ferdi! Men fyrst og sist fær du taka mitt velfar med!

Og væl møtt, kvar det saa verdt!

Din

Ivar.

NB. Adressa hans Hans er:

Box 1303, Rockford Ill., um du kunde faa hug til aa finne han ved tilføre eingong isomar; det er no ’kje lang stubben, det.

Ivar.