Kjeldearkiv:1919-11-24 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
1919-11-24 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 24.11.1919
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 155
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kleivsætra 24/11. 1919.

Kjære gamle ven!

Nei, no gaar det ikkje lenger, idag lyt eg sende deg nokre ord saavidt du kan faa ei helsing fraa meg til Jul og med di sama høyre, at eg er millom dei levande enno. Og jamen har det vore ein fælande lang baalk vi har knept nebb, kvar paa vaar side av blaamyra – eg tør ikkje eingong tenkje etter, korlengje det er sia vi sist høyrde fraa ein-annan. Hellerikkje kven som har største skulda av oss – eg skal no finne meg i aa ta paa meg halvparten, saa kan hende du tek den andre – saa er skuldspørsmaale dermed løyst.

Korleis har du det, gamle ven? I haust høyrde eg det var fortalt, at du skulde ha misst kona di[1], men det var berre eit laust rygte som eg sia ikkje har faatt nærare greie paa og eg vil ynskje, at det ikkje maa vera sanning. Dauen har no elles gjort saa mange hogg baade millom unge og gamle dette siste aare, at det er dei faa-aste som ikkje har nokon aa sakne; spanskesjuka herja paa ein farleg vis her i bygdom og der burtafor have slapp døkk vel hellerikkje den løynske farangen. Her paa Kleivsætra gjekk vi fri sjukdomen venteleg for di, vi er gamle kallar baade eg og Paal og det var helst millom unge og folk i beste aarom ho herja harast. Tenestjenta som var ein ungdom aa kalle for gjekk au fri, det kan hende fjelle med den reine, turre lufta ikkje er nokon fengje jordbotn for umgangssjukor, heller.

Huslyden her paa Kleivsætra er no 3 sjæler sia 1916 da ho mor gjekk burt 92 aar gamal. Det er eg og Paal og ei tenestjente som jamt skiftar haust og vaar – somarpensionate lagde eg ned i 1913 og driv no eit gardsbruk paa 4 kjyr og hund og katt. Live har gaat sin jamne gang, lyt eg seja, og eg er i det store og heile velnøgd med tid og høve. Helst skulde eg vel kvitta meg ved sætra og heile greia for aa arbeidt berre med bygdagranskinga, men eg har hittil ikkje havt hjartlag til aa skiljast med sætra og Bøneslia og saa har eg funne ut, at det kropslege arbeide eg imillomstundom lyt gjera, er til gagn og glede og held baade kroppen og hugen friskar.

Med bygdagranskinga sig det fram um ikkje just saa fort – dei bygder som eg enno ikkje har sanka noko vidare i er Faaberg og Øier og dei var det meininga aa ta i vinter etter jul. No for tida er eg heime, men i vika som kjem reiser eg til Hamar for aa vera ved stiftsarkive i 14 dagars tid og gaa igjennom gamle rettsbøker fraa Gudbrdsdln. – Du fekk vel senda “Lom og Skjaak” fraa Aschehoug?

Noko serleg fraa det nasjonale uppattreisings-arbeide som du ikkje kjenner førr, har eg ikkje aa melle um; i alle tilfelle vil eg ikkje koma inn paa noko slikt i dette breve som eg tenkte meg som ei stutt innleiding til ei stø og stadug brevskifting som førr i tida. Eg skal berre snøgt nemne, at O. M. Sandvik nettup i desse dagom har gjeve ut “Folkemusik i Gudbrandsdalen”, eit gjildt arbeid som eg er svært glad av og som eg paa mange maater har beinka til med dei aara Sandvik dreiv med granskingane. Fær eg ikkje reint i skodda, vil dette arbeide faa mykje aa seja for norsk musik fram igjenom tida, vi har no mykje sermerkt, godt og fint i Gudbrandsdalen, au, og det er ikkje berre Telemarken som eig gjæve slaatter og tonar – dette tenkjer eg arbeide aat Sandvik skal leggje klaart i dagen. Millom anna er dei allermeste av springleikjom og hallingom hans Ivar Braataa komne med og ellest alt gomolt, som var aa faa tak i hjaa dei bygdaspelmennom som no liver i dalen, det vil da seja nordalen.

Eg veit ikkje korlengje det er sia eg lova aa sende deg eit fotografi og idag lyt eg sjaa til aa halde ord – men du maa for al ting ikkje tru, at eg er den sauen som eg ser ut til. Det nyttar aldrig aa “taka seg av” for meg, stødt bli det sau; Kristen Holbø har freista maala meg, au, men det drog “nor og ne’te” med heile tavla.

Ja, saa fær du sende meg nokre ord snøggast du kann og fortelja korleis du har det og um du aldrig vil sjaa attpaa gamle tufter meir – eg venta deg saa visst i 1914 og no er det alt 5 aar sia det stor-aare var.

God jul, godt nyaar og dei beste helsingor fraa Paal og meg!

Din

Ivar Kleiven

Fotnoter

  1. Orlaug døydde 22. februar 1919.