Kjeldearkiv:Færingsbygging 1983

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Færingsbygging 1983
Kildeinformasjon
Navn: Einar Olav Høydalsvik
Født: 13. mai 1921
Død: 29. juni 1997
Tema: Bygging av ein 6-borda, 9-alna færing
Sted: Austefjorden (Volda)
Tidsrom: 1983 og tidlegare
Nedtegnet: 1983
Nedtegnet av: Oddvar, son
Beskrivelse: Avskrift av handskrive manus av sonen Oddvar Høydalsvik.
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Avskrift av: Båtbygging der far forklarar - Tilfang og verktøy - Vi bygg ein færing i Austefjorden

Båtbygging har lange tradisjonar i fjordbygdene våre. Best kjend er nok Bjørkedalen. Der har det endåtil no seinare år vore bygd vikingskip, men det som er bygd mest av er bruksbåtar. Størrelsen på desse har variert frå omlag 40 fot og nedover til færingar.

Dersom de nokon gong køyrer hovedvegen mellom Straumshamn mot Nordfjord står den vogna dei køyrde storebåtane på, mellom vatna, i eit eige hus ved hovedvegen, i nedste ende av Bjørkedalsvatnet. I skuggen av denne vidgjetne båtbyggjarbygda har det vore klinka båt, i naust og i kalde, opne uthus på gardane i Kilsfjorden og innetter Austefjorden og heilt til Kalvatn. I omlag halparten av tuna på vestsida av er det spor etter båtbygging, mest på Bjørneset og i Høydalsvikane. I (Høydals-)Vikane som det heiter til dagleg, er det fire gardar, og rundt siste hundreårsskifte (1900) og utover bygde karane båt i alle tuna. Det var ei god attåtnæring, men ingen ting å bli rik av. Tradisjonen er halden i hevd av L/L Vik Båtbyggeri, som driv med bygging og vedlikehald av trebåtar. Dei er visst nok aleine om denne marknaden på Sunnmøre (1983).

Einar Olav (1921–1992) lærte å bygge båt av eldste bror sin, Ola (1908-2000), og slik er det at eg har fått sjå på båtbygging gjenom min oppvekst. Eit av mine fyrste klare minne knyter seg nettopp til denne båtbygginga i kjellaren heime. Eg ser enno for meg far og mor som sat og høvla båtbord med tvimenning.

Før omlag 1965 låg det svært mykje omtanke i førebuinga av til båtbygging, for dei fleste henta materialen på skogen sjølve.

Tresorten som blir brukt i båt er stort sett fure i saltvatn og lerk i ferskvatn, og den skal ha god kvalitet. To ting var i alle høve heilt klart. Det skulle ikkje vera rotkvist, og heller ikkje tinar. Tinar er noko som gjer materialen hard og sprø. Derimot var eilfure/ailfure svært bra, den var seig og sterk mot rote. I stokken burde vere passeleg med kvist, for småkvist er noko som gir båten ekstra god kvalitet. Det hindrar bordriver. Stokken kunne godt vere litt bogen for då var det lettare å nytte godt ut materialen.

Så måtte ein passe godt på tjukke kvistar og krokute tre. Slike ting kunne brukast til innved og stamnar. Var folket på skogen etter ved måtte ein sage ut av bjørkene ved gode kvistar, for dette var ofte gode keipe-emne. (Bjørk gjekk også til stamnar, innved og drog) Vel heime skulle dette sagast, turkast og sorterast. Båteborda spesielt, måtte vere akkurat passeleg tjukke, ca. 14 mm eller 9/16 "(tome), for at det skulle vere lite å høvle. Vi må hugse på at all høvling foregjekk med hand fram i mot 1960 (i dei små ein-manns-bedriftene)

Verktøy og byggeplass

BAAT HØVLAR I
BAAT VERKTØY II
BAAT VERKTØY III
BAAT VERKTØY OG TILFANG IIII

Tvimenning/tomannshøvel: Denne høvelen vart brukt til å høvle borda med, vanlegvis av to menneske.

Sposkjev: Hendig lita sak til å forme innved med etter at sag og øks hadde gjort sitt.

Pusshøvel: Har vel i dag fått avløysing av stålhøvel, men er likevel å sjå i dag og hos mange av dei som bygg båt. (Brukt til å "skjære yve" eit omfar og til klargjering av ytre kant på omfaret for neste omfar)

Klåmbr: To typar: Den fyrste (skruklåmbra) til å skru saman bordgangane med under bygging. Den andre til å knipe fast siste ende av bordet med ved å setje i ein kile, og kalla Klyft

Krok: Til å spikre fast på stamn eller spegel for å halde overkant av bordende.

Tvare (må ikkje forvekslast med tvare): Gamle greier (ein slags heimesmidd treskru med skeivt handtak) som dei skrua inn i stamn eller spegel for å halde bordende (brukt før Krok, det var hevda at det var lettare å kløyve borda med tvaren enn kroken)

Skrutvinge: Heimesmidd til føremålet

Forset: Båtbyggjaren sin arbeidsbenk, 20 - 25 cm brei og 2,5 m lang, omlag knehøgde til båtebyggjaren (altså justert til den enkelte si idealhøgd). Vanlegvis laga av ein litt grov hun frå saging av båtebord.

Naglelåd/nagletre: Denne vart brukt når ein smidde (i tre) naglar til å feste innveden med. Det var ungane sin jobb å smide naglar, vel å merke dersom dei brukte kniven på naglane og ikkje på fingrane. Når naglen var smidd ferdig slo ein han gjenom nagletreet slik at den var passeleg tjukk og glatt. (I naglelåda var der to eller tre hol. Det største for å vite når ein nerma seg slutttjukkelse, trangaste holet var rett mål. Kom ein under trangaste holet i dimensjon kasserte ein naglen)

Navar: Gamal form for bor, i alle tenkjelege dimensjonar, og i mange tilfelle heimesmidd. Den måtte brukast med omtanke, for tok ein eit skeivt tak, så klovna det du bora i. (Når ein bora for saum kunne ein ikke bruke rundtgåande bor, ein måtte ta tak for tak ei halv omdreining i gongen så ein ikkje øydela den tjøra si-en/tettinga mellom bordgangane)

Mal: Samanklinka av omlag 20 cm lange bordbitar, truleg forgjengaren til malstrengen. (Denne la ein etter bordgangen på eine sida, flytta den så til andre sida og såg ettter om båten var lik i skap på begge sider. Den måtte vere stram i klinkinga så den heldt forma.

Grindsag: Sag, laga av tre, med vridbart sageblad og strammeanordning av tau med ein tretein gjenom. (Vart avløyst av bandsag etter kvart båtbyggjarane såg seg råd til det)

Øks: Viktig hjelpemiddel til å forme bordgang og innved. Når ei slik var utslita så vart den med til smia og forma ein gong til, til

Klinkejarn: Det blir brukt til å halde mot roa når den skal strammast passeleg. Då slår ein spikaren/saumen gjenom holet framme på klinkejernet. Så snur ein klinkejernet og og held mot hovudet på saumen medan ein klinkar roa fast med pennhammar. Ein har klipt saumen ein mm frå roa.

Klinkinga føregår slik at ein fyrst brukar pennen på hammaren og kløyver saumen og høgg saumenden utover så den låser roa, så snur ein hammaren og brukar den tjukke enden og klinkar ei fin låsing/topp til slutt. Dei hadde det i hendene, dei flinkaste brukte ikke ein gong tang. Saumenden berre forsvant i klinkeprosessen.

Færingen, ein 9-alna 6-bording, blir til del for del

(kommentar mot 5-bording):
BAAT DELENAMN V

Fyrst formar vi kjølen og stamnane, skjer til skøytane og klinkar dei saman. Så ber vi dette bort på bomstokkane og kilar fast kjølen. Så set vi på ein sparre i kvar ende av kjølen mot sparrestøtta over og spikrar støtter til øvste ende av stamnane. I sparrestøtta heng ei loddsnor i kvar ende, omlag der kjølen byrjar å bøya opp. Denne blir fyrst brukt til å sikre at kjølen er midt under båten, og så for å måla, ved oppbording, at båten er likt skapt på begge sider.

Fyrste omfar, bord ved kjølen er huen: Dette bordet er smalt, om lag 10 - 15 cm på det breidaste og er einaste bordgangen/omfaret som er i ei lengd. Retteside inn.

Når eit bord skal leggjast på, både ved kjølen og vidare oppover, vart det tidlegare brukt tjøredrev og tretjøre mellom bordgangane. I dag blir det brukt mest bomullstråd (1983).

Når eit omfar er kome på må det skjerast yve. Det vil seie å rette av overkanten og leggja den passeleg før neste omfar blir lagt på.

Det må takast omsyn til rette og range på borda. Vi må (for 6-bording) for dei tre nedste borda snu rettesida inn, vidare oppover rettesida ut (grunnen er at når veden blir fukta av vatn, tjøre eller anna smurning krumar den seg med kulen på rette-sida. Dermed formar båten seg til fullkoma form etter den er teken i bruk).

Andre omfar er halsen. Den og borda vidare oppover er skøytte ein stad ved midten av båten.

Bakre halvdel blir sett på fyrst. (Dette for at skøyten skal snu rett så ikkje noko heng fast ved fart framover) Bordenden blir festa på stamnen (med krok), skruklåmbra blir påskrudd omlag midt bakpå bordet og ein sparre blir påsett i overkant av bordet, på omlag same plassen, for å halde bordet ut i overkant. No kjem det siste og spennande taket før bordet er vent og vakkert på plass. Vi pressar siste enden innåt og set klyfta over og set i klyftekilen.

Dersom bordet framleis er heilt kan vi bore og klinke det fast. Langs kjøl og stamn blir det brukt bolt/kjølspikar og til å klinke saman borda blir brukt båtsaum med ro.

Så blir fremste del av bordgangen/omfaret påklinka og det må skjerast yve att. Retteside inn.

Mellom bordendane blir det laga ein kunstferdig skøyt, skoren med ei kvass øks.

Tredje omfar er yveslag/overslag. Retteside inn.

Fjerde og femte omfar (eit omfar på 5-bordingar, to omfar på 6-bordingar). Retteside ut.

Sjette omfar, kjempa/kjempebordet, blir fyrst påsett når innveden i botnen er komen i. Dette av reint praktiske årsaker. Set båtbyggjaren på kjempebordet fyrst, blir hendene for korte når innveden skal naglast eller klinkast fast ved midten.

For kvart omfar oppover blir påsett fire sparrar. To framme og to bak i båten, så det er litt av ein skog å sjå fram i når båten er oppborda. Desse må stå til det meste av innveden er komen i.

BAAT DELENAMN VI
Innved: No leitar båtbyggjaren fram sine forundarlege innvedkrokar og tek desse til nøgnare gransking, legg gjerne ein del av dei opp i båten for å sjå om dei passar.

Innveden ved framtofta blir gjerne sett i fyrst. Ein byrjar nedanfrå med underbandet. Deretter kneet som går tvers over båten og er det som held breidda på båten(på 5-bordingar er oftast brukt eit kne, på 6-bordingar to kne. Det andre anten for midttofta, båten i bruk for garn eller not. Eller for baktofta, båten brukt som lettbåt for større fartøy for frakt mellom fartøyet og land. Ei tønne skal ligge midt i båten). Så legg ein i underband for midt- og baktofte, så ronga og forstove framme og bak. Krumane og oppskøytar for toftene blir lagt i etter kjempa (kjempebordet) er komen på plass. Ripa blir gjort ferdig med smårip på innsida og langvis på utsida. (Langvis mest brukt på 6-bordingar, sjeldnare på 5-bordingar).

Ein kan no plukke vekk sparrane og byrja å produsere lause delar.

Tiljer/plittar ligg i botnen av båten og er til å gå på (eit slags dekk). Desse er vanleg vis laga av restar av båtebord (tversgåande) og spikra fast i ein norve (langsgåande) under. Dei blir nøye tilpassa, deretter blir det bora hol i dei til ein vaksen finger så ein kan ta dei opp (den bak framtofta hadde ofte ein stor A (for attover) skoren i bakenden).

Båten må no kvelvast for å få ut spon og smårusk og for å legge drog av bjørk under kjølen. Droga er eit skiftbart slitebelegg under kjølen.

Båten blir snudd på "rett kjøl" og ein legg i tiljer og toftar og monterar keipar (to ved framtofta på 5-bordingar og to på kvar side på 6-bordingar, men dette var individuelt ut frå bruken). Framkeipane vart ofte forsterka med ein 8"-spikar veritikalt med ein pågjenga 1/4" mutter under.

Her passar det med eit spørsmål ungane ofte fekk: Kor mange kan ro ein færing/fireroing med fire keipar og fire årar, samtidig ? Svaret var, etter at ein verkeleg hadde sveiva i gang spekulatoren (ein seiemåte for å tenkje hardt) og tenkt ei stund. Største fart med to vaksne på framtofta med kvar si framår, to ungar/ungdomar på midttofta ved bakårane. Til slutt ein trena vaksen på baktofta vendande framover med ei hand på kvar bakår, denne skutar og styrer ved å veksle kreftene sin frå side til side. Båten flyg. Den blir flytta langt framover for kvart åretak og har tyngde nok til å gli mellom åretaka.

BAAT AAR VII

Til ein 9-alna færing er framårane om lag 2,85 m (5,2 båtalner eller 4,5 ”nye” norske alner) og bakårane om lag 2,50 m (4,52 båtalner eller 4,00 ”nye” norske alner). Eitt par blir laga av ein kvistfri hun (det fyrste ein skjær av rundstokken på saga, ein må på førehand ha bestemt seg for at dette skal bli årar).

Det vi held i når vi ror heiter årelom. 1/4 årelengd frå lomenden er midt på laskane/årelaskane av bjørk som ved roing er slitebelegget mot keipen (gjenom eit hol i keipen går hamlebandet slik at ein kan hamle (småro/andøve/ro bakover/skute)).

Lengst ute er årebladet som skal vere litt skrå i høve til laskane slik at åra skjær ned i vatnet når ein tek i for å ro båten framover. Årebladet skal ha om lag 1/4 lengde i høve til årelengda.

Det einaste vi vantar no er belag, tauet framme som vi legg fast båten med. Lengde ? Det skal helst ikkje nå tak i propellen om du har motor.

BAAT MAAL
BAAT BYGGEMAATAR VIII
Det store og vanskelege spørsmålet til slutt: Kor stor er eigentleg denne båten ? Døme: Ein vanleg 6-borda færing (ved fjorden kalla 9-alning). Om lag 4,65 m, ytre mål på stamnane. (Interjuvet og teksta her er frå 1983 og utsagnet er frå då): "Siste 30 åra når metermål og to sortar tomemål har vore i bruk samtidig på båt er det lett å verte forvirra. Båten er om lag 14,5 båtfot ytre lengd på stamnane. Båtfoten er 31,4 cm, som er 12 norske tomar, der ein tome er 2,62 cm. Båten er om lag 9 båtalner etter ripa, frå stamn til stamn. Ei båtaln er 21 norske tomar (til samanlikning er ei ”ny” norsk aln 24 norske tomar). Lengda etter ripa endrar seg og etter om båten er hollje eller kvædinj. Dei gamle bestilte båt etter bruk. Han kunne vere hollje framme og kvædinj bak, til segling. Eller omvendt, til notbruk. Kvædinj i begge endar, lettrodd. Eller hollje i begge endar, for mest mogeleg last. Framleis er det ein 9-alning.

Det minkar på dei som kan vurdere skogen og få den fram til ferdig båt".

So sa han far min i 1983.

Kjelder

  • Høydalsvik, Einar Olav (1921 – 1997)
  • Høydalsvik, Oddvar 1951


Ekset, Møre og Romsdal - Riksantikvaren-T314 01 0069.jpg Færingsbygging 1983 er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.