Kjeldearkiv:Gamalt fraa Valdres. Spelemenna

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Artikkelen er henta frå "Gamalt fraa Valdres" av O. K. Ødegaard, gjeven ut i 1911, og handlar om gamle spelemenn i Valdres.

Spelemenna

Av OK Ødegaard

Spelemenna e mest dei einaste «kunstnaradn» so Valdres ha aatt; men taa dei ha dei okso hatt fleire enn noko anna bygdelag, o kanskji væl so goe okso so nokor are sta'n. O felespele e kji døydd burt, o mykji taa dei gamle laatto ha halde se te no, o spelast enno, taa dei so e noko tess te o bruke fela.

Me ska me ei nokre or tala lite um noko taa dei likaste felespelaro før o hjølpe te, at dei inkji bli burt-gløymde. Før um so hende, vilde de væra stor synd, daa dei ha vøre dei gjildaste te o halde live i ein gamall «kultur», o ale fram de finaste o beste hjaa følke.

Han Jørn Hilme.

Den mest namngjetne speleman i Valdres e han Jørn Hilme so levde i Ulnesbygdn so før eit hundre aar sia. De va noko reint umframt me spele hass Jørn, o han e den, so ha vøre far aat alt, so e fin felelaatt i Valdres o mykji viare.

Solein kunne baade Hallinga o Sogninga o Vøssinga seiatt o hat lært taa ho Jørn. O han ha hatt de sama o seia før felespele i desse bygdalag so Møllarguten ha hatt før Telemarkji o bygdadn synnafør. Dei beste laattadn hass kallast «Hilmislaattadn», o de e kji nokon go spelemann i heile lande, anna han har lite taa dei i spele seno. Noko taa dei alle beste laatto va «Hilmis-rengjudn» o ein lyarlaatt, so kallast «Sevaldshaugen», o denne hadd'n drøymt se te mitt burtpaa fjelle, ei gaang han komm att ifraa Hallingdal, der'n hadde vøre o spelt i eit bryllaup. Han vart trøytt, daa'n sat ve ein haug eitte Sevaldhaugen, so ligg ve ei myr unde Selifjelle, o der søvna'n te o drøymde laat`n, so hellist e slek, a fela maa stemmast paa ein eie maate, ner'n ska laatast. De e synd, at de meste taa desse laatte e burtkomin, taa di'n skulde vøre so nauende fm. No e de att berre noko vek taa hono, o de e kji mange, so kan dei heldan. Men um de nokor gaang skulde koma ein spelemann, so kunna drøyme stubbadn attisamen, so vilde mykji væra vønne før dei, so laate paa fela, — o før dei, so høyre paa.

— Han Jørn hadde okso ein laatt, so kallast «Spelemannprøvar'n», so dei, so kommo te hono før o lære, laut prøve se paa. Ress so dei kji greidde o spela denne nokoleine snøggt, so vilde kji han Jørn ha noko me dei. O de komm læresveina te hono Jørn fraa allo dei bygdelag, so her er upprekna o endaa længer ifraa, so de va sjele so ei skule hjaa hono; o alle sta'n, so de va um o gjæra o ha eit gøtt felelæte, laut han Jørn væra teste'is o laate.

Ette hono Jørn va de mange fælande dugele spelemenna i mest allo Valdresbygdo, o me sko rekne upp nokre taa dei. — Sønidn hass Jørn, han Nils o'n Trond vøro baae tvo meistele goe spelemenna, o vissa'n Nils, so dei kalla Jørnnils, va tettpaa so go so far sin. Men so hadd'n okso vøre me fa're, fraa'n va so met`n kunna rakle me, o han va kji meir enn nævin stor, førn va me so langt so paa Øyre o spelte.


Han Lars Krøsshaug,

so va son aat ein endaa ældre Spelemann-Lars, va ifraa Vang o komm sia te Eggji o derette te Beito. Han va skraddar han Lars o hadde støtt fela me se, der'n foor o skraddelte. De va alt likeso so trillande rundt me ho Lars. Lit`n o rund va'n sjøl, o rundt o fint va de alt so'n skraddelte, o den vesle fela va okso fin o rund o utkrota, o laattadn trilla so rundt o mjukt so smaae gaadn-nyssto.
Dei sa um'n Lars, at'n saumde so gøtt, at saumadn hengo att like goe, um alt de andre taa klæo va burtslete, o so va de okso me laatto hass, — dei hengo lengji att hjaa følk, ette'n Lars va burte. — Te o krote ut o gjæra rose me knive va han Lars okso ein meister, o de ha enno inkji fønnist nokon i bygdn, so ha gjort slekt arbei finare enn'n Lars. —

Bror hass Lars Krøsshaug, so kallast Andris i Plasse, va mest like so go'e spelemann, men han spelte mest i Liagaro o vart kji so kjend so'n Lars. —

Han Andris Jome o han Gølik Teigstole hadde baae tvo lært taa ho Jørn Hilme o spelte baae tvo so indele fint, o han Knut Rengjistad, so sia komm te Røn, o han Knut Neste, so reiste te Amerika, vøro okso haaggande goe te o laate. Dei fire va spelemenna noko so ner sama tie o va alle fraa Vestre Slire. —

Um han Gølik Teigstole e de hellist o seia, at de va ei gaang, han sat austi Mørken o meinte so te'n va vakin, so høyrde'n ein so nauende fin laat, o han trudde sikkert, de va haugafølke, so spelte. Ventele hadd'n dubba lite. Men laat`n sette se fast i ho Gølik, o han gjekk o smaahulla paa'n heimover vegen, o trast`n komm heimatt, set`n den paa fela; den laat`n e strøkin paa mange felo sia. —

Ola paa Hamrisbrøto. (Ette huks taa ein husmann)

Ola paa Hamrisbrøto.

Um han Ola paa Hamrisbrøto maa de fortæljast lite meir, taa di de va mykji, so følk sa va rart ve'n Ola. De va kji berre de makalause felespele hass, so va o merkji se ve'n; men han tænkte so mykji over alt han Ola, o vilde kji gje se, før'n fekk greie paa de, so'n komm te tænkji paa. Han budde i ei liti stogo synna Hamre paa vestsi`un aat Slirefjore, men de kunna øfto hende, at han sto upp mitt paa nat`n o rodde over fjorn aat præstgare o fekk vækkt præsten o ga se inkji, før præsten laut prøve te o greie ut før ho Ola de, so'n kji skjønte taa di, so'n hadde tænkt paa, o de va mang ei gaang slek, at præsten sjøl inkji komm stort længer enn han Ola.
— De va kji gøtt o væra fela hass Ola paa Brøto. Han va so nauende fin paa di, ner'n skulde lye ette, kost ho svara, at de øfto bar gale i vegen me felun, ress so ho kji let, so han Ola likte de. No veit ein de, at mest alle rfelo stundo slaa se range, o at de e noko i vege me dei, o slek treffte de øfto me felun hass Ola, o ei gaang han kji fekk fela sjele te, so tok'n ho me se utpaa Slirefjorn o batt ein stein attve hona o søkte ho ne. Ei a'n gaang hadde'n kjøft ei meistele go fele hjaa hono Nils Bælji, so va ein meisters felemakar, o gjeve 5 dalar før ho.
— O heime hjaa se sjøl skuld'n daa prøve fela. Han sat fysst paa peiskrakke, men de vilde kji ljøme rettigt, o so prøvd'n i alle røna i stogun o te sisst i roon baka døre, o daa de heldan inkji der gjekk, so'n likte de, so va de kji længji, so'n sa, før fela sat i vægge. Endaa han Ola hadde liti raa, so træla han allti te dei skillingadn, so trøngdist te o kjøpe felo. I dansa kunna de hende, at de va ein a'n spelemann, so han Ola syntist let engon laattn finare enn han sjøl, o daa kunna han gjedne slaa fela si i sengjistølpin me ei gaang. Men ner'n sat o fekk fela te — o fekk rette strøke, so'n sa, daa va de ofto slek, at de kji va længji, før baade han Ola o dei andre, so høyrde de, støkk taare. De va so vekjømele, ner'n spelte dei finaste lyarlaattadn.

Umframt fela va de tvo are ting, han Ola helt mykji taa. De va den gamle mor si, so'n hadde hjaa se, osso ei ottedagas stogoklukke. Men denne stogoklukka hadde no gange i so mange aar i røyk o soot o inkji vøre pynta, at ho tok te slarre paa o inkji vilde gaa meir. No va kji han Ola nokon klukkemakar; men han to likevel klukka ifraa ina'n o smorde ho me feit tjøro-smørning, o daa'n skulde atte sæta ho isamen att, gjekk de villt. Han helt paa, te de vart kvældn, o like langt va'n komin, o no laut mor hass tænde ei tyrispik, o, so gamal ho va, staa o lyse hono. O de vart manga tyrispika, so more laut tænde, o hona tok te o synast, de vart langvøre. Men han Ola sa: «E ser nok, de leita de mor, men no ska du staa der, no.» Han fekk nok kji klukka atte, o ha kji more vøre ve, so va de kji mykji um o gjæra, anna klukka ha gange sama vegen so feludn hass.
Han Ola va døravæktar ve Slirekjyrkja dei sisste aare, han levde, o resso ringjaradn inkji ringde dei fine Slireklukkudn rettigt, so dei kji stemde sjele, so grein de vindøygde anlete hass Ola so saart, so noko skulde vøre illt aat hono.

Han Halvor i Hansegare,

so budde paa Jomsmoe, va noko meir grov-gjord te o spela, osso hadde'n de me di, at'n trampa o trau so fælt, ner'n spelte, sjele slek so engon Telemarkjingen enno gjere. Han spelte mest i danso, o paa kor einaste aksjon so møtte'n Halvor likso sikkert so lesmann. Ner daa lesmann reiste, so begjynte han Halvor te o spela burtpaa laava» o de vart dans og spel o tramping, so dumbedrefte sto, O ner de lei paa mørgonn, so va de kji gøtt sjaa, ko talskjiva hass Halvor va gjord taa. Han Halvor va dansespeleman baade i Valdres o Hallingdal.

Han Knut Sjaaheim

va son hass Bendik i Milo o budde paa Sjaaheim, so e plass unde Fauske i vestre Slire. Han Knut skulde vøre go spelemann, me han va so lit'n, at dei laut bæra'n paa rygge burti dansadn, o daa sette dei'n i hægsetglaskarmen, so han kunna trøa ne'i høgsetbænken me føto. — Ette'n vart vaksin, kunna han sita spela o tala ve følk um eit o anna paa ei gaang. Men han reiste tile te Amerika, o der spelt`n aat hono Ola Bull, so ga hono 100 dalar før de spele, o sa, at'n va ein taa dei besste spelemenno, han hadde høyrt.

Han gamle Andris Skogstad

I Vang va makalaus te o laate lyarlatta, o de e snautt nokon, so ha laate Tømmøsklukkelaatn slek so han, o kanskji han sjøl hadde drøymt mykji taa hono uppaa Smedale. Men de va kji gøtt aa faa Skogsta'n te o laate aat se. Dei seia, at'n hadde løte strøke paa fela aat hono Ola Bull ei gaang; men hellist so læste'n se inne o sat eileine, ner'n spelte. Ner'n daa let, so kunna ein væra viss um, at de stelte se følk utta veggen før o høyre paa, o den, so høyrde Skogsta'n, ner'n tok dei finaste strøke, laut hukse dei ei go ri. —

I Vang va de okso paa dei sama ti'n, at'n Ola Søine o han Knut Nordland va meisterspelemenna. — Søinin hadde lært se «nota»; men e veit kji, um'n brukte dei, ner'n spelte paa Harangfela. —

Austa Aas'n va de han Ola Strande o han Jigjer i Sagahauge, o han Tøstein Bustebakke, o han Knut Vøle so va gjeldaste spelemennadn i dei ti'n.

I nørre Aurdal va han Bendik i Nø'n namgjetin før felelæte seno. Han Bendik tok me se te Amerika den fela ette ho Jørn Hilme, so dei kalla «Garlistut`n», o de kan gjedne hende, den finst derburte enno. De sto stort or taa dei felun o hono Bendik. Desse spelemennadn, so e nemde ette ho Jørn Hilme, spelte neover aat 6O—70 aaro, o nokon tåa dei lite længer.

Men de va so ner, me ha gløymt hono

Gamle Tøstein Røyne,

so levde paa sama ti'n so'n Jørn Hilme, o va mest likeso go te spela. De gaar den seigne um'n Tøstein, at daa han o noko are spelemenna kappleto paa fela ei gaang paa Røyne, daa let`n so, at eit spjæld i peis-pipun, so va væl fastrusta, to te danse upp o ne, so de søng, o bnennevinbuttil'n dansa so'n Halling paa bore.
— Følk trudde okso, at Røynin o Fa'n hade noko me ina'n o gjera, ner'n let so likast. Ei gaang kom ein Gudbrandsdøl te Røyne, so kunna mest likeso mykji me felun so Røynin sjøl, o karadn sette se te kapplaate. — Men de va kji længji, før de rauk ein streng før Røyna. Han læst inkji akte de noko o spelte de sama. O daa va de heldan inkji længji, før de rauk streng ette streng paa dølefelun, a daa de ingjin va att, so laut døl'n gje se. Daa hadde'n fønne overmann sin, ko go'n va. —

Han Ola Haugset,

gamle Haugset`n, dei kalla, budde længji i ei liti stogo paa Rønsmoe, o va landkræmar, attaat`n spelte paa fele. Han døydde so før eit tjue aar sia. — Daa han va paa sitt besste, so va'n reint makalaus te o laate mjukt o fint, o endaa paa sene gamle daga, so let`n jamle so gøtt, at de va mange taa dei, so reiste ette vege, so ga se te o kvile længji paa Rønsmoe før o høyre paa spele hass.

O me di sama, me tala um Haugset`n, so ljøte me nok okso førtælja, at`n hadde vøre sjele go kar i sene unge daga, o endaa, daa han va vørtin ein nokolite gamal mann, so va'n reint otrule spræk. — Dette kom hono væl ve eigaang, daa den fæle taterfant`n, han Svarte-fredrik, braut se inn i kraambue hass, o ha vilja drepe'n.

De vart eit basketak me Haugsete o fante, so va fælande so fælt, o so slutta me di, at Haugset`n fekk reve tvo finga taa fante o fekk'n unde se, o jula'n sjele dugele. Daa brordøtte aat Haugsete fekk kasta te hono eit par tauma, so fekk'n bønde fanten, o so skulde de nok ha vanka lite attpaa. Dei andre fantadn, so va me ho Svartefredrik, o støndo ute, vørto rædde o fauk sin veg, o han Svartefredrik fekk baade lesmann o dokter te se sama natte, o kom fysst paa sjukehus o sia paa slavrie. —

Haugset`n hadde nok vørte rædd før de fysste, o sia vart`n sinna. Men daa alt va væl testande, so let`n paa fela, te sinne gjekk attaa hono.

Men de gaar kji an o sæta att dei gjilde spelemennadn, so ha vøre i sørre Aurdal heldan, o so lyt me fysst minnast

«Brøtagutn»,

so va ifraa ein plass, so ette Fiskebrøtin o laag paa grænnsun i myljo nørre o sørre Aurdal, men so no e reint burte. Brøtagutn va fødd paalag 1790 o va «ungkar o spelemann» alle sene daga. — Han skulde vøre reint framifraa «musikalsk», o han let i brullaup o dansemoro mange sta'n ikringo, o va den sisste i sørre Aurdal, so dreiv felespele paa den gamle gjerde. Han spelte i bryllaup ratt utover te sekstiaaro. Men de va noko meir ve'n enn berre felespele. Han va skjemte-full o kunna bruke kjaftn te mykji, so vart te moro. — De e mange rispo ette Brøtagute, so de kunna bli ei heil bok um de; men difør e de okso besst, o læta væra tala meir um'n, te'n kjem, han so skriv boke.

Brøtagutn hadde ein bror, so eitte Nils o va ein dugele spelemann. Han va kji sjele so go te laate so bror sin; men han va endaa glupare te o faa te noko, so va morosamt. Dei sa jamvel, han kunna trølle. Men de va væl mest slek, at'n brukte de goe huvue sitt te o narrast ve dei, so inkji hadde før mykji vet. Han e no før længji sia farin te Amerika.

Syskjindbaadne aat Brøtagute kalla dei «Baias», o han va okso ein gjild spelemann. Hellist so eitt`n Halvor o budde uppi Reinli ei sta'n, o der døyde'n før ei nokre aar sia.

Dei kalla'n «Baias», taa di han fann paa so mykji rart o gjorde so mange rare spøk. Soleisn gjorde han sama spisspurstykkji so Kaarstagutn i Slire, daa'n va kongens kar. Han ekserte paa Bagnsmoe, o ein dag klæggen va lei, so fekk'n løv o sjena. — O so sjena'n burt te Vøll o va burte, me han fekk laga te eit par sko. Ventele va de aat hono gamle Erik Thesen, so endele laut ha nye sko paa ei reise te Lillehamar. — I Valdres e de okso eit gamalt or, at de e førskjel paa følk o Halvor.

Fraa dei nyare ti'n e de han Ola Lindelien, o Steinsrud'n, o Tøllevsrud'n so e namjetnaste spelemennadn i sørre Aurdal. De so va so sers ve han Ola Lindelien, so dei kalla «Lissen», va, at'n va so reint levandis taa se, ner'n spelte. Han spelte me fingo o me augo o me heile anlete, o trau takte inkji berre me føto, men me heile skrøtte. — O daa «Lissen» øfto va fælt tysst so kunna de raake, at'n tok før mykji væte te se, o daa vart`n endaa meir levandis. De gjekk daa fram o attende paa krakke, so han sat paa, o engor gaange kom'n førmykji utpaa kraksendin, so de bar aat øske-hauge baade me hono sjøl o felun, taa di han rae laut sita tett in've peis'n.

Steinsrud'n komm se te Amerika, ette han hadde vørte aav me gare seno, o vart derburte like so namgjetin spelemann so heime. Men so paalag før eit tjue aar sia skuld'n reint ha slutta me felun, taa di han miste døtte si so snøggt. Dei førtælja um Steinsrud n, at'n ei gaang va paa Raudalsdanse, o der høyrde'n paa ein Halling, so sat o saga o let paa ei skarvefele. — Sjøl hadde'n kji fele me se. Men so han sat o høyrde paa fillelæte, so tok strengjidn te o springe før Hallinge, o daa de kji va fleire att, so vart Hallingen reint ifraa se, o daa han skjønte, kosst de hadde se, so rak'n fela te Steinsru'e. Steinsrud'n hængde atte strengjidn o let slek, at de va ingjin, so hadde høyrt slekt spel. Dei laut danse so ville mann, alle so te ste'is va, anti dei hadde meint se te di enn inkji. — Steinsrud'n kappspelte me Hallingo, so so Røynin me Dølo, o daa ein taa besste hallingspelemenno ei gaang kom over fjelle før o kapp-laate med hono, so gjekk de me Hallinge so me Døle hjaa Røyna. — Dei Valdressadn e nok noko te kara maata!

  • *

Tøllevsrud'n va taa eit nyare spelemannslag o spelte Tøllevsrudgarn ifraa se. Han va ein spræk kar og meister te danse o orhittog o hadde framifraa gaavo, so de kunna vørte mykji te mann. —

Men de staar so gøtt eit spelemann-or taa hono, at'n kan være væl tent me di te minnestein i bygdn.

Taa spelemenno ifraa Bagn maa me enno taka me ein:

Han Ola Dønhaug.

Kongsstein`n

Dønhaugen va kji so mykji kjend før felespele sitt uttum sjølve heimbygde, før han spelte mest heime hjaa se sjøl. — Men de va grovt so fint han spelte gamle laatta o visetona aat ungdome, ner dei samlast ikringo den vesle stogo hass o synndagskvældadn. O so kunna han førtælja so gøtt engor rispe attaat. — Han hadde vøre skulemeistar o klukkar noko attaat okso, o so va'n hændig paa mange slags smaa-arbei, so de skulde eit gøtt huvvu te o skjøne se paa. — O so va'n framifraa snøggtenkt o orhittog. — Paa dette ha me ei liti prøve: Daa gamle provstn Stabel — eidsvoldsmann va — skulde fløta fraa Bagn o ba vælleva me Dønhauge, so sa provstn: «Ja, nu, min kjære Ole, maa vi haape paa at træffes i himlen!» «Ja — Fa'n tek dei, so kji der kjæm,» sa`n Ola.

Men de so ha gjortn Ola Dønhaug mest kjend i vær'n e den store graastein, han hadde bygdt stogo si attaat i vegabradde trast nora Bagnskjyrkja. — Denne stein'n e ein nokolite stor kult, o den vart kalla Kongsstein'n. Inni denne stein ha han Ola haagge inn namne aat allo kongo i lande fraa føreiningen me Sverig — ifraa Karl XIII te Oscar II, o fællt inn belæto deris, so ner so taa Karl XIII, o skreve «valgsproke» deris. De e haagge dugele djuvt inni stein, so de nok alder gaar burt att. No e belæto burte; men de andre e der. — Paa steine staar de:

«Karl 13de, vor første Unionskonge. 1814. Valgsprog: Folkets kärlek min högsta lag. —

«Tyvende Aar Kong Karl Johan bar Norges Krone trolig, da bygde Ole Olsen Bang, paa Dønhaug glad sin Bolig. 1838. Valgsprog: Folkets Kjærlighed min Belønning.»

«Kong Oskar, en Pryd for Karlernes Æt, han styrer vort Land med Sandhed og Ret, 1854.»

«1871. Nu femtende Karl vor Konge er, Regjerer i Fred, er Folket kjær, han byder: Med Lov man Land skal bygge.»

«1872. Kong Oskar den Anden ved Broderens Død — arvede Norge, som Grundloven bød. Valgsprog: Broderfolkenes vel.»

Paa eine kante aat steine hadde'n haage inn belæte sitt eie, o der staar de: «Mit Minde lad uhindret staa, gid Norge frem i Hæder gaa til Verden blir af Alder graa. Ole Dønhaug. 1872.»

Han Ola Dønhaug, so va fødd 1800, døyde 1880.

Ette sekstiaaro va de han Ulrik i Jensestogun i nørre Aurdal, han Jørn Røn i Vestre Slire, o han Nils paa Beitehauge i øystre Slire, so va dei likaste spelemennadn i Valdres. Den namgjetnaste taa desse tryaa e han Ulrik, so ha spelt ikringo heile Valdres o endaa mykji viare, o han spela enno mest like gøtt.

Men han Jørn Røn hadde nok de finaste maale i felun seno, ette so mange seia, o de e synd, at de i dei sisste aaro ha vøre so længji i myljo kor gaang, han ha take i fela si.

O han Nils paa Beitehauge ha ei gaang, enn de e tvo faatt præmi før felespele sitt, so han tyt væl okso ha vøre noko tess. —

I vore daga so kryr de taa spelemenna i Valdres vissa i Slire, o mange taa dei spela meistele gøtt.

Soleisn maa me nemne han Ola Fyrtro me di reine, mjuke spele seno, o han Ivar Rengjistad, so ska væra so go danse ette, o fysst o fremst han Olav Mo, so dei no meine ska væra beste spelemann i heile lande, o den, so ska likne mest paa'n Jørn Hilme.

Men daa desse spelemennadn inkji ha spelt i fraa se paa ei lang ti enno, so e de kji værdt o seia meir um dei denne gaange, o so vil e tru, at de vonle kjæm fleire attaat, so bli likeso goe, o daa kann ein a'n ein okso faa spelemenna o skrive um.

De e eit mærkji paa, at de e go to i Valdresse, at felespele ha halde se so gøtt, o so e de noko anna gjildt, so ha halde se me felespele. De e dei «nationale» dansadn — Springdans o Halling. — Vissa springdansn dansas so gøtt i Valdres, at de e kji i noko anna bygdalag, dei danse so fint so der. — De e kji slek tramping o so mykji kælvespretto so monge are sta'n; men de e meir taa di so syne fram de fine o bljuge, ner gut`n o gjenta snu se ette feleun. - - De ser okso ut te di, at ungdomen meir o meir koma te o halde taa desse danso o slutte meir o meir me dei bydanso, so tok te o koma inn i bygde me bæljispel o anna slekt skraplæte.

/ O K Ødegaard, Gamalt fraa Valdres 1911