Kjeldearkiv:Grunde J. Skomedal – nokre erindringsminne frå tida til sjøs

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Grunde J. Skomedal – nokre erindringsminne frå tida til sjøs
Grunde J Skomedal.jpg
Grunde J. Skomedal.
Foto: Margit Vea i Sydkorset nr. 1 (2007).
Kildeinformasjon
Navn: Grunde Johnson Skomedal
Født: 14. juli 1916
Død: 24. oktober 2015
Nedtegnet: Johnny Haugen
Beskrivelse: Trykt på side 93–100 i Setesdal og setesdølar, 2016. (Gjengjeve med tillatelse frå Setesdal Sogelag).
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Grunde J. Skomedal (99) – nokre erindringsminne frå tida til sjøs..
Fortalt til Johnny Haugen.
Johnny Haugen er fødd i 1974, og er frå Evje. Utdanning med vekt på nordisk språk og historie. I dag (2016) fagansvarleg i Agder Historielag.

Grunde Johnson Skomedal var fødd 14. juli 1916. Han voks opp på Longerak i Bygland, men busette seg i Australia i 1953. I to tiår seglde han på ulike skip før han gjekk i land i Melbourne. Fram til han blei pensjonist arbeidde han som skipsagent for Wilhelm Wilhelmsen i 25 år. Han var også aktiv i det skandinaviske kyrkjerådet i Melbourne i over 40 år.

Grunde J. Skomedal døydde seinhaustes 2015 i Australia, 99 år gammal. Han var aktiv fram til det siste og godkjende dette intervjuet til prenting i Setesdal Sogelags årsskrift. For sin innsats som krigsseglar under andre verdskrig blei han tildelt krigsmedaljen (1981) og Kong Haakon VIIs Frihetsmedalje (1988). (Red. Johnny Haugen.)

«Eg er fødd 14. juli 1916 og vaks opp på ein gard på Longerak i Bygland. Det var ein god oppvekst med ansvar for gjeting i skog og mark og med mykje arbeid heime på garden. For mange nykonfirmerte ungdommar på denne tida var det vanskeleg å få seg fast arbeid utanfor heimen. Så hausten 1932 byrja eg på Setesdal ungdomsskuleGalteland.

På skulen hadde me eit variert undervisningsprogram. I sløydlære hugsar eg at me laga ein stol, ei kiste og eit par ski. Jon Løyland frå Valle var læraren vår, og elles gjekk eg saman med Nils Langerak frå Huset og Olav P. Nordgarden frå Åraksbø. På laurdagskvelden var det elevrådsmøte i sløydhallen og det var alltid moro. Nevøen til skuleleiar Gunstein Greibrokk kom eins opp til Galteland for å lære oss folkedans. Den gongen hadde me ikkje noko musikk, så musikken stod me for sjølv gjennom song. Eg trur det deltok 16 gutar og 16 jenter desse kveldane.

På nyåret i 1933 las eg i avisa at skuleskipet «Sørlandet» skulle på sommartokt til Chicago. Denne reisa ville eg gjerne vere med på. Eg sende av garde ein søknad, og etter ei tid fekk eg svar: Eg var teken opp som elev på skuleskipet – knapt 17 år gamal.

Søbø på Longerak. I desse husa voks Grunde Skomedal (99) opp saman med sju sysken. Både han og eldstebroren Gunstein seglde ute under andre verdskrigen.
Foto: utlånt av Bygland kommune / Setesdalsmuseet.

Skuleskipet «Sørlandet»

I april 1933 tok eg eksamen på Galteland og reiste heim. Men berre fire dagar seinare, den 18. april, fór eg vidare til Kristiansand. Der stod skuleskipet «Sørlandet» – stor og fin. Det skulle bli min læreplass dei neste månadene. Etter nokre dagar med opplæring kasta me med loss frå sørlandsbyen og sette kursen for verdsutstillinga «A Century of Progress International Exposition» i Chicago. Der skulle skuleskipet vere ein del av utstillinga.

Ombord var me 90 fyrstereisgutar. Alle sov i hengekøyer, og det meste me eigde blei plassert i ei lita skipskiste. Der hadde me klede og koppar og pletter i aluminium, for det nytta ikkje porselen om bord på eit skip. Oppvasken gjekk elles på rundgang. Eg minnes at eg blei sjøsjuk dei fyrste dagane av turen, og eg var spent då eg måtte opp i riggen for første gongen. Men med tida blei ein jo vand med det.

Møtte Henry Ford

Turen over Atlanteren gjekk godt. Då me nådde New Foundland-bankane, fekk me vérstille og nokre av oss fann fram fiskekrokane. Du kan tru det smaka godt med fersk fisk etter veker med salt kjøt frå Argentina. Seinare var me innom Quebec og Montreal (Canada), og passerte dei store innsjøane ved Lake Michigan.

Då me kom fram til Detroit, fekk me ei omvising på Henry Fords bilfabrikk. Der blei ein ny bil ferdig på samlebandet kvart 58. sekund. Det var eit imponerande syn for oss ungdommar på denne tida. Me blei godt mottekne og mange nordmenn jobba i fabrikken. Henry Ford kom sjølv ut og handhelsa på oss. Det sette me stor pris på.

Verdsutstillinga i Chicago

Då me segla inn til Chicago 20. juni 1933, stod det fleire tusen tilskodarar på hamna. Fleire av dei kom om bord for å sjå på skipet og helse på kapteinen vår, Helge Brunsvik frå Kristiansand. I tillegg heldt sjøfartsdirektør Magnus Andersen ein tale. Det eg hugsar best frå opphaldet i Chicago var då det blei halden ein festmiddag på Stevens Hotel for å markere Noregs dag på utstillinga. Då kom me alle 90 unggutar marsjerande inn i storsalen, ikledd kvite uniformer. Nærmare 1000 gjestar klappa for oss, og då var me ikkje så lite stolte. Talane gjekk mest på engelsk, så det var ikkje so lett for oss unge gutar å skjøne det som blei sagt. Men med tida lærde me engelsk.

I 1933 var Grunde med på skuleskipet Sørlandet si vidgjetne sjøreise til Chicago.
Foto: utlånt av familien.
Mannskapet på «Sørlandet» fekk håndhelse på den amerikanske bilprodusenten Henry Ford i Detroit.
Foto: utlånt av familien.

Tilbake til Noreg

Etter vel ein månad i Chicago sette me igjen kursen for Noreg. I slutten av august kom me til Sørlandet og blei godt mottekne. Men reisa var ennå ikkje over. For i Oslo venta Kong Haakon og kronprins Olav. Vel framme med «Sørlandet» i hovudstaden kom dei kongelege om bord og kongen heldt ein fin tale for oss. Under ein festmiddag skulle me førstereisguttar servere den norske regjeringa kjøt og ertesuppe – ekte skipskost. Me fekk utlevert eit kvitt forkle og eg skulle hjelpe til med serveringa. Det var ikkje fritt for at eg var ein smule nervøs for å søle eller å gjere noko gale, men det gjekk heldigvis godt. Då me etter nokre dagar vende tilbake til Kristiansand, kom skipsreiar O.A. Skjelbred om bord. Han gav oss ein Bibel og takka alle for innsatsen. Han avslutta med orda: «Gå på med krum hals og utfør eit godt arbeid, så skal det gå dykk godt!».

Eg blir sjømann

Det var godt å kome heim til Longerak etter den fire månaders lange reisa. Men samstundes hadde eg eit håp om å få hyre på ein båt om ikkje så alt for lenge. Og heldigvis, nokre veker seinare fekk eg eit brev frå skuleskipsstyret om at eg kunne få hyre på ein norsk båt frå England.

Då eg kom fram til Newcastle on Tyne, fekk eg hyre som kollempar på kristiansandsbåten D/S ASTRA. Som kollempar fekk eg utbetalt 77 kroner i månaden. Til samanlikning tente ein matros 144 kroner i månaden, medan ein jungmann fekk 53 kroner pr. månad.

Oppgåva mi som kollempar var å frakte 18 tonn med kol i døgnet til fyrbøtaren. Då kunne ein fyre opp vasskjelande til å drive skipsmotorane. Dessutan måtte eg heise opp aska og tøme ho over bord. Det blei lange og harde arbeidsdagar med 84 timars arbeidsveke. Eg var om bord på Astra frå slutten av oktober 1933 til februar 1937, utan ein einaste ferie.

Båten frys fast ved Leningrad

I åra 1933–37 var Grunde ombord på kristiansandsskipet D/S Astra. Der arbeidde han både som kollempar og matros. Her har skipet frose fast i isen utanfor Leningrad i 1934.
Foto: Utlånt av familien.

På ei reise til Leningrad (nå St. Petersburg) var formålet å hente trelast. På denne tida hadde eg som jungmann ansvaret på dekk, noko som mellom anna innebar å feie og gjere reint på dekk, halde utkikk og elles ha ansvaret for riggen. Då me nærma oss Leningrad, var isen svært tjukk og båten fraus fast utanfor hamna. Der blei me liggjande i jula 1933–34, i sterk nordleg vind og med over 30 minusgrader. Det var ikkje fritt for at alle om bord fraus. Dagen før nyttårsaftan kom heldigvis den russiske isbrytaren «Krasin» og tok oss på slep inn til Leningrad. Då fekk me endeleg lossa og lasta ombord det me skulle, og me kunne vende tilbake til Grimsby i England. Der fekk me melding frå skipsreiaren om at han ikkje hadde fleire oppdrag denne vinteren. Så skipet gjekk i opplag.

Frakt av peanøtter og appelsinar

I april 1934 fekk me nye oppdrag. Denne gongen seglde eg saman med mannskap frå Vennesla, Randesund og Flekkerøya. På ei reise til Senegal i Vest-Afrika skulle me frakte peanøtter til Holland. Det blei ei nesten uthaldeleg reise. For det var så varmt at det knapt var mogleg å sove i lugarane. Dessutan fekk fleire av mannskapa malaria, og dei blei sjuke i lengre tid. Det var ikkje heilt ufarleg å vere sjømann på denne tida. Seinare på året frakta me 29 000 kasser med appelsinar frå Valencia (Spania) til London. Under den eine lastinga gjekk ei av kassene i sund og då fekk me smake appelsinar. Det smaka godt, for dette var ei sjeldan vare i Noreg.

Det heldt på å gå gale

Under krigen seglde Grunde ombord på skipa Anatina, Pollux og Tamerlane. På sistnemnde var han fram til krigen var over. Etter krigen fekk han krigsmedaljen (1981) og Kong Haakon VIIs Frihetsmedalje (1988) som takk for sin innsats i handelsflåten.

I februar 1935 blei skipet på nytt lagd i opplag ved Odderøya utanfor Kristiansand og eg fekk jobben som vaktmann. For dykk som ikkje har vore ombord på eit jarnskip vinterstid, så kan eg fortelje at det kan vere bitande kaldt. Eg blei difor glad då ein tidlegare skipskaptein kom ombord med ein gamal parafinvarmar. Han meinte at omnen kunne vere nyttig for å halde kulda ute om kveldane. Det låg stor omtanke i dette tilbodet, så eg takka ja. Men neste morgon vakna eg medan eg høyrde reiaren stod på land og ropa på meg. Då var klokka ti og eg kom meg ut på dekk, mest i svima. Det var i grunnen vanskeleg å samle seg, men etter kvart forstod eg kva som hadde hendt: Eg hadde gløymt å sløkke parafinvarmaren før eg sovna på kvelden. Truleg hadde den brunne opp det meste av surstoffet i lugaren. Det var ei Guds lykke at skipsreiaren kom til skipet sitt akkurat den morgonen, for elles kunne det ha gått rett gale.

Krigen bryt ut

I åra 1937–38 var eg heime på Longerak og arbeidde på garden. Men på nyåret i 1939 mønstra eg ut som matros på motorskipet ANATINA. Skipet var då heilt nytt og eigd av Marcus Chr. Stray i Kristiansand. Skipet blei sett i fart til Sør-Amerika, Nord-Amerika, Canada og Japan med forskjellig last. Me var i Atlanteren 1. september 1939 då andre verdskrig braut ut. Då Noreg vart angripen 9. april 1940 var me i Kina. Bensin blei lasta på dekk, medan parafin vart plassert i lasteromma. Det var ei eksplosiv og farleg last. Denne frakta me vidare til Thailand, Calcutta og til slutt til Amerika. Ei tid var eg også om bord på bergensskipet D/S POLLUX, med Tørres Tørresen frå Arendal som kaptein. Stort sett frakta me krigsutstyr for Amerika i Atlanteren og til New Foundland. Då Japan angreip den amerikanske flåtebasen Pearl Harbour 7. desember 1941, hugsar eg at president Roosevelt tala på radio. Han fortalde at no var Amerika i krig og det var alvor. Broren min, Gunstein som budde i Michigan på denne tida, verva seg for US Navy og han var om bord på USS BARTON heilt fram til krigens slutt.

Styrmannskule i New York

I februar 1942 mønstra eg av for å begynne på styrmannsskulen i Brooklyn, New York. Det vart ei hektisk tid med seks dagars skuleveke. Men etter fem månader gjekk eg opp til eksamen og fekk styrmannssertifikatet. Då var eg klar for ei ny utreise.

Først mønstra eg ut som fjerdestyrmann på motorskipet TAMERLANE. Skipet var bygd i 1936 og eigd av Wilhelm Wilhelmsen i Tønsberg. Skipet gjekk mest med krigsmateriell og mat over Atlanterhavet. For å verne skipet mot angrep, blei det utstyrt med 4 tommars kanon akterut, 3 tommars kanon forut og 4 antiluftskyts på brua og båtdekket. I tillegg blei det teken ombord 10 skyttarar frå marinen for å handtere kanonane døgnet rundt. Ombord hadde me også ein såkalla torpedodetektor. Oppgåva var å registrere den høgfrekvente propell-lyden til torpedoen og varsle oss, slik at skipet kunne svinge unna. Dette hende to gonger på mi vakt og det var nervepirrande sekund.

I åra 1942–45 seglde Grunde ombord på motorskipet Tamerlane, eigd av Wilhelm Wilhelmsen i Tønsberg.
Foto: Utlånt av familien.
I 1946 fekk Grunde Skomedal æra av å halde 17. mai-talen i heimbygda si på Longerak. Her er mange av sambygdingane samla til fest på Grunnlovsdagen.
Foto: Utlånt av familien.

Tilbake til Noreg…og ut igjen

På nyåret i 1946 kom eg heim til Noreg. Da hadde eg vore ute i godt og vel 7 år. På denne tida hadde eg knapt sett familien, så det var godt å møte kjende og kjære heime på Longerak. Dette året fekk eg halde 17.mai-talen i heimbygda mi, noko som var ei stor ære for meg.

Eg var nå likevel klar for å satse på sjømannsyrket frametter. Utpå hausten reiste eg til i Kristiansand og byrja på skipparskulen. Der tok eg eksamen året etter og dei seks neste åra var eg ombord på fleire skip, både som overstyrmann og skippar.

I eit selskap i Melbourne (Australia) i 1948 møtte eg ved eit tilfelle ei kjekk ung jente, Betzy Hartup. Bestefaren hennar var frå Noreg og bestemora kom frå England. Dette møtet enda med truloving i 1949 og giftarmål i 1950.

Eg fortsette som skipsførar til hausten 1953. Då gjekk eg i land for godt og busette meg i Melbourne. I nærmare 25 år arbeidde eg som skipsagent for Wilhelm Wilhelmsen. I dette arbeidet ordna eg med alt som hadde med skipa å gjere frå land. Eg skreiv rapportar, fekk skipsløyve, sende telegram og kontrollerte sikkerheitsutstyret om bord på skipa. Dessutan har eg vore med i det skandinaviske kyrkjerådet i fleire år og hjelpt nykomne emigrantar til Australia. Det har vore eit særs gildt arbeide», avsluttar Grunde Skomedal.

Grunde saman med kona Betzy.
Foto: Utlånt av familien.
Grunde Skomedal som styrmann.
Foto: Utlånt av familien.
Under krigen fekk Grunde Skomedal ei helsing frå prinsesse Märtha og borna Astrid, Ragnhild og Harald. I 1972 møtte han kronprins Harald og kronprinsesse Sonja då dei vitja Melbourne. Då fekk den ti år gamle dottera Annelise Skomedal overrekke blomar til kronprinsparet.
Foto: Margit Vea i Sydkorset nr. 1 (2007).
Etter krigen fekk Grunde J. Skomedal fleire utmerkingar for sin innsats som krigsseglar.
Foto: Utlånt av avisa Setesdølen.