Kjeldearkiv:Ola Hamre Av Olav moe

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Artikkelen er henta frå Tidsskrift for Valdres historielag 1942, og handlar om spelemannen Ola Hamre (1819-1896) frå Vestre Slidre i Valdres.

Gamle Valdres-spelmenn VII.

Ola Hamre

av Olav Moe

Ola i Hamrisbrøto. (Ette huks tå ein husmann.)

Ola Torleivson Hamre - «Brøtaguten» dei kalla han i dagleg tale — var fødd og uppvaksen i Vestre Slidre, på Kvåle 6/2 1819, og døydde der som gamal ungkar i uvanleg små kår.

Det hev vore som ein usæl lagnad for flest alle bondespelmenn at dei livde i sut og saknad. «Det er forbanningi for deira syndefulle yrke,» sa pietistane, som såg fela som djevelens reiskap. Nokor retteleg grunngjeving for den einvise, sterke domen fekk ein aldri. Dei dømde for å døma -- noko dei ikkje hadde kjennskap til eller skyna seg på.

Grunnane til fatigdomen kunde vel vera mange; men ein hovudgrunn var sikkert den at spelmannen gjekk so heilt upp i kunsti at han gløymde alt anna — jamvel heim og huslyd og arbeidet for livsupphaldet. Og «styggen» til fela kom vel av at ho var med i leik og lag og dans og ståk og jamt fyll og slagsmål. Og då kunde domarane ikkje skilja millom årsak og verknad — einsynte som dei var på det viset. I privatlivet var bygdespelmannen jamnast lite vyrd - helst vannvyrd. Berre når han var i sitt beste lag i gjestebodet eller på leikplassen, og slåttane lydde som lokketonar, var det vellæte å høyra.

Den lagnaden hadde ogso Ola Hamre. Noko kom det vel ogso av at han var ein særling i mangt og mykje, og at han var skeivøygd og lite å sjå på for auga — både i skapnad og fakt og ferd. I den elege heimen hjå mor hans var det for lite av, stutt sagt, alt, so Ola måtte i tidleg alder ut og tena sitt eige brød. Men fela var med han og slåttane i han. I ungdomstidi hans var det ei uvanleg rik bløming for den nasjonale musikken i Valdres. Jørn Hilme var endå i god form. Og læregutane hans, Knut Ringestad, Gullik Teigstol, Ola Hogset, Andris Johme, Knut Gudleikson m. fl., alle frå Slidre, og Krøsshaugen frå Vang, Bendik i Nø'n og Nils og Trond, sønerne til Hilme frå Aurdal, var i sin beste alder og kraft - alle i same tidsbolk.

Ola Hamre var tenestegut på gardane i Slidre og hadde soleis lite høve til å læra beinveges av meisteren. Då var det å laga seg soleis at han kunde læra noko umveges. Dei sa at han tente på Ringestad ei 12—13 år mykje for å få vera saman med og læra av Knut Ringestad som hadde god råd og gode stunder. Der ljoma hardingfela dagen lang og til langt på natt stundom. Og i grannelaget livde Guliik Teigstol og Andris Johme som ogso hadde lært av Hilme. So der var det godt høve til å læra hilmespel - umveges.

Då Knut Ringestad gifta seg og kjøpte søre Røn, fekk Ola sett seg upp ei lite stova på Hamresbrøto på vestsida av Slidrefjorden. Der livde han saman med den gamle mor si — og då ho var død, livde han åleine mest alle sine dagar der. Livsupphaldet tente han med å spela i festar og gjestebod og elles med dagsarbeid på gardane - som onnearbeid i sumartidi og tresking og vedhogst um vinteren so lenge han var arbeidsfør.

I dei einsame stundene i heimen var fela den einaste hygge. Når han hadde brent kveldselda på peisen — slikt som omn måtte ikkje skjemma huset hans — og fenge ein kopp sterk kaffi, var det speling til langt på natt, so det høyrdest langande leid. Råka det då sumtid soleis at han tvila på den rette formi i ein slått, kunde han leggja i veg natt som dag til den gamle venen og yrkesbror sin, Knut Ringestad på Røn. Han laut få ei vissa og læra — um det vanta noko. Det er ei god norsk mil frå Hamre ti1 Røn, so ein kan ikkje seia han var kvidefull eller spara seg når det galdt å reindyrka kunsti. Soleis var han i adle måtar.

Han var strengt religiøst innstilt og hadde fare Bibelen sin igjennom til endes. Og var det noko der som han ikkje fekk full sameining i, so for han over fjorden til presten, seint eller tidleg. Han vilde få sjelefred ved ei utgreiding av tvistemålet.

I det daglege livet var han i mangt og mykje ein raring og einstyving, so han var ikkje alltid lett å koma tillags med. Jamvel fela kom han i strid med til sine tider. Ei naufin og god fela søkkte han ned i Slidrefjorden i illsinne, fordi han ikkje fekk ho til som han vilde. Og um ei ny fela han hadde kjøpt hjå den kjende felemakaren Nils Øygarden på Belgum i Ulnes fortalde han meg ein gong: «Med same eg fekk ho, tykte eg ho var noko stiv og tungspelt. Eg prøvde ho ut fleire gonger, men fekk ho ikkje til som eg vilde. So var det ein dag eg tok ho fyre meg -- fyrst i høgsætet, so i kroken ved sengi mi, deretter på peiskrakken og til slutt ved fatskåpet attum døri. Men då ikkje «svinet» vilde der heller, då var det no ikkje fenge fyrr ho sat i hine vegge då.» Han kasta ho rett og slett imot veggen tvers over huset, so ho gjekk i små bitar.

På søre Hamre i ein skyttarfest hadde han ein hard strid med ei fela han ikkje fekk til å syngja ut som han vilde det. Då reiste han seg upp i høgsætet, gjekk over golvet og burt til ei seng som stod i ei krå og slog fela mot sengestolpen so ho gjekk i stykke.

Som den einstyving han var, gjekk det trått for oss unge den tidi å få læra noko av han. Einaste rådi var då å taka med seg kaffi og koka kaffien so sterk at han spratt av perlor i koppen. Då kunde han koma retteleg i godlag, og då kunde ein få læra av han med. Brennevin brydde han seg lite um. Ikkje soleis at han var fråhaldsmann, men hadde han valet, so tok han heller ein kopp sterk kaffe enn drammen. Når han i sine gamle dagar kom i retteleg godt lune og fekk fela til som han meinte ho skulde vera, kunde han brått taka soleis til ords: «Å Herre, min levande gud, ko fint det no læt.» Eller når han spela av det sjeldsynte lydarlætet etter Hilme, kunde han seia: «Når eg i unge år spela dessa låttane og fekk dei til som dei skulde vera, då var det ikkje lenge fyrr ho støkk tåri hjå dei som høyrde på.» Ja, for han kunde spela dårande fint når han fyrst kom ilag. Sers var det lydarlæte, huldreslåttar og brude-slåttar han spela so hugtakande fint. Og av det kunde han ei, uhorveleg mengd. Framum andre var det ein han kalla «Den vande låtten» han trylte åhøyrarane med. Og den tok han med i si grav. Både Ivar Ringestad og eg freista å få læra han, men det var heilt rådlaust. Me fekk berre det fyrste veket. Endå me vel kan seia, båe, at me lærde det meste og beste av «Brøtagute» - og det einaste og siste som no er att av ekte hilmespel.

Spelet hans var dåmrikt og skirslefint og var ført fram med stor kraft og med uvanleg mykje dobbeltgrip og ristetak (triolar). Ja - - endåtil firolar hadde han i slåttar som «Hilmerengja» og «Heksedansen» etter Hilme. Og han hadde vek i sume slåttar der han stengde eine strengen med veslefingren og fingra med dei tri andre — jamvel fleire stader i same slått, og kraftige ristetak attåt. Kom han i rette draget i eit ilag, so hadde han eit merkeleg dragsug i spelet sitt. Ein morbror min, Nils P. Neste i Vestre Slidre, hev fortalt meg um eit talande prov på makti og venleiken i spelet hans.

Det var 3 brudlaup i same grend i i V. Slidre, same dagen, eit i Viken, eit i søre Skrøviken og eit i Bakko rett ovanfor. Ola spela i Skrøviken og tvo andre på dei andre stadene - gode spelmenn dei med. Men då Brøtaguten kom i retteleg lune ut på morgonsida, då var både spelmennene og det meste av brudlaupsgjestene i dei tvo andre brudlaupi ogso komne til Skrøviken og lydde i undring på det formfine, hugtakande spelet. Det song og ljoma i alle veggar.

Han var ein trufast og sann dyrkar av folkemusikken og den siste tolkaren av Hilme-spelet i Slidre. Og han er det å takka at me no hev att so mykje av spelet til Jørn Hilme som me hev - og heilstøypt og ekte som han hadde det etter Jørn.

Då Ola Hamre vart so gamal at han ikkje lenger kunde reknast som fullfør arbeidskar på gardane, laut han sjå seg um etter «småjobbar» so han kunde tena litt til det daglege brødet. Soleis var han som gamal mann dørvaktar ved Slidredomen. Og når ringjarane ikkje ringde dei ovgilde kyrkjeklokkene so dei gav den samljod dei skulde, kunde ein sjå ein sår grin over andletet på dørvaktaren -som han gleinte upp imot stupulen alt i eitt. Det var det vakne, harmoniske musikkglimt i sjeli hans som vart såra! — Men han sa ikkje noko, — einsam som han var, hadde han lert seg til å halda for seg sjølv det vonde som det gode.

I heimen min, på Moe i Vestre Slidre, var han tidt og skulde få litt til livsupphaldet: eit mjølkespann, ein vedkubbe til peiselda m. v. Soleis hugsar eg at godmor mi ein gong våga seg til å spyrja han korleis det bar til at han ikkje hadde gifta seg. Det var eit vågsamt spursmål som ikkje hadde vorte tolt av kven som helst. Men han tok det med tol og svara: «Eg hadde nok ei i tankane ei tid -ei eg heldt mykje av - men ho fekk no aldri vita um det. Eg fekk låta i brudlaupet hennar, eg, og med tid var eg best faren - og sikkert ho med. Eg hev eit so bråfust lynne at det vi1de aldri vorte vel med eit ekteskap.»

Einsam som han livde der i veslestova si på Hamrisbrøto, kunde det gå so ilenge han var før til å koma upp og ut mellom folk i grannelaget etter det han trong.

Men då han til slutt vart skral og nedfor, måtte bygdi taka seg av han. Den siste tidi vart han burtleigd til folket i Presthaugo. Der døydde han 10/3 1896.

Olav Moe.